4.7. Frå bane

Kommandoen Frå bane omformar den aktive banen til eit utval. Dersom banen ikkje er lukka, vert dei to endepunkta bundne saman med ei rett linje. Den originale banen er uforandra.

4.7.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne kommandoen frå menylinja i biletvindauget via UtvalFrå bane.

  • Du kan også klikka på knappen Bane til utval () i banedialogvindauget for å utføra denne kommandoen.

  • Endeleg har du tastesnarvegen Shift+V.