Dette verktøyet, som også blir kalla “bøttefyll” eller “flatefyll”, fyller ei markering med den gjeldande forgrunnsfargen. Dersom du held nede Shift-tasten medan du bruker fyllverktøyet, vil bakgrunnsfargen bli brukt i staden. Avhengig av korleis innstillingane for verktøyet er sett opp, vil heile markeringa bli fylt, eller bare dei biletpunkta tilsvarande det punktet du klikka på. I verktøyinnstillingane kan du også bestemma fargemetninga.
Fyllinga er også avhengig av korleis du har stilt inn fyllgrensene. Fyllgrensa bestemmer kor langt fyllinga skal spreie seg, tilsvarande slik tryllestaven verkar. Fyllinga byrjar der du klikka, og spreier seg utover til fargen eller alfaverdien blir altfor ulik originalen.
Når du fyller med farge i eit transparent lag, som t.d. bokstavar i eit tekstlag, kan du oppleva at kantane framleis inneheld den gamle fargen. Dette kjem av at fyllgrensa er sett for låg. Når grensa er sett låg, vil ikkje halvvegs gjennomsiktige pikslar bli endra. Dersom du ønskjer å fylla eit totalt gjennomsiktig lag, må du høgreklikka på biletet, eller gå til biletmenyen, og velje Ikkje endre gjennomsikt” (i lagdialogen) er avmarkert. Dersom denne knappen er aktivisert, vil bare dei ugjennomsiktige (opake) områda av laget bli fylt. Dersom du ikkje bruker “Vel alt”-kommandoen, vil bare dei ugjennomsiktige “øyane” du har klikka på få farge.
→ I tillegg må du forsikra deg om at knappen “Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet
eller med tastesnarvegen Shift + B.
Tastekombinasjonen Shift + B vil endre det aktive verktøyet til eit fyllverktøy.
Ctrl-tasten skifter mellom BG-farge (bakgrunnsfarge) og FG-farge (forgrunnsfarge).
Shift-tasten skifter mellom Fyll tilsvarande farge og Fyll alt. Hald tasten nede for å få til skiftet.
Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøyskrinet
Glidebrytaren for dekkevne set nivået for kor transparent fyllinga skal vere. Ei høgare innstilling gir ei meir opak (ugjennomsiktig) fylling. Altså betre dekkevne. Ein lågare verdi gir ei meir transparent (gjennomsiktig) fylling.
Modus bestemmer korleis fyllfargane skal blandast med fargane i biletlaget. Du kan velja modus i nedtrekksmenyen. Sjå meir om ulike modus i Seksjon 2, “ Lagmodus ”.
Trykker du på biletet av det aktive mønsterelementet, dukkar det opp ei liste over alle tilgjengelege mønsterelementa. Korleis lista blir presentert er avhengig av kva val du har gjort på dei fire knappane nedst på lista.
Gimp gir deg valet mellom tre ulike kjelder for å henta data for fyllinga, nemleg fyll med
Forgrunnsfarge: set den aktive forgrunnsfargen som fyllfarge.
Bakgrunnsfarge: set den aktive bakgrunnsfargen som fyllfarge.
Mønsterelement: set det aktive mønsterelementet som fyllfarge.
Normalt vil bare den fargen du har markert bli erstatta med fyllfargen. Her kan du velje at også lysare eller mørkare fargetonar skal erstattast. Kor stor slarken skal vere, bestemmer du med glidebrytaren nedst i dialogvindauget.
Fyller heile markeringa eller heile biletet om det ikkje er ei markering å fylle. Ein annan måte å gjere det same på, er å klikke-og-dra ønskt farge eller fargemønster frå verktøyskrinet og over i biletet eller markeringa.
Her har du to val:
Vel du denne innstillinga, vil område som er meir eller mindre gjennomsiktige bli fylt med meir eller mindre farge.
Dersom Markeringsfletting er aktivisert, kan fargane flettast frå alle laga. Du kan t.d. fylle eit lågt lag i bunka med opplysningane henta frå eit lag høgare oppe i bunka. Vel det lågare laget og forviss deg om at det øvre laget er synleg for fargeutjamning.
Terskelnivået blir bestemt av stillinga til terskelbrytaren. Du bestemmer her fargeverdiane for fyllgrensene. Dess høgare tal dess større blir fyllområdet, og motsett.