6.5. Gråtonemodus

Du kan bruka kommandoen Gråtone for å omforma biletet til gråtoner. Resultatet vert eit gråtonebilete der fargane vert omgjorde til gråtoner frå svart til kvitt i éin kanal.

Kor mange tonesteg det er mellom svart og kvit er avhengig av biletpresisjonen:

Heiltalspresisjon:

Med flyttalspresisjon: talet på tonesteg i eit gråtonebilete er avhengig av bit-djupna (8-bits, 16-bits eller 32-bits) og korleis programmet handsamar flyttal (sjå Flyttall (bokmål) for meir om dette).

6.5.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via BileteModusGråtone.