5.4. Punkt for punkt

Kommandoen Punkt for punkt slår modus «Punkt for punkt» av og på. Dersom han er på, dvs. merkt i ruta framføre kommandonamnet, og forstørringsfaktoren er sett til 100%, vert kvar piksel i biletet vist som ein piksel på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av, vert biletet vist i verkeleg storleik, altså så stort som det vert i utskrift.

Eksemplet under viser dette. Følgjande val er gjort for biletet:

For at dette skal vera tilfelle, må oppløysinga til skjermen vera den same som for biletet. Dette bestemmer du i menyen for brukarinnstillingar.

Du bør ha denne metoden slått på når du arbeidar med ikon og skjermgrafikk, t.d. for Internett. Når du arbeidar med bilete som skal skrivast ut, bør du slå av Punkt for punkt.

5.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisPunkt for punkt.