6.20. Utskriftformat

Denne kommandoen opnar dialogvindauget «Vel utskriftoppløysing for biletet». Her kan du endra storleiken på det utskrivne biletet og oppløysings. Kommandoen endrar ikkje på talet på pikslar i biletet og teiknar heller ikkje biletet på nytt. Dersom du ønskjer å endra storleiken på biletet ved å teikna det på nytt, bruk kommandoen skaler biletet.

6.20.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via BileteUtskriftformat….

6.20.2. Innstillingane i dialogvindauget «Utskriftformat»

Figur 16.81. Dialogvindauget «Vel utskriftoppløysing for biletet»

Dialogvindauget «Vel utskriftoppløysing for biletet»

Utskriftoppløysinga bestemmer kor mange pikslar det går på kvar del i måleeininga brukt for biletutskrivinga. Dette er ikkje det same som skrivaroppløysinga, som vert uttrykt i dpi (dots per inch = prikkar per tomme). Det går med fleire slike «dots» for å skrive ut ein piksel.

Når du opnar dialogvindauget, vert biletoppløysinga vist i tekstrutene. Dersom du aukar utskriftoppløysinga, vil du sjå at formatet minkar. Dette fordi det vert brukt fleire pikslar for å få fram ei bestemt lengde på biletet. Det er vel unødvendig å skrive at lågare oppløysing fører til at biletet vert større.

Aukar du oppløysinga, vert biletutskrifta skarpare. Verken pikslane eller annan informasjon om biletet vert forandra. Difor er dette ein heilt annan prosess enn å endra storleiken ved å skalera biletet.

Breidd; Høgd

Her bestemmer du breidd og høgd for utskrifta ved å skriva tal i dei aktuelle boksane, eller ved å bruka pilene. Du kan velja måleeining frå nedtrekksmenyen.

Du vil sjå at når du forandrar verdiane for breidd og høgd, vert også verdiane for X- og Y-oppløysing forandra. Dersom dei to oppløysingsverdiane er lenkja saman, vert forholdet mellom breidd og høgd oppretthalde automatisk. Ønskjer du å setja desse verdiane uavhengige av kvarandre, må du opna lenkja ved å klikka på henne.

X-oppløysing; Y-oppløysing

Oppløysinga som vert brukt for å rekne ut den fysiske breidda og høgda på utskrifta.

Bruk desse innskrivingsfelta for å skriva inn kor stor oppløysing du ønskjer for biletet. Dersom lenkjesymbolet viser ei lukka lenkje, betyr dette at verdiane er lenkja til kvarandre. Dersom du bryt lenkja ved å klikka på henne, kan du skriva inn verdiar uavhengige av kvarandre.

[Notat] Notat

Kva oppløysingseining som er bruk for X- og Y-oppløysinga kan vera avhengig av kva type bilete du har importert. PNG-bilete som har sett oppløysinga, er kjende for å bruka metriske einingar, noko som betyr at du vil sjå pikslar/mm i dette høvet.

GIMP har for tida ingen preferansar som overstyrer eininga sett i biletet. Men viss du endrar det her (og trykkjer OK for å gå ut av dialogvindauget), vert det hugsa for den gjeldande økta.