2.4. Fargekart for indekserte fargar

Figur 15.17. Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart

Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart
Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart

Dialogvindauget med fargekart for indekserte fargar (også kalla indeksert palett) vert brukt for å redigera fargane i eit indeksert bilete. Dersom biletet er i RGB- eller gråskalamodus, vil dialogvindauget vise ein palett utan fargar. Dette er eit dialogvindauge som kan limast inn i andre vindauge. Sjå Dialogar og samlevindauge om korleis du kan bruka dette.

2.4.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeFargekart

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneFargekart

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: VindaugeFargekart.

2.4.2. Fargekart og indekserte bilete

I eit indeksert bilete får kvar piksel farge frå ein bestemt stad på fargekartet og ikkje, slik som i gråskalabilete eller RGB-bilete, frå fargen direkte. Når fargen for ein piksel skal visast, finn GIMP verdien av pikselen og hentar den fargen som ligg på tilsvarande stad i fargekartet.

For å finne fargen ein bestemt piksel skal ha, ser GIMP på indeksen til fargekartet for biletet. Kvart indekserte bilete har sitt eige fargekart. I GIMP kan dette kartet innehalde opp til 256 ulike fargar. I eit fullt fargekart har altså kvar indeks frå 0 til 255 sin unike farge. Det er ingen restriksjonar på kva farge som kan brukast og heller ikkje på rekkefølgja av ei.

Det er viktig å vere klar over at fargane i fargekartet er dei einaste tilgjengelege fargane i eit indeksert bilete. Du kan gjere forandringar i fargekartet, men ikkje hente inn fargar til biletet frå andre stader enn frå kartet. Dette kan påverka mange av operasjonane du kan gjere på eit bilete. Bruker du for eksempel mønsterfyll, vil GIMP ikkje alltid finne den eksakte fargen i fargekartet men må slumpe litt og bruke den fargen som ligg nærast den ønskte fargen. Dette vert ofte kalla kvantisering. Dersom fargekartet er lite, altså med få fargar, kan dette resultere i nokså dårleg kvalitet.

Ved hjelp av fargekartdialogen kan du gjere endringar i fargekartet for eit bilete, anten ved å lage nye oppføringar eller ved å endre fargane i eksisterande oppføringar. Dersom du forandrer fargen for ein indeks, vil du sjå at alle pikslane som refererer til denne indeksen forandrar farge. Elementa er nummerert frå 0 i øvre, venstre hjørne, 1 på den neste osv.

2.4.3. Å bruke fargekartdialogen

Her er eit oversyn over operasjonar du kan gjere med denne dialogen:

Klikke på ein farge

Den fargen du klikkar på vert forgrunnsfargen vist i verktøykassa. Det er denne fargen som vert brukt som strekfarge på teikneoperasjonane.

Ctrl-klikk på ein farge

Den fargen du Ctrl-klikkar på vert bakgrunnsfargen vist i verktøykassa.

Dobbeltklikk på ein farge

Dette gjer fargen til forgrunnsfarge, men opnar også fargehandteraren slik at du kan velje ein ny farge for denne indeksen.

Fargeindeks

Du kan markere ei fargeoppføring ved å skrive inn indeksnummeret, eller bruke pilknappane til høgre.

HTML-notasjon

Her vert hexkoden for fargen vist. Kan vere nyttig dersom du skal bruke fargen i HTML-kode, altså i nettsider. Du kan også redigere fargen ved å skrive inn ny hexkode. Du finn meir om dette i ordlista under html-notasjon.

Rediger farge

Du kan også bruke denne knappen nede i venstre hjørne, for å hente fram fargehandteraren for å redigere aktiv farge i fargekartet. Skilnaden frå dobbeltklikkinga, er at når du bruker denne knappen, vert ikkje fargen sett til forgrunnsfarge.

Legg til farge

This button (at the bottom of the dialog) allows you to add new colors to the colormap. If you click on the button, the current foreground color, as shown in the Toolbox, will be added to the end of the colormap. If instead you hold down Ctrl and click, the background color from the Toolbox will be added.

[Notat] Notat

The colormap can not contain more than 256 entries. If it already has 256 entries, trying to add a color will have no effect.

Select all pixels with this color

This button allows you to select all pixels with this color. To add to the selection, use Shift buttonclick, to subtract use Ctrl buttonclick, and to intersect with the current selection use Shift+Ctrl buttonclick.

[Tips] Tips

Skulle du gjere ein feil, kan du tilbakestille fargekartet ved å setje peikaren på biletet med det aktuelle fargekartet og trykke tastekombinasjonen Ctrl + Z eller bruke RedigerAngre i biletmenyen.

[Notat] Notat

Dersom du bruker ein farge som ikkje finst i fargekartet, vil GIMP bruke den fargen i fargekartet som kjem nærast.

2.4.4. Lokalmenyen for fargekartet

Dersom du høgreklikkar på ein farge i fargekartet, vert denne fargen vald og ein undermeny vert opna:

Figur 15.18. Lokalmenyen for fargekartet

Lokalmenyen for fargekartet

Rediger farge

Denne kommandoen opnar fargeveljaren slik at du eventuelt kan endre fargen.

Ny farge frå FG

Denne kommandoen legg forgrunnsfargen i verktøykassa til fargekartet. Dette valet er berre tilgjengeleg dersom den indekserte paletten har mindre enn 256 fargar.

Legg til farge frå BG

Denne kommandoen legg bakgrunnsfargen i verktøykassa til fargekartet. Dette valet er berre tilgjengeleg dersom den indekserte paletten har mindre enn 256 fargar.

Select this Color

This selects all pixels in the image which have the chosen palette index.

Legg til i utvalet

Adds all pixels in the image which have the chosen palette index to the selection.

Trekk frå utvalet

Subtracts all pixels in the image which have the chosen palette index from the selection.

Snitt med utvalet

Intersect all pixels in the image with the chosen palette index with the current selection.

Ordne fargekartet på nytt

Denne kommandoen er omtalt i Del 8.35, «Ordne fargekartet på nytt».