7.34. Legg til alfakanal

Legg til alfakanal: Alfakanalen styrer gjennomsikt i biletet. Normalt vert det lagt til ein alfakanal i lagdialogen så snart du har meir enn eitt lag. Berre bakgrunnslaget er til vanleg utan alfakanal, men du kan leggja til ein også her med denne kommandoen.

7.34.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå menylinja via LagGjennomsiktLegg til alfakanal.

  • I tillegg har du tilgang frå lagdialogen ved å velje Legg til alfakanal på lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar.