Dette filteret genererer eit normalt kart ut frå eit høgdekart. Dette er eit tidleg arbeid, og vert nok mykje endra etter kvart.
Me vil bruka eit høgdekart laga med Del 14.8, «Simplex-støy»:
Figur 17.186. Eksempel på «Normalt kart»
Høgdekartet
Filteret brukt med standard innstillingar. Dette gjev det normale kartet
![]() |
Notat |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Kor mykje høgdeverdiane vert skalerte: auk eller minst ruglene.
Skaler = 2
Komponenten brukt for X- og Y-koordinata: Du kan velja mellom dei tre RGB-fargane for ruglene.
Merk at viss du endrar desse verdiane vert det lagt nye fargar til fargane som finst frå før, noko som gjev komplementærfargane.
Spegelvend X, Y-koordinata: spegelvend ruglefargane vassrett og loddrett. Ruglene har ein tydeleg kant og ein motsett mørk kant, noko som gjev ei kjensle av at lys kjem frå ei bestemt retning. For å sjå ruglene i staden for hola, må lyset koma frå øvre, venstre hjørne. Leik med spegelvend X og spegelvend Y for å få denne lyssetjinga.
Etter å ha leikt med spegelvend X og spegelvend Y
Bruk heile området [0, 1] for å koda Z-koordinata: Du kan få ein meir brå fargeovergang.
Genererer eit kart som kan flisleggjast: