6.7. Presisjon

Undermenyen Presisjon inneheld kommandoar for å velja presisjon for biletet. Vala her påverkar presisjon- og kanalinnstilli8ngane brukte for å lagra biletet i RAM medan du arbeider på det.

Figur 16.70. Undermenyen «Presisjon» i menyen «Bilete»

Undermenyen «Presisjon» i menyen «Bilete»

6.7.1. Aktivering

Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via BiletePresisjon.

6.7.2. Innhaldet i menyen «Presisjon»

Presisjonsmenyen er delt i to: presisjon og kanalkoding.

Vala for presisjon

Kva presisjon eit bilete vert lagra med, er avhengig av bit-djupna (8-bits, 16-bits eller 32-bits) og om dataa vert lagra som heiltals- eller flyttalsdata. Menyen har desse vala:

  1. Vala for heiltalspresisjon

    • 8-bits heiltal

      [Notat] Notat

      Når du vel å konvertera eit bilete med 32-bits desimalpresisjon til 8-bits heiltal vert dialogvindauget konvertering opna der du kan setja innstillingane for utjamninga.

    • 16-bits heiltal

    • 32-bits heiltal

  2. Vala for flyttalspresisjon

    • 16-bits flyttal

    • 32-bits flyttal

Vala for kanalkoding

I presisjonsmenyen kan du også velja kanalkoding for biletdataa. For tida har du to val:

  • Perseptuell gamma (sRGB)

  • Lineært lys som kodar kanaldataa med lineær gamma-TRC.

6.7.3. Val av biletpresisjon og kanalkoding

[Notat] Notat

Same kva du vel i presisjonsmenyen så vil GIMP 2.10 sett til høg bit-djupn utføra alle interne prosessar i 32-bits flyttalspresisjon og i dei fleste redigeringsprosessane vert det brukt koding med lineært lys.

Kva presisjonsnivå bær eg velja? Kort sagt:

  1. For å utnytte GIMP sine interne 32-bits desimalpresisjon fullt ut, vel 32-bits desimalpresisjon og koding med lineært lys.

  2. Dersom du arbeider på ein maskin med lite RAM, eller med svært store bilete og mange lag, bør du vurdere å bruka 16-bits desimal- eller heiltalspresisjon.

  3. Dersom du ønskjer å bruka høg bit-djupn utan å bruka kanalverdiar som flyttal, bruk 16-bits heiltalspresisjon.

  4. Når du lagar «prøvetrykk» på skjermen, brukar du «Perseptuell gamma (sRGB)» som koding for å unngå ein del problem med å visa prøvetrykk med lineær gamma på skjermen ved bruk av «Little CMS».

  5. Er datamaskinen svært treg med lite RAM, bør du vurdere å bruka 8-bits heiltalpresisjon saman medkoding med «Perseptuell gamma (sRGB)». Viss du brukar kanalkoding med lineært lys, får biletet skjemmande posteriserte skuggar.

6.7.4. Meir om presisjonsvala

  1. Val av bit-djupn, 8-bits, 16-bits og 32-bits:

    • Bit-djupna set grensene for kor mykje presisjon som er tilgjengeleg under arbeidet med biletet. Når alt anna er uendra, vil høg bit-djupn gje best presisjon.

    • Bit-djupna er med å bestemmer kor mykje RAM som er nødvendig for biletet. Dess høgare bit-djupn dess meir RAM trengs det. Kor mykje RAM som vert brukt, er også avhengig av storleiken på biletlaga og kor mange lag biletet inneheld.

  2. Valet mellom heiltals- og flyttalspresisjon:

    • Desimaltalspresisjon må brukast dersom du vil utnytta bitdjupna i GIMPs interne 32-bits flyttalprosessering. Desimaltalspresisjon tillet å bruka kanalverdiar som fell utanom display-referred range frå 0,0 («vis svart») til 1,0 («vis kvit»), og gjer det såleis mogleg å bruka mange nyttige eigenskapar som for eksempel ubunden ICC-profilkonversjonar og redigeringsoperasjonane High Dynamic Rangescene-referred.

    • I motsetnad til desimalpresisjon kan heiltalspresisjon ikkje lagra kanalverdiar utanfor visingsområdet. Vel du ein heiltalspresisjon frå presisjonsmenyen, vert alle desimalverdiane som måtte koma fram i prosessen klipt bort for å passa i det tilsvarande desimalområdet mellom 0,0 og 1,0:

      • 8-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-255.

      • 16-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-65 535.

      • 32-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-4 294 967 295.

    • Ved ei bestemt bit-djupn er heiltalspresisjon betre enn flyttalspresisjon når dei andre innstillingane er like. Ein 16-bits heiltalspresisjon er altså meir presis enn ein 16-bits flyttalspresisjon. I GIMP får du likevel ikkje betre presisjon ved å velja 32-bits heiltalspresisjon i staden for 32-bits flyttalspresisjon sjølv om du vel 32-bits heiltal i presisjonsmenyen. Hugs at presisjonsmenyen berre bestemmer korleis informasjonen vert lagra i RAM.

    • Med den same bit-djupna vil heiltals- og flyttalspresisjon bruka nokså nær den same lagringsplassen både i RAM og på lagringsmedium.

  3. Velja mellom lineært lys og perseptuell gamma (sRGB) kanalkoding:

    • Dersom du vel kanalkodinga lineært lys og 8-bits presisjon, kan du få stygge posteriserte skuggar. Så ikkje bruk lineært lys utan høg bitdjupn.

    • Når du viser prøvetrykk på skjermen, vil kontrollen med fargar som ikkje kan visast på skjermen visa feil resultatet dersom biletet er sett til presisjonen lineært lys. Så bruk perseptuell gamma (sRGB) før du slår på skjermvisinga.

    • Kanalkodinga lineært kys eignar seg ikkje for 8-bits redigering eller for fargeprøvetrykk på skjermen. Vala du gjer i presisjonsmenyen vil likevel ikkje ha så mykje å seia for arbeidsmåten din:

      • Dersom du vel «Lineært lys» vert for tida verdiane for gammakanalen viste som «pikselverdiar» når du brukar fargeplukkaren, vis prøvepunkta og dialogvindauget for peikaren. Vel du «Perseptuell gamma» vert den perseptuelle einsforma (sRGB) kanalen vist i staden.

      • Førebels vil den kanalkodinga du vel påverka feil fargar. Dette er synleg dersom du fjernar markeringa for Bilete/Fargestyring/Slå på fargestyring og biletet ikkje er i GIMP sin innebygde sRGB-fargeprofil. Fargane er likevel feil.

      • Den einaste andre måten (som eg kjenner til) vala i presisjonsmenyen påverkar arbeidet på har med resultata du får når du brukar «Gamma hack» i avanserte fargeval.

6.7.5. Dialogvindauget for biletpresisjonskonvertering

For dei fleste presisjonskonverteringane vil dette dialogvindauget berre spørja korleis Gamma skal setjast. Men for konvertering frå 32-bits desimaltalspresisjon til 8-bits heiltal, vert dialogvindauge nedanfor vist. Dette spør også om utjamning.

Figur 16.71. Dialogvindauget for «presisjonskonvertering» for 32-bits desimal til 8- bits heiltal

Dialogvindauget for «presisjonskonvertering» for 32-bits desimal til 8- bits heiltal

Gamma

Innstillingane for Gamma er forklarte nedanfor.

Utjamning

Når du reduserar presisjonen frå 32-bits desimalpresisjon til 8-bits heiltalspresisjon, forsvinn nokre av detaljane. Dette kan føra til fargeband på biletet der det er eit tydeleg hopp frå ein farge til ein annan som ikkje skulle vera der. Å bruka utjamning kan vera ein måte å redusera dette på. Utjamning er ein måte å leggja til støy i biletet for å unngå fargeband eller uønskte mønster i biletet. Dei ulike utjamningsmetodane brukar ulike måtar å leggja til støy på.

Det er tre innstillingar for utjamning for normallag, tekstlag og kanalar og masker. For kvar av desse kan du setja kva type utjamning som skal brukast. Dei ulike metodane er forklarte i innstillingane for utjamningsmetodar for utjamningsfilteret.

Generelt ønskjer du kanskje ikkje å bruka utjamning på tekstlag sidan dett vil føra til tap av tekstinformasjonen, i og med at det vert omforma til eit vanleg lag. Eg ville først prøva konvertering utan utjamning og viss det vert nokre merkbare «kunstige» innslag, ville eg prøvd utjamning på normallaga.