7.53. Skaler laget

Kommandoen Skaler laget opnar dialogvindauget «Skaler laget» der du kan endra storleiken på laget og innhaldet i det. All skalerering, opp eller ned, vil reduserer kvaliteten på biletet. I dette vindauget er det difor lagt inn nokre val som styrer biletkvaliteten.

7.53.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå menylinja i biletvindauget via LagSkaler laget….

7.53.2. Beskriving av dialogen «Skaler laget»

Figur 16.141. Dialogvindauget for «Skaler laget»

Dialogvindauget for «Skaler laget»

Lagstorleik

Når du forstørrar eller forminskar eit bilete, veret kvaliteten på biletet alltid litt forringa. Sjå nedanfor.

Breidde og høgde

Når du opnar dialogvindauget, vert dei gjeldande verdiane for laget viste i dialogboksane. Du set dei nye verdiane for Breidde og Høgde anten ved å skriva tal i tekstboksen eller bruka pilane. Til vanleg vil forholdet mellom høgde og breidde vere konstant, men ved å klikka på lenkjesymbolet kan du opna lenkja og såleis skriva inn verdiar uavhengige av kvarandre. Om du gjer dette, er det sjølvsagt ein risiko for at laget kan verta noko forvrengt.

Dersom du vil bruke andre måleeiningar enn pikslar, finn du desse i nedtrekksmenyen. Vel du prosent, vert storleiken sett relativ til originalstorleiken. Brukar du fysiske måleeininga som t.d. mm, må du vera observant på X/Y oppløysinga til biletet.

Når du forstørrer eit bilete vert verdiane til dei manglande pikslane kalkulerte med interpolering ut frå eksisterande pikslar. Det vert ikkje lagt inn nye detaljar i biletet. Dess meir eit bilete vert forstørra, og dess fleire gonger du forstørrar biletet, dess utydelegare vert resultatet. Kor mykje biletet vert forringa, er litt avhengig av kva interpoleringsmetode du vel å bruke. Det er råd å forbetra resultatet litt ved hjelp av filteret gjer skarpare (uskarpmaske), men det beste er å bruka høgare oppløysing ved fotograferinga eller skanninga dersom dette er mogleg. Det er svært vanskeleg å forstørra rasterbilete med tilfredsstillande resultat.

Kvalitet

Nedtrekksmenyen vert brukt for å velja kva metode GIMP skal bruka for å fjerna eller leggja til pikslar.

Interpolasjon
Ingen

Det vert ikkje brukt noko som helst form for interpolering. Pikslane vert forstørra eller fjerna på same måten som ved zooming. Gir låg kvalitet, men er svært rask.

Lineær

Denne metoden er eit godt kompromiss mellom fart og kvalitet.

Kubisk

Gir det beste resultatet, men kan ta lang tid.

Sinc (Lanczos3)

Lanczos-metoden (uttale: «lan'zosj») bruker den matematiske funksjonen sinc[10] for å rekne ut høgkvalitets interpolasjon.



[10] Sinus cardinalis