2. Lagmodus

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1658 $ 2007-02-13 KoSt

Ved hjelp av lagmodus kan du bestemma korleis dei ulike laga i eit bilete skal blandast saman. Difor kunne ein kanskje like gjerne kalla metoden for “blandemåtar”. Når du ser stabelen av lag ovanfrå, er resultatet sjølvsagt avhengig av innhaldet i dei laga biletet er sett saman av, men også kva lagmodus dei ulike laga er sett til. GIMP har 21 lagmodus.

Du bestemmer lagmodus i menyen Modus i lagdialogen. GIMP bruker lagmodus for å bestemma korleis kvar piksel i det øverste laget skal kombinerast med tilsvarande piksel i laget under.

[Notat] Notat

GIMP bruker dei same modus også for teikneverktøya, med eit par i tillegg. Desse er omtalte til slutt i denne lista.

Lagmodus opnar for komplekse fargeforandringar i biletet. Dei blir ofte brukte saman med eit nytt lag som verkar som ei slags maske. Dersom du for eksempel legg eit einsfarga kvitt lag over eit bilete og set lagmodus til “Metning”, vil laget under vere synleg i gråtoner.

Figur 8.1. Masker brukte i eksempla på lagmodus

Masker brukte i eksempla på lagmodus

Maske 1

Masker brukte i eksempla på lagmodus

Maske 2


Figur 8.2. Bakgrunnar brukte i eksempla på lagmodus

Bakgrunnar brukte i eksempla på lagmodus

Nøkkelhengar

Bakgrunnar brukte i eksempla på lagmodus

Ender


I beskrivinga av lagmodus er det også tatt med dei matematiske formlane. Dette for dei som er nysgjerrige på matematikken som ligg bak desse utrekningane. Du treng ikkje forstå likningane for å bruke lagmodus.

Likningane er skrivne på kortform. For eksempel betyr likninga

Formel 8.1. Eksempel


Fargen i resultatet (E) er summen av fargekomponentane i kvar piksel i det øvre laget (M) og samsvarande piksel i det nedre laget (I)”. Fargekomponentane vil alltid vere ein verdi frå og med 0 til og med 255. Dersom beskrivinga nedanfor ikkje seier noe anna, vil ein negativ verdi bli sett til 0 og ein verdi høgare enn 255 til 255.

Eksempla nedanfor viser eksempel på effekten av kvar modus. Biletet til venstre viser biletet slik det normalt ser ut, medan biletet til høgre viser resultatet av aktuell lagmodus.

Sidan resultatet av kvar modus er svært avhengig av fargane i laga, kan desse eksempla bare gi ein generell idé om kva resultat modus gir. Du blir hermed sterkt oppmoda til å prøve dette ut sjølv. Ein grei måte å gjere dette på er å bruke to nokså like lag. Dette får du enklast til ved å kopiere det eine laget og gjere noen små forandringar på kopien. Det kan vere å sløre kopien litt, flytte litt på han, bruke skalering, fargeinvertering eller liknande du måtte finne på. Prøv deg fram med ulike modus og sjå kva som hender.

Normal

Figur 8.3. Eksempel på lagmodus “Normal

Eksempel på lagmodus Normal

Begge bileta er blanda med same intensitet

Eksempel på lagmodus Normal

Med 100% dekkevne er bare det øvre laget synleg når du bruker modus “normal”.


Normal-modus er den som er aktiv dersom du ikkje set andre val. Det øvre laget dekker laget under. Ønskjer du å sjå noe av det underste laget må det øvre laget ha gjennomsiktige område.

Likninga er:

Formel 8.2. Likning for lagmodus “Normal


Oppløys

Figur 8.4. Eksempel på lagmodus “Oppløys

Eksempel på lagmodus Oppløys

Begge bileta er blanda med same intensitet.

Eksempel på lagmodus Oppløys

Med 100% dekkevne er bare det øvre laget synleg når du bruker modus “Oppløys”.


Oppløys-modus løyser det øvre laget opp i laget under ved å teikne eit tilfeldig pikselmønster i område med delvis gjennomsikt. Dette kan nok vere nyttig i lagmodus, men kanskje meir nyttig som teiknemodus.

Effekten er best synleg langs kantar i biletet. Resultatet er lettast å sjå på ein forstørra skjermdump. Biletet til venstre viser eit forstørra utsnitt i normalmodus medan det høgre biletet syner dei same to laga i “Oppløys”-modus. Du kan her sjå korleis pikslane er spreidde.

Multipliser

Figur 8.5. Eksempel på lagmodus “Multipliser

Eksempel på lagmodus Multipliser

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Multipliser

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I Multipliser-modus blir pikselverdiane i det øvre laget multiplisert med verdien av pikslane i laget under. Resultatet blir deretter dividert med 255. Gir som oftast eit mørkare bilete. Dersom det eine laget er einsfarga kvit, vil resultatet bli det same som det andre laget (1 * I = I). Er eitt av laga einsfarga svart, vil resultatet bli svart (0 * I = 0).

Likninga er:

Formel 8.3. Likning for lagmodus “Multipliser


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Divider

Figur 8.6. Eksempel på lagmodus “Divider

Eksempel på lagmodus Divider

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Divider

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Divider blir kvar pikselverdi i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med verdien + 1 av den tilsvarande pikselen i det øvre laget. (Verdien blir auka med 1 for å unngå eventuell divisjon med null). Gir som oftast eit lysare bilete som av og til kan sjå noe “utbrend” ut.

Likninga er:

Formel 8.4. Likning for lagmodus “Divider


Skjerm

Figur 8.7. Eksempel på lagmodus “Skjerm

Eksempel på lagmodus Skjerm

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Skjerm

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I Skjerm-modus blir verdiane av kvar av dei synlege pikslane i dei to laga inverterte. Inverteringa blir gjort ved at kvar pikselverdi blir subtrahert frå 255. Dei inverterte verdiane blir så multipliserte med kvarandre, invertert igjen og deretter dividert med 255. Resultatet blir som oftast lysare, men kan sjå noe “utvaska” ut. Dersom det eine laget er svart, vil resultatet bli som det andre laget. Er det eine laget kvitt, vil også resultatet bli kvitt. Mørke fargar har ein tendens til å bli meir gjennomsiktige.

Likninga er:

Formel 8.5. Likning for lagmodus “Normal


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Legg over

Figur 8.8. Eksempel på lagmodus “Legg over

Eksempel på lagmodus Legg over

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Legg over

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Legg over blir pikselverdien i det nedre laget invertert og multiplisert to gonger med pikselverdien i det øvre laget. Resultatet blir lagt til den opphavlege pikselverdien i det nedre laget og summen deretter dividert med 255. Dette blir så multiplisert med den originale pikselverdien i det nedre laget, og endeleg dividert med 255 igjen. Biletet blir som oftast noe mørkare, men ikkje så mykje som med modus “multipliser”.

Likninga er: [3]

Formel 8.6. Likning for lagmodus “Legg over


Avskygging

Figur 8.9. Eksempel på lagmodus “Avskygging

Eksempel på lagmodus Avskygging

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Avskygging

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Avskygging blir pikselverdien i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med den inverse verdien av pikslelen i det øvre laget. Resultatbiletet blir som oftast lysare, men noen fargar kan bli inverterte.

Avskygging er ein eigentleg ein fotografisk teknikk frå mørkerommet, og går ut på skygge av for lyset slik at deler av biletet blir litt mindre eksponert enn resten av biletet. Dette kan få fram fleire detaljar i skyggeområda. I GIMP får du denne effekten best fram når du nyttar teikneverktøya på gråskalabilete.

Likninga er:

Formel 8.7. Likning for lagmodus “Avskygging


Etterbelys

Figur 8.10. Eksempel på lagmodus “Etterbelys

Eksempel på lagmodus Etterbelys

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Etterbelys

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Etterbelys blir den inverse verdien av pikselverdiane i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med 1 pluss pikselverdien i det øvre laget. Resultatet blir deretter invertert. Etterbelys har ein tendens til å lage mørkare bilete, nokså nær det same som modus “Multipliser”.

Også Etterbelys er ein fotografisk teknikk frå mørkerommet, og går ut på å eksponera deler av biletet litt ekstra. Dette kan få fram fleire detaljar i høglysområda. I GIMP får du denne effekten best fram når du nyttar teikneverktøya på gråskalabilete.

Likninga er:

Formel 8.8. Likning for lagmodus “Etterbelys


Hardt lys

Figur 8.11. Eksempel på lagmodus “Hardt lys

Eksempel på lagmodus Hardt lys

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Hardt lys

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Hardt lys ser forholdsvis komplisert ut fordi likninga består av to delar, ein for mørke fargar og ein for lyse fargar. Dersom pikslefargen i det øvre laget er større enn 128, blir laga sett saman etter den første formelen vist nedanfor. Er fargeverdien under 128, blir den nedste likninga brukt. Då blir pikselverdiane frå øvre og nedre lag multipliserte med kvarandre og deretter dividert med 256. Du kan bruke denne for å få klarare fargar og skarpe kantar når du kombinerer to fotografi.

Formel 8.9. Likning for lagmodus “Hardt lys” med M > 128


Formel 8.10. Likning for lagmodus “Hardt lys” med M < 128


Mjukt lys

Figur 8.12. Eksempel på lagmodus “Mjukt lys

Eksempel på lagmodus Mjukt lys

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Mjukt lys

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Mjukt lys har ingenting med “Hardt lys” å gjere anna enn namnelikskapen. Har ein tendens til å mjuke opp kantane og å gjere fargane mindre klare. Liknar på modus “Legg over”. I noen versjonar av GIMP er Mjukt lys og “Legg over” identiske.

Rs er resultatet av Skjermmodus.

Formel 8.11. Likninga er:


Formel 8.12. Likning for lagmodus “Mjukt lys


Trekk ut korn

Figur 8.13. Eksempel på lagmodus “Trekk ut korn

Eksempel på lagmodus Trekk ut korn

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Trekk ut korn

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Trekk ut korn er tenkt brukt for å trekke ut “filmkorna” frå eit lag for å produsere eit nytt, kornete lag, men kan også vere brukbar for å lage relieffliknande overflate. Verkemåten er å trekke piksleverdiane i det øvre laget frå verdiane i laget under og deretter legge til 128.

Likninga er:

Formel 8.13. Likning for lagmodus “Trekk ut korn


Flett korn

Figur 8.14. Eksempel på lagmodus “Flett korn

Eksempel på lagmodus Flett korn

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Flett korn

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Flett korn fletter eit kornete lag, f. eks. laga med Trekk ut korn, saman med det aktive laget. Resultatet blir ein kornete versjon av dette. Dette er det motsette av kva Trekk ut korn gjer. Verkemåten er å legge saman pikselverdiane i dei to laga og deretter trekke frå 128.

Likninga er:

Formel 8.14. Likning for lagmodus “Flett korn


Differanse

Figur 8.15. Eksempel på lagmodus “Differanse

Eksempel på lagmodus Differanse

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Differanse

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Differanse blir pikselverdiane i det øvre laget trekte frå dei tilsvarande verdiane i det nedre laget. Sluttverdien er den absolutte verdien av differansen. Uansett korleis laga ser ut, blir resultatet nokså merkeleg. Du kan bruke det til å invertere element i eit bilete.

Likninga er:

Formel 8.15. Likning for lagmodus “Differanse


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Addisjon

Figur 8.16. Eksempel på lagmodus “Addisjon

Eksempel på lagmodus Addisjon

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Addisjon

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Addisjon er ein av dei enkle metodane. Pikselverdiane i dei to laga blir lagt saman (adderte). Som regel blir resultatet eit lysare bilete. Sidan resultatet kan bli større enn 255, vil ein del av dei lyse fargane bli sette til maksimumsverdien 255.

Likninga er:

Formel 8.16. Likning for lagmodus “Addisjon


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Trekk frå

Figur 8.17. Eksempel på lagmodus “Trekk frå

Eksempel på lagmodus Trekk frå

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Trekk frå

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Trekk frå blir pikselverdiane i det øvre laget trekt i frå dei tilsvarande verdiane i laget under. Som oftast blir resultatet eit mørkare bilete med svært mykje svart, eller nær svart. Sidan resultatet kan bli eit negativt tal, vil ein del av dei mørke fargane bli sette til minimumsverdien 0.

Likninga er:

Formel 8.17. Likning for lagmodus “Trekk frå


Gjer bare mørkare

Figur 8.18. Eksempel på lagmodus “Gjer bare mørkare

Eksempel på lagmodus Gjer bare mørkare

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Gjer bare mørkare

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Gjer bare mørkare blir kvar komponent i kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande komponentar i det nedre laget. Den minste verdien i kvar samanlikning blir brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga kvit, vil det nye biletet vere identisk med det andre laget. Er det eine laget svart, vil resultatet naturleg nok bli svart.

Likninga er:

Formel 8.18. Likning for lagmodus “Gjer bare mørkare


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Gjer bare lysare

Figur 8.19. Eksempel på lagmodus “Gjer bare lysare

Eksempel på lagmodus Gjer bare lysare

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Gjer bare lysare

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Gjer bare lysare blir kvar komponent i kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande komponentar i det nedre laget. Den høgste verdien i kvar samanlikning blir brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga svart, vil det nye biletet vere identisk med det andre laget. Er det eine laget kvit, vil resultatet naturleg nok bli kvit.

Likninga er:

Formel 8.19. Likning for lagmodus “Gjer bare lysare


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Kulør

Figur 8.20. Eksempel på lagmodus “Kulør

Eksempel på lagmodus Kulør

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Kulør

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Kulør bruker kuløren (fargen) i det øvre laget og metninga og lysverdien frå det nedre laget for å lage det nye biletet. Dersom metninga i det øvre laget er 0, vil også verdiane for kulør bli tatt frå det nedre laget.

Metning

Figur 8.21. Eksempel på lagmodus “Metning

Eksempel på lagmodus Metning

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Metning

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Metning bruker verdiane for metning i det øvre laget og verdiane for kulør og lysverdi for å lage det nye biletet.

Farge

Figur 8.22. Eksempel på lagmodus “Farge

Eksempel på lagmodus Farge

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Farge

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Farge bruker kulør og metning frå det øvre laget, og lysverdien frå det nedre laget for å lage det ferdige biletet.

Verdi

Figur 8.23. Eksempel på lagmodus “Verdi

Eksempel på lagmodus Verdi

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus Verdi

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Verdi bruker lysverdien frå det øvre laget, og kulør og metning frå det nedre laget for å lage det ferdige biletet. Du kan bruke dette for å avsløre detaljar i dei mørke og lyse områda utan å endre metninga.

Kvart av laga i eit bilete kan ha ulike lagmodus. (Bare for å minna om det: lagmodus har naturlegvis ingen effekt på botnlaget). Effekten av lagmodus er kumulativ, dvs. at effektane “samlar seg opp” gjennom laga. Biletet under har tre lag. Topplaget viser Wilber omgitt av gjennomsikt. Lagmodus er “Trekk frå”. Det andre laget er einsfarga blått med lagmodus “Legg til”. Botnlaget er fylt med mønsterelementet “Red cubes”.

Figur 8.24. Eksempel på bruk av mange lag

Eksempel på bruk av mange lag

Teikneverktøya i GIMP bruker dei same modus som dei 21 nemnde ovanfor. I tillegg kjem to modus som er spesielle for teikneverktøya. Modusvalet for teikneverktøya er tilgjengeleg frå knappen Modus i dialogvindauget for verktøyinnstillingar. I formlane ovanfor vil det laget du teiknar på vere det nedre laget og teikneverktøyet det øvre laget. Sidan teikneverktøya fungerer som eit av laga og bare opererer på det aktive laget, treng du bare eitt lag for desse operasjonane. Nedanfor finn du omtale av dei to ekstra modus for teikneverktøya.

Bak

Modus Bak er bare tilgjengeleg frå innstillingane i verktøyskrinet, ikkje som lagmodus i lagdialogen. Når du teiknar med dette modus aktivisert, teiknar du bak det objektet som finst i laget frå før. Dette betyr at laget må ha gjennomsiktige område for at bruken av dette modus skal ha meining. Elles vil teikningane dine ikkje vere synlege.

I eksemplet er Wilber igjen i det øvste laget omgitt av gjennomsikt. Det nedre laget er einsfarga lyseblått. Det blei brukt fyllverktøyet med Verkar på modus sett til “Markering”. Heile laget blei markert og fylt med eit mønsterelement.

Slett farge

Modus Slett farge er bare tilgjengeleg frå innstillingane i verktøyskrinet, ikkje som lagmodus i lagdialogen. Når du teiknar med dette modus aktivisert, vil det finne område i teikninga med same farge som penselen og viske ut desse ved å gjere dei gjennomsiktige. Som for modus “Bak”, må laget ha ei lagmaske (slik at du får lov til å bruke gjennomsikt) for at effekten skal bli synleg.

I eksemplet er fargen i fyllverktøyet sett til kvit. Dei kvite partia i Wilber blei difor sletta og gjorde den blå bakgrunnen synleg.



[3] På grunn av ein feil, “bug” nr. 162 395, stemmer denne forklaringa førebels ikkje heilt. Til feilen er retta, vil modus Legg over vere det same som modus Mjukt lys. Sjå Bug #162395 .