Kapittel 8. Kombinere bilete med GIMP

Innhald

1. Lag
1.1. Eigenskapar for laga
2. Lagmodus
3. Å oppretta nye lag
4. Laggrupper

1. Lag

You can think of layers as a stack of slides. Using layers, you can construct an image of several conceptual parts, each of which can be manipulated without affecting any other part of the image. Layers are stacked on top of each other. The bottom layer is the background of the image, and the components in the foreground of the image come above it.

Figur 8.1. An image with layers

An image with layers

Layers of the image

An image with layers

Resulting image


There is no limit, in principle, to the number of layers an image can have: only the amount of memory available on the system. It is not uncommon for advanced users to work with images containing dozens of layers. You can group layers to make your work easier, and you have many commands to handle layers.

Organiseringa av biletlaga vert vist i lagdialogen. Dette er det viktigaste dialogvindauget i GIMP etter verktøykassa. Utfyllande omtale kan du finne i Del 2.1, “Lagdialogen”. Her skal vi berre sjå på nokre av bruksområda og eigenskapane til laga.

Alle opne bilete har også eit enkelt aktivt teikneområde. Eit «teikneområde» kan i denne samanhengen vere eit lag, men også fleire andre ting, som kanalar, lagmasker og utvalsmasker. (Eit «teikneområde» er i GIMP definert til å vere alt som det er råd å teikne på med ulike teiknereiskap). Det aktive laget er markert i lagdialogen. Ønskjer du å skifte lag, kan du klikka på det ønskte laget. Namnet på det aktive laget vert også vist i meldingsområdet på biletvindauget. Dersom ingen av laga er markerte i lagdialogen, betyr det at det aktive teikneområdet er noko anna enn eit lag.

In the menu bar above an image window, you can find a menu called Layer, containing a number of commands that affect the active layer of the image. The same menu can be accessed by right-clicking in the Layers dialog.

1.1. Eigenskapar for laga

Kvart lag i eit bilete har fleire viktige eigenskapar:

Namn

Kvart lag får automatisk sitt eige namn når det vert oppretta. Du kan endre namnet ved å dobbeltklikka på laget i lagdialogen, eller høgreklikka og deretter velje Rediger lagattributta øvst på menyen.

Med eller utan alfakanal

Alfakanalen inneheld informasjon om kor gjennomsiktig laget er og kvar det er gjennomsiktig ved å styre gjennomsikta for kvar piksel i laget. Dette er synleg i kanaldialogen ved at kvit representerer fullstendig ugjennomsikt, svart fullstendig gjennomsikt og gråtonene delvis gjennomsikt.

Bakgrunnslaget er noko spesielt. Dersom du nettopp har oppretta eit nytt bilete, har dette biletet berre eitt lag, bakgrunnslaget. Dersom biletet vart oppretta med ein ugjennomsiktig fylltype, vil dette laget helle ikkje ha nokon alfakanal. Dersom du oppretter eit nytt lag, sjølv om det er med ugjennomsiktig fyll, vert det automatisk lagt til ein alfakanal i dette laget. Alle laga, utanom bakgrunnslaget, vil nemleg automatisk få tillagt alfakanal. Du kan legge inn ein alfakanal også i bakgrunnslaget ved å lage eit nytt bilete med gjennomsiktig fylling, eller bruke kommandoen legg til alfakanal.

Mange operasjonar kan ikkje utførast utan at alfakanalen er til stades. Dette gjeld for eksempel å flytte eit lag opp i stabelen. Sjølvsagt kan du heller ikkje utføre operasjonar som går på kor gjennomsiktig laget skal vere utan å ha alfakanalen til stades.

Eksempel på alfakanal. 

Figur 8.2. Alfakanaleksempel: originalbiletet

Alfakanaleksempel: originalbiletet

Biletet har tre lag der kvart av dei er farga med rein, fullstendig ugjennomsiktig farge. Eit raudt, eit blått og eit grønt lag. Kanaldialogen viser at det også er ein alfakanal («Alpha»). Denne kanalen er kvit fordi biletet er ugjennomsiktig i og med at minst eitt av laga er fullstendig ugjennomsiktig (100 % dekkevne). Det raude laget er det aktive. Sidan dette er farga med rein raud, finst det ikkje blått eller grønt i dette laget. Difor er den grøne og den blå kanalen svart.


Figur 8.3. Alfakanaleksempel: eitt gjennomsiktig lag

Alfakanaleksempel: eitt gjennomsiktig lag

Den venstre delen av det første (øvste) laget er gjort gjennomsiktig (rektangelutval + rediger/tøm utvalet). Det andre laget, det grøne, er synleg. Alfakanalen er framleis kvit sidan det er minst eitt ugjennomsiktig lag i biletet.


Figur 8.4. Alfakanaleksempel: to gjennomsiktige lag

Alfakanaleksempel: to gjennomsiktige lag

Den venstre delen av det andre laget er gjennomsiktig. Det tredje, blå laget er synleg gjennom det første og det andre laget. Alfakanalen er framleis kvit sidan det er minst eitt ugjennomsiktig lag i biletet.


Figur 8.5. Alfakanaleksempel: tre gjennomsiktige lag

Alfakanaleksempel: tre gjennomsiktige lag

Den venstre delen av det tredje laget er gjennomsiktig. Alfakanalen er framleis kvit, altså ugjennomsiktig. Bakgrunnslaget har ingen alfakanal og då verkar kommandoen «tøm utvalet» på same måten som viskelêret og bruker bakgrunnsfargen frå verktøykassa.


Figur 8.6. Alfakanaleksempel: Alfakanal er lagt til bakgrunnslaget

Alfakanaleksempel: Alfakanal er lagt til bakgrunnslaget

Ved hjelp av kommandoen LagGjennomsiktLegg til alfakanal, som berre er tilgjengeleg for bakgrunnslaget, har vi gjort også bakgrunnslaget gjennomsiktig. Den venstre delen av biletet er fullstendig gjennomsiktig og vil få fargen til sida det ligg på. Den venstre delen av miniatyren av alfakanalen i kanaldialogen er svart, altså gjennomsiktig.


Lagtype

Lagtypen vert bestemt av bilettypen (sjå førre seksjonen) og om alfakanalen er til stades eller ikkje. Her er dei lagtypane du finn i GIMP:

  • RGB

  • RGBA

  • Grå

  • GråA

  • Indeksert

  • IndeksertA

Hovudgrunnen til denne oppdelinga, er at dei fleste filtra i Filter-menyen berre aksepterer nokre få lagtypar og vert gråmarkerte i menyen dersom det aktive laget ikkje kan bearbeidast med filteret. Ofte kan du ordna på dette ved å endra bilettypen eller ved å legge til eller ta bort alfakanalen.

Synleg eller usynleg

Du kan gjere eit lag usynleg, utan å øydelegga det, ved å klikka på augesymbolet i lagdialogen. Eit nytt klikk på auget gjer laget synleg igjen. Dei fleste operasjonane handterer eit lag som er avslått på denne måten som eit ikkje eksisterande lag. Når du arbeider med eit bilete med mange lag med varierande dekkevne, kan det ofte vere lurt å slå av lag som ikkje er nødvendige for å få eit betre oversyn over dei laga du arbeider med.

[Tips] Tips

Dersom du held nede Shift-tasten og klikkar på augesymbolet, vert alle laga unntatt det du klikka på gøymde.

Active layer

Usually, you activate a layer, to work on it, clicking it in the layer list. When you have a lot of layers, finding which layer an element of the image belongs to is not easy: then, press Alt and click with Mouse wheel on this element to activate its layer. The available layers will be looped through (starting from the upper one) while the Alt is held and the picked layer will be temporarily displayed in the status bar.

Lenke saman lag

Dersom du klikkar mellom augeikonet og biletet av laget, dukkar det opp eit lenkesymbol. Når dette er synleg, kan du gruppera lag for å arbeide på fleire lag samstundes for eksempel med flytteverktøyet og transformeringsverktøya.

Figur 8.7. Lagdialogen

Lagdialogen

Raud: Lenka saman med andre lag. Gul: Synleg


Storleik og grenser

I GIMP er det slik at grensene for eit bilete og grensene for laga i dette biletet ikkje treng vere dei same. Når du t.d. legg inn tekst, vert kvar tekstdel lagt inn i kvar sitt lag. Kvart av desse laga vert akkurat store nok til å gi plass til teksten. Det same skjer når du lager eit nytt lag ved å klippe og lime. Det nye laget vert akkurat så stort at det er plass til objektet du limte inn. Grensene for det aktive laget vert markerte med ei svart og gul prikkelinje.

Det er litt viktig å hugse på dette, fordi du kan ikkje gjere noko som helst på eit lag utanfor grensene. (Du kan ikkje arbeida med noko som eigentleg ikkje finst). Dersom dette skaper problem, kan du endre på storleiken med ein av dei kommandoane som ligg nedst på Lag-menyen.

[Notat] Notat

Kor mykje minne eit lag bruker, er avhengig av storleiken på laget, ikkje av innhaldet. Difor kan det lønne seg å setje storleiken på laga til eit minimum dersom du arbeider med store bilete eller på bilete med mange lag.

Dekkevne

Dekkevna til eit lag bestemmer kor mykje av fargane frå dei underliggande laga som skal vere synlege. Altså kor gjennomsiktig laget skal vera. Dekkevna vert sett på ein skala frå 0 til 100, med 0 som fullstendig gjennomsiktig (transparent) og 100 som fullstendig ugjennomsiktig (opakt).

Modus

Med modus til laget meiner ein korleis fargane i laget vert kombinerte med fargane frå laga under. Dette er såpass vanskeleg og samstundes så viktig, at det fortener eit eige avsnitt. Sjå Lagmodus.

Lagmaske

I tillegg til alfakanalen, er det også ein annan måte å kontrollera kor gjennomsiktig eit lag skal vere, nemleg ved å legge til ei lagmaske. Dette er eit ekstra gråskalalag som vert lagt til laget. Du kan bruke alle teiknereiskapa på denne maska. Lagmaska vert ikkje lagt til automatisk, så du må gjere dette manuelt dersom du har behov for maska. Du finn nærare omtale av lagmasker i Del 2.1.3, “Lagmasker”.