4.8. Utvalshandsamaren

Kommandoen Utvalshandsamaren opnar eit dialogvindauge som viser utvalet i det aktive biletet. Det er eigentleg ikkje meininga at du skal arbeida direkte på utvala frå dette vindauget, men du får tilgang til ein del knappar med ulike kommandoar. Har du «utvalshandsamaren» framme, er det enklare å byta mellom ulike kommandoar ved å klikka på desse knappane enn å leita dei fram frå biletmenyen. Utvalshandsamaren tilbyr også ein del avanserte innstillingar for kommandoen «Utval til bane».

4.8.1. Aktivering

Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via UtvalUtvalshandsamar.

4.8.2. Beskriving av dialogvindauget for «utvalshandsamaren»

Figur 16.31. Dialogvindauget for «utvalshandsamaren»

Dialogvindauget for «utvalshandsamaren»

Knappane

Dialogvindauget for «utvalshandsamaren» inneheld fleire knappar som gjev deg lett tilgang til ulike kommandoar:

Visingsvindauget

I dette vindauget vert dei utvalde områda viste med kvit farge, dei områda som ikkje er utvalde med svart, og delvis utvalde område i ulike grader av grått. Klikkar du i dette vindauget, er dette det same som å klikka på verktøyet Vel etter farge. Sjå eksemplet nedanfor.

Figur 16.32. Resultatet av å klikka i vindauget til «utvalshandsamaren»

Resultatet av å klikka i vindauget til «utvalshandsamaren»

Klikk på vindauget til «utvalshandsamaren» for å utføra «vel etter farge». Til venstre biletet slik det ser ut i «utvalshandsamaren» og til høgre slik det ser ut i biletvindauget etter at du har brukt «vel etter farge».


4.8.3. Dialogvindauget «Avanserte innstillingar for utval til bane»

Figur 16.33. Dialogvindauget for «avanserte innstillingar»

Dialogvindauget for «avanserte innstillingar»

Dialogvindauget «Avanserte innstillingar for utval til bane», som du får fram ved å halde nede tasten Shift medan du klikkar på knappen Utval til bane, inneheld ein heil del innstillingar. Dei fleste kan setjast med glidebrytar, innskrivingsboks eller i eitt tilfelle også med avkryssingsboks. Dei aller fleste greier seg med nomalinnstillingane, men her er nokre forklaringar for dei som måtte ha bruk for å gjera endringar (Dialogvindauget er av ein eller annan grunn ikkje opna for omsetting):

  • Juster terskel: Dersom to endepunkt er nærare kvarandre enn denne grensa, vert dei kopla saman til eitt punkt.

  • Hjørne alltid terskel: Dersom vinkelen definert i eit punkt, og vinklane like før og etter er mindre enn denne, vert punktet definert som eit hjørne, sjølv om det er innføre Hjørneomgjevnadar pikslar til eit punkt med mindre vinkel.

  • >Hjørneomgjevnadar: Kor mange punkt som skal telja med om eit punkt er eit hjørne eller ikkje.

  • Hjørneterskel: Dersom eit punkt, og punkta like før og etter, definerer ein vinkel mindre enn dette, er det eit hjørne.

  • Feilterskel: Feilgrensa for når ei spline [8] ikkje kan aksepterast. Dersom ein av pikslane er utanfor grensa, vil programmet prøva algoritmen på nytt.

  • Filter alternative-omgjevnadar: Ei anna rekkje av tilhøyrande tal som skal takast omsyn til ved filtrering.

  • Filter epsilon: Dersom vinklane mellom vektorane laga av Filteromgjevnadar og Filter alternative-omgjevnadar har større skilnad enn dette, bruk i staden data frå Filter alternative-omgjevnadar.

  • Talet på filtergjentakingar: Kor mange gonger originalpunktet skal glattast ut. Aukar du dette talet dramatisk, til t.d. rundt 50, kan resultatet verta merkbart betre. Men dersom det ikkje finst eit punkt som verkeleg skulle vera eit hjørne, kan kurvene verta nokså ville rundt dette punktet.

  • Filterprosent: For å laga eit nytt punkt, bruk verdien av det gamle punktet pluss dette talet multiplisert med verdien av nabopunkta.

  • Filter sekundære omgjevnadar: Talet på nærliggjande punkt som skal reknast med dersom Filteromgjevnadar definerer ei rett linje.

  • Filteromgjevnadar: Kor mange tilliggjande punkt som skal telja med ved filtrering.

  • Behald knea: Bestemmer om «knepunkta» skal fjernast eller ikkje etter at omrisset er funne.

  • Linjereverseringsterskel: Dersom ei kurve er nærare ei rett linje enn denne verdien, vil kurva framleis vere ei rett linje sjølv om ho elles ville vorte endra til ei bøygd kurve. Dette vert vekta med kvadratet av kurvelengda for å gjera det enklare å tilbakeføra korte kurver.

  • Linjeterskel: Kor mange pikslar, i gjennomsnitt, ei kurve kan divergera frå ei linje som er definert ut frå endepunkta, før ho vert endra til ei rett linje.

  • Reparametriser forbetring: Dersom omparametringa ikkje forbetrar tilpassinga med meir enn denne prosenten, stopp forsøket.

  • Reparametriser terskel: Feilgrense for når det er nyttelaust å omparametrisere. Dette kan oppstå når t.d. algoritmen prøver å tilpassa seg omrisset av ein «O» med ei enkel kurve. Den endelege tilpassinga er ikkje god nok for Newton-Raphson repetisjonane til at resultatet vert ei forbetring. Kan hende ville det vera betre å finna dei tilfella der algoritmen ikkje finn nokre hjørner.

  • Vidaredeling av søk: Kor mange prosent kurva kan fjerna seg frå det verste punktet for å sjå etter ein betre plass for å dela vidare.

  • Vidaredeling av omgjevnadar: Kor mange punkt som skal telja med når det skal avgjerast om eit gjeve punkt er ein betre stad for å dela vidare.

  • Vidaredeling av terskelen: Kor mange pikslar eit punkt kan avvika frå ei rett linje og likevel vera ein betre plass for vidare oppdeling.

  • Tangensomgjevnadar: Kor mange punkt som skal telja med på kvar side av eit punkt når tilnærminga av tangentane til dette punktet skal reknast ut.



[8] «Spline» er eit matematisk uttrykk for ein funksjon som definerer ei kurve ved hjelp av seriar med kontrollpunkt. Eit eksempel på dette er bézierkurver.

Sjå Wikipedia for meir informasjon.