2. Felles eigenskapar

Dei fleste filtra er GEGL-filter. GEGL er biblioteket med biletprosessar brukte av GIMP. Desse filtra har mange innstillingar felles, nokre av dei vert viste berre i spesielle omstende.

Figur 17.1. Felles innstillingar for GEGL-filtra

Felles innstillingar for GEGL-filtra

Når eit utval er det gjeldande

(Merk at Styrke ikkje er eit felles alternativ, men eit val i filteret Støyreduksjon).

Felles innstillingar for GEGL-filtra

Når det gjeldande laget har alfakanal og ingen utval er i bruk

(Merk at Styrke ikkje er eit felles alternativ, men eit val i filteret Støyreduksjon).


Forval

Filterforvala svarar til verktøyforvala ved at du kan lagra favorittinnstillingane dine og seinare henta dei tilbake når du treng dei. Dei består av:

  • Ei nedtrekkslistesom viser det gjeldande forvalet og gjev deg høve til å velja eit anna.

  • Eit ikon for å lagra den gjeldande innstillinga som eit namngjeve forval.

  • Eit ikon som opnar ein meny med val for å importera forval frå ei fil, eksportera det gjeldande forvalet til ei fil og handsama forvala.

Inngangstype
[Notat] Notat

Nedtrekkslista for inngangstypar er synleg berre når eit utval er i bruk.

  • Bruk utvalet som inngang: Viss dette valet er merkt, vil filteret bruka berre pikslar inne i utvalet som inngang for filteret.

  • Bruk heile laget som inngang: Viss det er merkt av for denne, vert heile laget brukt som inngang for filteret. Utgangen vil påverka berre utvalet. Laget utføre utvalet vert uendra.

Klipping
[Notat] Notat

Nedtrekkslista for klipping er synleg berre når det gjeldande laget har ein alfakanal og ingen utval er i bruk.

Denne innstillinga bestemmer kva som skal gjerast når resultatet av filteret vert større enn det opphavlege laget.

  • Juster: Storleiken på laget vert endra automatisk når det er nødvendig. Dette er standard.

  • Klipp: Resultatet vert klipt til laggrensene.

Blandeinnstillingar

When you expand this option by clicking , you can choose the blend Mode to be used when applying the filter, and the Opacity. These work the same as the layer blending options.

Førehandsvising

Når dette valet er slått på (standard), vert endringar i filterinnstillingane synlege direkte på lerretet. Dei vert ikkje brukte på biletet før du trykkjer OK-knappen.

Filtera for å fletta saman

I utgangspunktet er GEGL-filtra brukt ikkje-destruktive som lageffektar, noko som betyr at dei seinare kan verta endra. Du kan slå på dette valet om du ønskjer å bruka dette filteret straks på sjølve laget.

Alternativet vert hugsa, så du treng berre å endra det éin gong viss du heile tida ønskjer å bruka filtera destruktivt.

Delt vising

Når dette valet er brukt, vert biletet delt i to delar. Den venstre delen viser resultatet av filteret, medan den høgre delen viser biletet utan at filteret er brukt.

[Notat] Notat

Du kan klikka og dra delelinja for å flytta ho. Trykk Ctrl-tasten for å gjera linja vassrett eller for å setja ho tilbake til loddrett.