6.2. Fargepipetta

Figur 12.81. Fargepipetta i verktøyskrinet

Fargepipetta i verktøyskrinet

Fargepipetta blir brukt til å henta farge frå det aktive biletet eller laget ved å klikka med pipetta på det fargepunket du ønskjer å bruke. Bruker du funksjonen markeringsfletting, kan du også hente fargeblandinga som kjem fram når du bruker lag som er delvis gjennomsiktige eller som er blanda med andre modus. Denne pipetta kan bare hente fargar frå aktive bilete. Treng du å hente farge frå andre stader, må du bruke fargehentaren i fargedialogen.

Figur 12.82. Infovindauget for fargepipetta

Infovindauget for fargepipetta

6.2.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyFargepipette,

  • ved å klikka på symbolet i verktøyskrinet,

  • med tastatursnarvegen O

  • eller ved å halde nede Ctrl-tasten medan du bruker eit av teikneverktøya. I dette tilfellet blir infovindauget ikkje opna. Når du slepp tasten, går verktøyet tilbake til den opphavlege tilstanden.

6.2.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Tastesnarveg

Du kan aktivisera dette verktøyet med å trykke tasten o

Ctrl

Normalt vil pipetta hente inn forgrunnsfarge, men held du nede Ctrl-tasten vil bakgrunnsfargen bli henta inn i staden.

Shift

Held du nede Shift-tasten medan du klikkar med pipetta, vil palettbehandlaren bli opna.

6.2.3. Innstillingar

Figur 12.83. Innstillingane for verktøyet “fargepipetta

Innstillingane for verktøyet fargepipetta

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøyikonet i verktøyvindauget.

Markeringsfletting

Når denne er aktivert, vil pipetta plukke fargane frå alle dei synlege laga, ikkje bare det aktive laget. Du kan sjå meir om dette i ordboka under Markeringsfletting.

Gjennomsnitt

Glidebrytaren Radius blir brukt for å setje storleiken på kvadratet som blir brukt for å bestemme ein gjennomsnittsfarge for markeringane. Når du klikkar på området, vil markøren visa storleiken på firkanten som gjennomsnittet blir henta frå.

Hentemodus
Vis farge

Fargen til det valde fargepunktet blir vist i informasjonsvindauget, men ikkje brukt til noe elles.

Vel forgrunnsfarge

Sett forgrunnsfargen lik fargen i det punktet du klikkar på. Fargen blir vist i fargevisaren i verktøyskrinet.

Vel bakgrunnsfarge

Sett bakgrunnsfargen lik fargen i det punktet du klikkar på. Fargen blir vist i fargevisaren i verktøyskrinet.