I verktøyvindauget til Gimp finn du ni ulike teikneverktøy. Felles for alle desse verktøya er at dei lager merke på biletet på ein eller annan måte når du flyttar rundt på musemarkøren medan du held den venstre blyanten, malepenselen, sprøytepistolen og fyllepennen. Alle desse oppfører seg slik ein kan vente ut frå namna. Dei andre verktøya i denne gruppa blir brukte til andre føremål. Noen kjenner du kanskje igjen frå mørkerommet, andre frå vanleg teiknearbeid på papir eller lerret. Viskeleret viskar bort fargemerke medan konturpenselen blir brukt til å gjere deler av biletet skarpare eller meir utydeleg. utsmøringsverktøyet smører fargane utover slik at fargeovergangane blir mjukare. Kloneverktøyet blir brukt når du ønskjer å kopiera deler av biletet over på nye stader. Det siste verktøyet, avskygg/etterbelys, blir brukt for å gjere biletet eller deler av det, lysare eller mørkare.
nede. Fire av desse verktøya blir brukte til vanleg teikning. Det erTeikneverktøya kjem til sin fulle rett først når du nyttar teiknebrett (digitaliseringsbord). Musa er i slike tilfelle bare ei dårleg nødløysing, som heller ikkje kan gjerast trykkfølsam slik teiknebrettet kan det.
I tillegg til dei meir vanlege “rett fram metodane”, kan teikneverktøya også nyttast på ein automatisert måte ved å lage ei markering eller ein bane og deretter “stryke” over med eitt av verktøya. Alle teikneverktøya, med alle tilgjengelege innstillingar, kan brukast til dette, også viskelêret og liknande “ustandard” verktøy. Sjå nærare om dette under kapitlet strek opp markering.
Teikneverktøya kan brukast på alle typar lag, ikkje bare biletlaga. Du kan såleis teikne på lagmasker, kanalar og i markeringane. For å opna lagmasker eller kanalar for å kunne teikna på dei, må dei opnast frå lagdialogvindauget eller kanaldialogvindauget Den enklaste og mest presise måten å teikne på i ei markering er å bruke snarmaske
Ctrl: Denne tasten har ein spesiell effekt på alle tastane unntatt på fyllepennen. Held du nede Ctrl-tasten medan du bruker blyant, pensel, viskelêr eller utsmøringsverktøyet, vil verktøyet gå over til å bli ein fargehentar som du kan bruke til å hente forgrunnsfarge (eller, dersom du brukar viskelêret: bakgrunnsfarge) frå biletet. Dersom kloneverktøyet er aktivt, vil klikket setje referansepunktet for dette. For konturpenselen bytter Ctrl-tasten mellom modus for å gjere skarpare eller å sløra ut. For verktøyet Avskygging/Etterbelysning skifter Ctrl-tasten mellom desse to.
Shift: Denne har same effekten på alle teikneverktøya. Held du nede Shift-tasten vil verktøyet skifte til rett linje modus. Dette gjer du ved først å klikka på startpunktet og deretter trykke ned Shift-tasten. Så lenge du held denne tasten nede, vil du sjå ei rett linje mellom startpunktet og markøren. Klikkar du igjen, vil det nå bli teikna ei rett linje mellom dei to klikka. Du kan gjenta prosessen så mange gonger du ønskjer.
Ctrl + Shift: Held du nede begge desse tastane, set du det aktuelle verktøyet i ein avgrensa rett linje modus. Det tilsvarar å halde nede Shift-tasten åleine, men retninga på linja er avgrensa til å vere innføre 15º frå førre linja. Du kan bruke dette for å lage perfekte horisontale, vertikale eller diagonale linjer.
Mange av innstillingane er felles for fleire av teikneverktøya. Desse blir omtalt her. Innstillingar som gjeld spesielt for eitt eller noen få verktøy, blir omtalt saman med verktøya.
Denne glidebrytaren bestemmer kor transparent verktøyet skal vere, altså kor gjennomsiktig strøket blir. Dette er kanskje lettare å forstå dersom ein tenker seg at glidebrytaren lagar eit transparent lag over det aktive laget og arbeider på dette. Det er faktisk fullt mogleg å gjere det slik også. Lag eit transparent lag over det aktive laget og reguler dekkevna med glidebrytaren i lagdialogvindauget. Brytaren for dekkevne kontrollerer «styrken» til alle teikneverktøya, ikkje bare dei som teiknar på det aktive laget. Verknaden på viskelêret kan vere litt forvirrande i og med at dess høgare dekkevna er dess meir transparent er det.
Nedtrekkslista for modus gir deg valet mellom ulike relevante tilleggsmodus for dei ulike verktøya. På same måten som nemnd under dekkevne, kan det vere enklare å forstå verkemåten til dei ulike modus ved å tenke seg at dei arbeider på eit lag over det du eigentleg arbeider på, og så kombinerer desse laga i ein modus som blir sett i dialogvindauget for det øvste laget. Dei ulike måtane å blanda saman laga på, kan gi opphav til mange spesialeffektar. Denne lista er bare aktiv for verktøy som legg farge til biletet, altså blyanten, malepenselen, luftpenselen og kloneverktøyet. For dei andre verktøya er lista ikkje aktivisert. Du kan finne meir om ulike modus i kapitlet modus
Ein pensel tilsvarar i denne samanhengen spissen på teikneverktøyet. Altså kva slag avtrykk verktøyet skal gi. Du finn nærare omtale av desse i kapitlet penslar. Penslane er tilgjengelege for alle teikneverktøya unntatt fyllepennen, som brukar eit eige prosedyregenerert sett. Fargen på penselen blir bare sett når det er meiningsfullt, slik som for blyanten, malepenselen og sprøytepistolen. For dei andre teikneverktøya betyr penselvalet bare noe når det gjeld intensiteten til verktøyet.
Denne er bare aktuell dersom du nyttar teiknebord eller andre manuelle digitaliseringsverktøy. Denne funksjonen gir deg høve til å bestemma kva for bruksområde for teikneverktøyet som skal bli påverka etter kor hardt du trykker nåla mot teiknebrettet. Vala du har er dekkevne, harde kantar, grad, storleik og farge. Du kan kombinera så mange du vil av desse. For kvart verktøy blir bare dei funksjonane som er aktuelle lista ut. Her finn du ein omtale av funksjonane:
Sjå ovanfor.
Gjeld bare for reiskap med diffuse avtrykk. Dess hardare du trykker, dess mørkare vil dei diffuse områda av avtrykket bli.
Dette valet gjeld for sprøytepistolen, konturpenselen og utsmøringsverktøyet, altså dei verktøya som er tidsavhengige. Trykker du hardare på penselen, vil han arbeida raskare.
Dette valet er tilgjengeleg for alle trykkfølsame verktøya. Storleiken på penselen er i tilfelle avhengig av kor hardt du trykker på penselen.
Dette valet er tilgjengeleg for teikneverktøya blyant, målarpensel og sprøytepistolen dersom du hentar farge frå ein fargeovergang. Dess hardare trykk dess høgare i fargeovergangen blir fargen henta frå.
Gjer at fargen tonar gradvis ut langs den valde avstanden. Ved slutten av den valde avstanden, vil fargen vere heilt gjennomsiktig. Verknaden er lettast å sjå på målarverktøya, men gjeld faktisk for alle teikneverktøya. Dersom du nyttar teiknebrett, vil dette valet ikkje påverka effekten av penseltrykket.
Dersom denne er aktivert, kan du male fleire gonger på same staden for å forsterka fargen. Dersom Aukande ikkje er aktiv, vil fargen bare bli så dekkande (mørk) som du har bestemt med innstillinga for dekkevne. Dette valet er tilgjengeleg for alle teikneverktøya unntatt dei som har “grad”-kontroll. Desse har denne effekten innebygd. Sjå også Seksjon 2, “ Lagmodus ”.
Dette valet gjer at verktøya med diffuse kantar opptrer som om dei arbeidde i svart/kvit. Kan vere nyttig når du arbeidar med store forstørringar og ønskjer nøyaktig kontroll piksel for piksel.
Harde kantar er tilgjengeleg for alle maleverktøya unntatt blyant, malepensel og sprøytepistolen. Det er trass alt dei diffuse kantane som skil desse verktøya frå kvarandre.
Teikneverktøya bruker såkalla “sub-piksel utjamning”. Dette betyr at dei er sett opp slik at dei mest mogleg skal unngå sagtakka kantar og overgangar. Dette kan føre til at når du nyttar verktøy som skulle gitt harde kantar, kan oppleva at overgangane bare blir gradvis påverka av verktøyet. Dette vil normalt vere ein fordel, men skulle du ha behov for heilt skarpe overgangar, t.d. når du skal klippe ut noe eller arbeider på svært store forstørringa, kan dette vere ei ulempe. Det er to måtar å omgå utsmøringa på: 1. Bruk blyant. Kantutjamninga er ikkje aktivisert for denne. 2. For andre verktøy: merk av for “harde kantar” i verktøyalternativa dersom verktøyet har dette valet.