4.9. Mjuk kant

Kommandoen Mjuk kant vert brukt for å laga mjuke overgangar rundt utvalet. Til vanleg brukar ein innstillinga «Mjuke kantar» i verktøykassa for dette, men det er ingenting i vegen for å gjera operasjonen ein gong til med denne kommandoen.

4.9.1. Aktivering

Du får tilgang til denne kommandoen frå menylinja i biletvindauget via UtvalMjuke kantar.

4.9.2. Beskriving av dialogvindauget for «Mjuke kantar»

Figur 16.34. Dialogvindauget «Mjuke kantar»

Dialogvindauget «Mjuke kantar»

Mjuke kantar

Skriv inn breidda på den mjuke kanten. Normalt vert denne oppgjeve i pikslar, men du kan endra måleeining i nedtrekksmenyen.

Merkte område held fram utføre biletet

Viss utvalet er på biletkanten eller går utanfor denne, vil dette valet oppføra seg som om det valde området held fram utanfor biletet.

Figur 16.35. Eksempel

Eksempel

Original. Utval ved kanten.

Eksempel

Innstillinga vald. Den høgre kanten er ikkje sløra.

Eksempel

Valet er ikkje merkt