Biletmalane er mønster for eit biletformat. GIMP inneheld ein god del ferdige malar for vanlege biletformat. Dessutan er det lett å lage sine eigne malar. Når du opprettar eit nytt bilete, har du tilgang på lista over eksisterande malar, men du kan berre laste ned frå denne lista. Skal du redigere lista, må du gå inn i dialogen «biletmalar».
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».
Du har tilgang til dialogvindauget
frå biletmenyen via
→ → .eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje →
Du vel ein mal ved å klikke på ikonet. Dersom du høgreklikkar på ikonet, kjem det opp ein meny med dei same funksjonane som for knappane nedst i dialogvindauget.
I fanemenyen for «biletmalar» kan du velje mellom
og . Dersom du ikkje har gitt malane bestemte ikon (sjå nedanfor korleis du gjer det), vil tabellforma vise ei oppstilling med likeforma ikon. Øvst i vindauget finn du namnet på den valde malen. Dersom du i staden vel listeform, som er den vanlege, vert malane lista opp under kvarandre med ikon og namn.Frå fanemenyen kan du også bruke menyoppføringa Storleik på førehandsvisinga for å vise ikona i eit høveleg format.
![]() |
Tips |
---|---|
tastekombinasjonen Ctrl + F i ei liste vil opne eit søkefelt. Sjå Vis som liste/tabell |
Desse knappane gir deg høve til å utføre ein del operajonar på biletmalane:
Klikk på denne knappen for å opne dialogen opprett eit nytt bilete på den valde biletmalen.
Klikk på denne knappen for å opna dialogen ny mal. Dette er den same dialogen som vert brukt for å redigera malen, som er vist nedanfor.
Denne knappen opnar dialogvindauget for å redigere malen.
Også denne knappen opnar dialogvindauget for rediger mal med data frå den valde malen.
Giss kva?
![]() |
Tips |
---|---|
Alle malane er lagra i ei |
Denne dialogen vert brukt for å bestemma utsjånaden på den aktuelle malen.
Du har tilgang til denne handteraren frå knappen
nedst i dialogvindauget.Innstillingar
Her skriv du eventuelt inn eit nytt namn for malen.
Klikk på ikonet for å få opp ei liste over alle tilgjengelege ikon. Du vel nytt ikon ved å klikka på det i lista.
Her skriv du inn høgde og breidde for det nye biletet. Til vanleg vert desse målt i pikslar, men du kan byta til ei anna måleening om ønskjeleg frå nedtrekksmenyen. Dersom du gjer dette, må du vere klar over at storleiken i pikslane vert bestemt også ut frå x- og y-oppløysinga. Denne kan du eventuelt endra i Avanserte innstillingar. Samstundes bør du også setja i -menyen.
![]() |
Notat |
---|---|
Det er kanskje unødvendig å minne om at dersom du lagar store bilete med høg oppløysing, vil desse kreve mykje minneplass og kanskje føre til at GIMP vert noko tregare enn vanleg. |
Her kan du velja mellom ståande eller liggjande papirretning. Det som skjer er at verdiane for høgde og breidde vert bytte om. Dersom biletet er sett opp med ulike verdiar for x- og y-oppløysing, vert også desse verdiane bytte om. Til høgre for desse knappane er det lista opp høgd, breidd, oppløysing og fargemodell brukt i det aktuelle biletet.
Avanserte innstillingar
Dei avanserte innstillingane er:
Desse innstillingane er helst tenkt brukte dersom du skal skriva ut biletet. Innstillingane endrar ikkje storleiken på bilete i pikslar, men bestemmer kor stort biletet vert på papiret når det vert trykt. Innstillingane kan også påverke korleis biletet vert vist på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av i Skjerm i menyen Innstillingar.
-menyen og visinga er sett til 100% zoom i den same menyen, vil GIMP prøve å vise biletet på skjermen i naturleg storleik rekna ut frå pikselverdiane og oppløysinga. Dette under føresetnad av at biletskjermen er korrekt kalibrert. Dersom denne kalibreringa ikkje vart gjort då GIMP vart installert, kan du gjere det frå dialogenHer kan du berre velje mellom RGB eller gråskala. Skulle du ha ønskje om andre fargemodellar, må du omforma til ønskt modell etter at du har laga biletet.
Du har fire val for kva slag farge bakgrunnslaget skal fyllast med:
Forgrunnsfarge er den fargen som er vist som forgrunnsfarge i verktøykassa.
Bakgrunnsfarge er den fargen som er vist som bakgrunnsfarge i verktøykassa.
Kvit, den mest brukte.
Gjennomsikt. Bakgrunnslaget vert laga med alfakanal, noko dei tre vala ovanfor ikkje legg inn.
Merknadane du skriv inn her vert lagt til biletet som ein såkalla «parasitt» og vert lagra saman med biletet dersom filformatet har støtte for slike.