Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet
eller med tastesnarvegen A.
Trykk tasten A (i GIMP-2.10 ] eller tilsvarande) for å henta fram sprøytepistolen.
Ctrl a endrar sprøytepistolen til ein fargehentar.
Shift-tasten gjer at sprøytepistolen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på , vil det bli teikna ei rett linje frå det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.
Du får fram verktøyinnstillingane for sprøytepistolen ved å klikka på (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) symbolet i verktøyskrinet.
Notat | |
---|---|
Sjå nærare omtale i avsnittet felles eigenskapar for teikneverktøya. |
Notat | |
---|---|
Sjå nærare omtale i avsnittet oversikt over teikneverktøya. |
Med denne glidebrytaren kan du bestemme kor stor dysa til sprøytepistolen skal vere, dvs. fargemengda penselen skal gi frå seg. Dess høgare tal, dess meir farge på kortare tid. (Burde heitt “dyse”, men det er ikkje avsett plass til dette i kjeldeteksten).
Med denne glidebrytaren kan du bestemme kor mykje farge penselen skal gi frå seg i kvart strøk. Dess høgare tal, dess mørkare vil kvart strøk bli.