2.4. Fil opna…

Kommandoen Opna opnar eit dialogvindauge slik at du kan lasta inn eksisterande bilete frå harddisken eller eit eksternt lagringsmedium. Det finst også andre måtar å opne biletfiler på, t.d. Del 2.5, «Opna som lag…» og andre.

2.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dialogvindauget Opna frå menyen via FilOpna….

  • Du kan også opna dialogvindauget med snarvegen Ctrl + O.

2.4.2. Bla gjennom filene

Figur 16.11. Dialogvindauget for opning av bilete

Dialogvindauget for opning av bilete

Denne filutforskaren verkar nok kjend om du har arbeidd med filer tidlegare. Vi forklarer detaljane nedanfor.

  1. Knappen Skriv eit filnamn slår visinga av innskrivingsområdet Stad (dvs. adressa til fila) av og på.

    Tastekombinasjonen Ctrl + L gjer det same som denne knappen.

    [Notat] Notat

    Når Søk eller Tidlegare brukt er vald i lista over stader, er det ikkje råd å visa tekstboksen med stad. Du må velja ei anna oppføring først.

  2. Du kan skriva stien til ei biletfil i tekstboksen Stad. Dersom du ikkje skriv noko, vert namnet på den valde fila vist her. Etter kvart som du skriv inn vert det vist ei liste med filnamn som byrjar på dei bokstavane du har skrive inn.

    Når du søkjer etter ei fil eller mappe med funksjonen Søk (sjå punkt 4 nedanfor) vert merkelappen endra til Søk og du kan skriva inn eit namn i denne tekstboksen.

  3. Stien for den gjeldande mappa vert vist her. Du kan navigera langs denne stien ved å klikka på knappane.

  4. Med Søk kan du leita etter ei fil eller mappe sjølv om du ikkje veit det nøyaktige namnet. Klikk på Søk og skriv inn eit filnamn eller delar av det og trykk Enter-tasten. Det vil no dukka opp ei liste i sentrumsramma (7) over alle filer og mapper i det aktuelle området med namn som inneheld teksten du skreiv inn. Diverre kan du ikkje avgrensa søkjeområdet til ein bestemt filtype (10).

    Opna tidlegare brukte viser ei liste over filer du har opna tidlegare.

  5. Du har her tilgang til hovudmappene i datamaskinen og andre lagringsmedia.

  6. Denne delen av lista viser mappene du har bokmerkt. Du kan leggja til bokmerke ved å bruka knappen + (sjå 9) eller Legg til i bokmerke som kjem fram når du høgreklikkar på ei mappe i den midtre delen av panelet.

    Du kan fjerna eit bokmerke ved å trykkja på knappen - eller Fjern bokmerke som kjem fram når du høgreklikkar på eit bokmerke. Du kan også bruka sprettoppmenyne for å gje bokmerket Nytt namn.

  7. Her vert innhaldet i den valde mappa vist. Du kan byta mappe ved å dobbeltklikka med venstre museknappen på mappene eller velja ei fil ved å (enkelt)klikka på henne. Du kan no opna den valde fila ved å trykkja på knappen Opna, eller ved å dobbeltklikka på fila. Du kan berre opna biletfiler.

    Høgreklikk på mappe-/filnamnet for å få opp ein sprettoppmeny

    Menyen for mappeinnhaldet
  8. Det valde biletet vert vist i førehandsvisinga. Dersom GIMP kjenner igjen filformatet, vert opplysningar om filnamn, filstorleik og oppløysinga for biletet viste under førehandsvisinga.

    [Tips] Tips

    Dersom biletet er modifisert av eit anna program, klikk på førehandsvisinga for å oppdatere visinga.

  9. Du bokmerkjer den valde mappa ved å trykkja på knappen +.

    Du fjerner bokmerkinga av den valde mappa ved å trykkja på knappen -.

  10. Vel filtype kan brukast for å setja filformatet. Normalt treng du ikkje bry deg om dette, sidan GIMP i dei fleste tilfelle finn ut av dette sjølv.

    Standard er Funne automatisk, som gjer at GIMP vil prøva å finna det korrekte filformatet.

    Berre i heilt sjeldne tilfelle der det er uråd å bestemma filtypen ut frå filendinga og interne fildata, kan det henda du må bruka lista og velja filtype frå lista.

2.4.3. Importera eit bilete med ein fargeprofil

Figur 16.12. Dialogvindauget for å konvertera til RGB

Dialogvindauget for å konvertera til RGB

Når du opnar eit bilete som ikkje er i XCF-format, vil GIMP i nokre tilfelle opna eit vindauge og spørja om du ønskjer å konvertera biletet til GIMP sin innebygde sRGB-profil eller om du vil behalda den originale profilen.

Begge vala er heilt fine sidan GIMP vil endra profil i bakgrunnen når det trengst. Viss du ikkje ønskjer dette vindauget, merk av for Ikkje spør igjen. Skulle du endra meining, kan du få fram vindauget igjen frå Brukarinnstillingane, Bileteksport og -import.