2.3. Hent inn

Figur 16.8. Undermenyen «Hent inn»

Undermenyen «Hent inn»

I Linux

Undermenyen «Hent inn»

I Windows


Dette menyvalet har dei same oppføringane som «Hent» i tidlegare utgåver av GIMP, men inneheld også forslag til logoar, knappar, mønsterelement osv.

Sidan GIMP i desse menyvala kallar opp systemfunksjonar i datamaskinen, kan innhaldet i dette menyvalet variera ein del i høve til kva systemoppsett datamaskinen har.

2.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på biletmenyen via FilHent inn

2.3.2. Frå utklippstavla

Når du kopierer eit uval vert kopien lagra på utklippstavla slik at du kan bruke han i nye bilete.

This command has the same action as the Paste as / New Image command.

Tasten Print Screen vil hente eit skjermbilete av skjermen og legge dette i utklippstavla. Han gjer altså det same som valet «Ta eit bilete av heile skjermen» i dialogvindauget skjermbilete. For å ta eit bilete av det aktive vindauget, med alle dekorasjonar, bruker du tasten Alt saman med Print Screen.

2.3.3. Frå nettside

Denne oppføringa opnar eit dialogvindauge der du kan skrive inn adressa til nettsida og hente biletet inn i GIMP.

Kommandoen er førehandsinnstilt til å vise til gimp.org. Du kan gjerne prøve det.

2.3.4. Skjermbilete

Figur 16.9. Vindauget «skjermbilete»

Vindauget «skjermbilete»

Menyvalet Skjermbilete opnar eit todelt dialogvindauge:

Område
Knips eit bilete av eit enkelt vindauge

Musepeikaren skifter til eit kryss og du kan nå klikke i det vindauget du vil ta bilete av for å lage eit nytt bilete av det. Dersom det ikkje er avkryssa for Inkluder vindaugedekorasjonar, vert tittellinja og ramma rundt biletet ikkje tatt med.

Ta bilete av heile skjermen

Dette kan vere nyttig når du vil ta eit bilete av ein oppsprettmeny el.l. Det kan då vere nødvendig med ei forseinking slik at du får tid til å hente fram menyen.

Dersom det er kryssa av for Inkluder musepeikaren (ikkje i mi utgåve), vert også musepeikaren med på biletet. Musepeikaren vert lagt inn i eit separat lag slik at du kan flytte han dit du ønskjer.

Vel område som skal hentast inn

The mouse pointer becomes a cross. Click and drag to create a rectangular selection in the image window. This selection will be opened as a new image. Its size is adapted to the selection size. Note: this setting is not available on Windows.

Forseinking

Når du tar bilete av heile skjermen, vert biletet tatt etter denne forseinkinga. Musepeikaren skifter til eit kryss når biletet er tatt.

2.3.5. Skannar og kamera

Denne eininga er tilgjengeleg i Windows opertivsystemet som bruker TWAIN. Inneiningane for bilete vert viste i dialogvindauget dersom dei er kopla til. I Linux må du installere programtillegget XSane som er tilgjengeleg frå menyen FilHent innXSaneDevice dialog…

Figur 16.10. Skannar og kamera

Skannar og kamera

Utstyr for å henta inn bilete er alt for variert til å verta omtalt her. Heldigvis er det meste nokså intuitivt. I det viste eksemplet er maskinen (Windows 7) kan du bruka ein skannar eller eit kamera.