3.21. Strek opp bane

Kommandoen Strek opp bane teiknar ein strek langs ein bane. Du kan anten teikna denne streken direkte, eller du kan velja å gjera dette med eit av teikneverktøya. I tillegg kan du velja mellom fleire utsjånader for streken.

[Notat] Notat

Denne kommandoen er berre aktivert når det er ein bane i biletet.

3.21.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerStrek opp bane.

  • Du kan også aktivera kommandoen ved å trykkja på knappen med det same namnet i banedialogvindauget.

3.21.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.24. Dialogvindauget «Vel strøkstil»

Dialogvindauget «Vel strøkstil»

Dialogvindauget Vel strøkstil gjev deg høve til å velja mellom å streka opp banen med dei innstillingane du spesifiserer eller å streka han opp med eitt av teikneverktøya. Dersom du vel eit teikneverktøy, vert innstillingane for dette brukte.

Strek opp linje

Streken vert teikna med gjeldande forgrunnsfarge slik han er sett i verktøykassa. Ved å klikka på teiknet framføre Strekstil kan du utvida dialogvindauget og få tilgang til fleire ulike innstillingar:

Strekbreidde

Her kan du bestemma kor brei streken skal vera. Normalt vert denne oppgjeve i pikslar, men du kan også velja andre måleeiningar i rullefeltet.

Einsfarga / mønsterelement

Du kan velja om linja skal teiknast som heiltrukke eller som mønster. Her er heiltrukke og mønster forskjelleg frå strekmønsteret. Viss du vel ei heiltrukke linje utan strekmønster, vert det teikna ei ubroten linje med forgrunnsfargen frå verktøykassa. Viss du vel ei mønstra linje utan strekmønster, vert det teikna ei ubroten linje med mønsteret frå verktøykassa. Viss du vel ei linje med eit strekmønster, vert fargen eller mønsteret det som er sett i verktøykassa. Dette betyr at viss du vel eit marmorert mønster og stipla linjer med mønster, vert strekane teikna i det marmorerte mønsteret.

Linjestil

Denne nedtrekkslista opnar for ein del nye innstillingar:

  • Endestil: Her bestemmer du korleis avslutninga på opne banar skal sjå ut. Du kan velja mellom Butt, Rund og Kvadrat.

  • Koplingsstil : Her bestemmer du korleis hjørna skal sjå ut. Du kan velja mellom Fuge, Rund eller Skrå.

  • Fugegrense : Når to segment av ein bane vert «fuga» saman, vert overlappinga bestemt av fugegrensa. Med breie strekar utan fuging, vert samankoplinga skjemd av endar som stikk ut. Fugegrensa bestemmer korleis det opne gapet i samankoplinga skal fyllast ut. Du kan setje verdien mellom 0,0 og 100,0 ved hjelp av glidebrytaren, ved hjelp av rullefeltet eller ved å skriva i tekstboksen.

    Figur 16.25. Eksempel på fugeutfylling

    Eksempel på fugeutfylling

    Venstre: Grense=0. Høgre: Grense=5.


  • Strekmønster : Her vert strekmønsteret vist på pikselnivå som ein serie med små boksar. Dei svarte boksane representerer den delen av streken som har farge. Du kan forandra utsjånaden til streken ved å klikka på desse boksane. Klikkar du på ein svart boks, vert han kvit. Dette indikerer at streken ikkje vert teikna. Klikkar du på ein kvit boks, vert han svart. Dei grå områda viser korleis streken vert repetert når prikkelinja vert teikna.

  • Definerte strekar : I nedtrekksboksen kan du velja mellom ein heil del ferdigdefinerte strekmønster. Mønsteret vert vist i Strekmønster for å gje deg ein ide om korleis det ser ut.

  • Kantutjamning : Kurva strekar og strekar som vert teikna på skrå, vert lett nokså taggete. (Sjå biletet ovanfor). Kantutjamninga glattar ut streken.

Strek opp med eit teikneverktøy
Teikneverktøy

Her kan du velja kva teikneverktøy du vil bruka. Når du brukar eit teikneverktøy, vert dette brukt med dei innstillingane det har i verktøykassa.

Etterlikn penseldynamikk

Sjå penseldynamikk.