3.13. Utsmøring

Figur 12.42. Symbolet for “utsmøring” i verktøyskrinet

Symbolet for utsmøring i verktøyskrinet

Dette verktøyet bruker den aktive penselen for å smøre fargane utover i det aktive laget eller i den aktive markeringa. Verktøyet plukker opp farge under vegs og blandar med den neste fargen det møter. Du kan bestemme kor sterk utsmøringa skal vere.

3.13.1. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyUtsmøring,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen S.

3.13.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Shift

Gjer at verktøyet smører i rette linjer. Held du nede Shift-tasten medan du klikkar med venstre museknapp vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet.

3.13.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.43. Innstillingane for verktøyet “utsmøring

Innstillingane for verktøyet utsmøring

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøyskrinet

Grad

Med denne glidebrytaren kan du bestemme kor sterk utsmøringa skal vere for kvart strok. Dess høgare tal dess større verknad.