Dialogvindauget «Fargeovergangar» inneheld ein fargeovergangspalett som vert brukt for å velja eit fargeoverganssett med fargar sett opp i ein lineær skala – for bruk med fargeovergangsverktøyet og mange andre operasjonar. Det gjev deg også tilgang til fleire funksjonar for å handsama fargeovergangar. Du kan velja ein fargeovergang ved å klikka på han i lista: han vert då vist i området Pensel/mønster/fargeovergang i verktøykassa. Nokre få titals fine fargeovergangar vert levert førehandsinstallerte med GIMP. Du kan laga fleire ved å bruka fargeovergangsredigering. Du finn generell informasjon om fargeovergangar og bruken av dei i bolken Fargeovergangar.
Dei fem første fargeovergangane er litt spesielle i og med at dei lagar ulike overgangar mellom den gjeldande forgrunnsfargen og den gjeldande bakgrunnsfarge.
FG til BG (Hard kant): Berre i svart/kvit med skarpe avgrensingar.
Forgrunn til bakgrunn (HSV med/mot klokka): Lagar ein overgang i HSV-modus ved å bruka alle fargetonene i fargesirkelen, med eller mot klokka, mellom den gjeldande forgrunnsfargen og den gjeldande bakgrunnsfargen.
Forgrunn til bakgrunn (RGB): Denne fargeovergangen lagar ein overgang i RGB-modus mellom den gjeldande forgrunnsfargen og den gjeldande bakgrunnsfargen. Det er dette valet som vert sett opp når du opnar GIMP.
Forgrunn til gjennomsikt: Lagar ein overgang frå fullstendig ugjennomsiktig forgrunnsfarge til fullstendig gjennomsikt. Kan vera særleg nyttig når du arbeidar med collage eller med tåkeeffeektar.
Vindauget «Fargeovergangar» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
frå biletmenyen via
→ → ,frå fanemenyen i kva dokkpanel so helst ved å klikka på fana og velja
→ ,frå verktøykassa ved å klikka på den gjeldande fargeovergangen i området pensel/mønsterelement/fargeovergang (dersom du har merkt av for «Vis aktive penslar, mønsterelement og fargeovergangar» i brukarinnstillingane.
Frå biletet med tastekombinasjonen Ctrl + G.
Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen løyste vindauge. Du kan i tilfelle lyfta banedialogvindauget frå biletmenyen: → .
finna ei liste overDen mest nærliggande bruken av dialogvindauget er å klikka på ein overgang for å gjera denne til den gjeldande fargeovergangen. Den gjeldande fargeovergangen vert vist i verktøykassa.
Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein fargeovergang, kan du gje overgangen eit nytt namn dersom dette er ein overgang du har laga eller installert sjølv. Dersom du dobbeltklikkar på miniatyren av overgangen vil dette opna fargeovergangshandsamaren som kan brukast til å gjera forandringar i fargeovergangen dersom det ikkje er ein av dei førehandsinstallerte overgangane. Kanskje vert du litt frustrert over at du heile tida vert nekta å gjera forandringar? GIMP er sett opp slik at du ikkje får lov til å forandra det som kjem ferdiginstallert, berre det du lagar eller legg inn sjølv. Utanom fargeovergangane gjeld dette også penslar, mønsterelement osv. som vert lagt inn automatisk.
Frå fanemenyen kan du velja om fargeovergangane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du
, får du opp ei liste med bilete av alle fargeovergangane. Dette kan sjå greitt ut, men det viser seg i praksis å vera vanskeleg å velja frå tabellen i og med at det er lett å verta forstyrra av dei andre visingane. Difor er visinga normalt sett til listeform, som er lettare å bruka.Du kan bestemma storleiken på miniatyrane ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen.
Nedst i dialogvindauget finn du ein del knappar som kan brukast på ulike måtar:
Trykk på denne knappen for å opna Fargeovergangshandsamaren.
Knappen opnar fargeovergangshandsamaren og opprettar ein ny enkel gråtone fargeovergang som du kan forandra etter behov. Sjølvlaga fargeovergangar vert automatisk lagra i den personleg mappa gradients
i den personlege GIMP-katalogen. Overgangane i denne mappa vert lasta inn når du opnar GIMP. Du kan velja å bruka andre mapper for denne lagringa ved å gå inn på Del 1.7, «Verktøyinnstillingane».
Lagar ein kopi av den gjeldande fargeovergangen. Du kan redigera kopien, sjølv om du ikkje får lov å redigera originalen.
Dersom du får lov til det, vil eit trykk på denne knappen fjerna alle spor etter den gjeldande fargeovergangen. Du vert bede om å bekrefta slettinga.
Dersom du har lagt til fargeovergangar i den private mappa gradients
på andre måtar enn med dette dialogvindauget, vil eit trykk på denne knappen lasta desse inn i dialogvindauget.
Alle funksjonane som vert utførte ved hjelp av desse knappane, kan også utførast frå sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar ein eller annan stad på lista over fargeovergangar eller via
i fanemenyen:Denne menyen inneheld nokre ekstra funksjonar:
Dette betyr at fargeovergangen vert lagra i eit format som vert brukt av POV-Ray 3D-ray-tracing program.
Denne kommandoen vil kopiera den fullstendige adressa for overgangsfila over på utklippstavla. Du kan deretter lima inn adressa t.d. i ein tekstbehandlar.
Vis i filhandsamar: opnar adressa til fargeovergangen i standard filhandsamar.
Denne kommandoen opprettar eit bilete fylt med den gjeldande fargeovergangen. Du kan deretter bestemme høgd og breidd for biletet og retninga for fargeovergangen.
Det vert brukt CSS (Cascading Style Sheets) for å formatera visinga av HTML- og XML-filer. Dette kan vera styring av bakgrunnsfarge, skrifttypar, fargeovergang i bakgrunnen osv. Programtillegget «CSS Save» er ein lineær CSS3-generator som gjev deg høve til å lagra ein CSS3-kodesnutt med data for ein bestemt GIMP-fargeovergang. Kodesnutten vert lagra som ei tekstfil som kan kopierast og limast inn i stilarket som vert brukt av HTML-fila og såleis få ein fargeovergangsbakgrunn når fila vert opna i ein nettlesar. Denne CSS3-kodesnutten kan også brukast som ein fargeovergang i SVG-filer.
Her er eit eksempel på ein kodesnutt som brukar fargeovergangen blå - grøn:
Ein CSS-kodesnutt laga med «Lagra som CSS».
background-image: linear-gradient(top, rgb(0,123,255) 0%, rgb(72,226,255) 56%,
rgb(0,255,161) 100%);
background-image: -moz-linear-gradient(center top, rgb(0,123,255) 0%,rgb(72,
226,255) 56%,rgb(0,255,
161) 100%);
background-image: -webkit-gradient(linear, left top, left bottom,
color-stop(0.000, rgb(0,123,255)),color-stop(0.566, rgb(72,226,255)),
color-stop(1.000, rgb(0,255,161)));
Du kan bruka taggar for å reorganisere visinga av fargeovergangane. Sjå Del 3.7, «Tagging».
Fargeovergangshandsamaren vert brukt for å redigera fargane i fargeovergangar du har laga sjølv eller kopiert frå dei som følgjer med GIMP. Dei som høyrer til systemet, kan du ikkje gjera forandringar på.
Du kan slå på overgangshandsamaren på fleire måtar:
ved å dobbeltklikka på fargeovergangen i dialogvindauget for fargeovergangar,
frå sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar på eit namn i dialogvindauget «fargeovergangar»,
ved å klikka på knappen
i dialogvindauget for fargeovergangar,frå fargeovergangsmenyen du får fram ved å klikka på i dialogvindauget for fargeovergangar.
Her kan du endra namnet på fargeovergangen slik det skal visast i lista over fargeovergangar.
Nedføre namnet der du det gjelande resultatet av arbeidet ditt. Viss du flyttar musepeikaren over denne visinga, fungerer han om lag som ein fargeplukkar. Informasjonen om pikselen under peikaren vert vist under området for førehandsvising og glidebrytaren.
Posisjon er eit tal mellom 0,000 til venstre og 1,000 til høgre på fargeovergangen. Nedanfor dette er fargeverdiane i RGB- og HSV- modus viste og deretter verdiane for Luminans og Dekkevne.
Dersom du klikkar og drar på visinga, vert berre posisjonen og RGB-dataa viste. Fargen vert likevel overført til forgrunnsfargen i verktøykassa og til dei fire første fargeovergangane i lista. Held du nede Ctrl-tasten vert fargen send til bakgrunnsfargen i verktøykassa.
Under biletet av fargeovergangen finn du ein del svarte og kvite trekantar. Dei svarte trekantane viser skiljet mellom to segment, medan dei kvite trekantane vert brukte til å bestemma korleis fargane skal fordelast i segmentet. Dette er nokså likt slik den midtre glidebrytaren verkar i nivåverktøyet. Du vel eit bestemt segment ved å klikka ein eller annan staden på linja mellom dei svarte trekantane som definerer det. Du vil sjå at linja skifter farge. Du kan også velja fleire segment ved samtidig å halda nede Shift-tasten. Sidan dei markerte områda må vera samanhengande, vert også mellomliggjande område markerte dersom du hoppar over nokre. Også her er det slik at dersom det er kryssa av for «Oppdatering etter kvart» vert endringane synlege medan du utfører dei, elles må du venta til du slepp opp museknappen for å sjå resultatet.
Du kan altså dra dei svarte trekantane langs linja for å flytta skiljet mellom to segment, eller dei kvite trekantane, for å forandra forma på segmentet. Du kan også klikka på og dra markeringa for segmentet for å gjera segmentet større eller mindre. Det kan ikkje vera område utan segment i overgangen, så dersom du komprimerer eitt element, vert det elementet som ligg inntil utvida, og omvendt. Endeleg kan du halda nede Shift-tasten for å komprimera eller utvida fleire segment samtidig.
Glidebrytaren under trekantane vert brukt for å flytta fargeovergangen i vindauget. Brytaren er berre tilgjengeleg dersom du forstørrar visinga med knappane nedanfor.
Nedanfor viser eit fargeskift fargen som musepeikaren peikar på. Informasjon om denne fargen og nyttige tips eller tilbakemeldingar kan verta siste her.
Det er tre knappar nedst i dialogvindauget:
Du kan opna denne menyen anten ved å høgreklikka på fargeovergangshandsamaren eller ved å klikka på den øverste posten i fanemenyen. (Fanemenyen kjem fram når du klikkar på trekanten oppe i høgre hjørnet). Denne menyen vert brukt for å bestemma kantfargane for kvart element og korleies overgangen mellom desse fargane skal vera. (Legg merke til at utsjånaden til sprettoppmenyen er avhengig av om du har slått på eit segment eller heile fargeovergangen).
Menyen inneheld desse postane:
Rediger fargen for sluttpunktet
Denne kommandoen opnar ein undermeny:
Ved hjelp av denne undermenyen kan du setja farge for endepunkta frå bakgrunn- og forgrunnsfargane i verktøykassa. Kvar gong du forandrar desse, vert også fargane for endepunkta endra. Dersom dette ikkje er ønskjeleg, kan du velja ein fast farge for endepunkta.
Her vel du farge for endepunkta ved hjelp av fargehandsamaren.
Notat | |
---|---|
Denne kommandoen er relatert til den føregåande, og er ikkje tilgjengeleg dersom du har vald andre verdiar enn for den tilhøyrande venstre eller høgre fargetype. |
Denne menyen opnar for fleire alternativ for å fargeleggja endepunkta. Dersom vi går ut frå at du skal henta farge til det venstre endepunktet (som synt på figuren), kan du velja mellom:
Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same fargen som det høgre endepunktet i segmentet like til venstre for det valde.
Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same farge som det høgre endepunktet i same segmentet.
Dette valet gjer at den gjeldande forgrunns- og bakgrunnsfargen vist i verktøykassa vert tilordna endepunktet. Seinare endringar i desse fargane vil ikkje forandra fargane for endepunkta.
Nedst i menyen er det 10 «minnemerke». Du kan leggja til farge i desse ved å bruka vala i «lagremenyen» omtalt nedanfor. Dersom du vel eitt av punkta, vert fargen i punktet lagt inn i endepunktet.
Desse vala vil leggja fargen i det aktuelle endepunktet til det «minnemerket» som er merkt i undermenyen.
Du kan også klikka og dra ein farge frå for- og bakgrunnsfargane i verktøykassa eller frå ein palett
til eit sluttpunkt (ein svart trekant) for å setje venstre/høgre fargar,
til visingsområdet for fargeovergangane for å leggja til eit nytt sluttpunkt med denne fargen på begge sidene.
Fargeovergangar mellom segmenta
Med desse menyvala bestemmer du forma på overgangen. Forma vert bestemt med ein matematisk funksjon:
Dette er normalfunksjonen. Fargen skifter lineært frå det eine endepunktet til det andre.
Fargen skifter raskare ved begge endepunkta enn ved midten.
Omvendt av bøygd. Fargen skifter raskare ved midten enn ved endepunkta.
Fargeskiftinga er større på venstre side enn ved høgre side.
Fargeskiftinga er større på høgre side enn ved venstre side.
Fargeovergangar vert endra frå venstre verdi til høgre verdi i eitt steg utan mellomfargar.
Her kan du velja mellom kva for fargemodell som skal brukast for blandinga, RGB eller HSV.
Endre segmenta
Denne kommandoen spegelvender det markerte området frå høgre til venstre.
Denne kommandoen delar det markerte området i to like store delar. Kvar del er ein perfekt, samantrykt kopi av originalen.
Denne kommandoen delar kvart segment i det markerte området ved den kvite trekanten.
Dette er nokså likt den føregåande kommandoen, men delar kvart segment i to like store delar i staden for ved dei kvite trekantane.
Vel du denne, forsvinn alle segmenta i det markerte området. Det vert sett inn ein svart trekant i midtpunktet for det området som vart sletta. Segmenta på kvar side vert utvida til trekanten for å fylle den ledige plassen.
Dette valet flyttar den kvite trekanten til halvvegs mellom dei to tilhøyrande svarte trekantane.
Dette valet fordeler dei svarte og kvite trekantane slik at det vert same avstand mellom dei.
Bland fargane
Dette valet er tilgjengeleg berre dersom meir enn eitt segment er markert.
Dette valet er slått på berre dersom du har markert for meir enn eitt segment og lagar mjuke fargeovergangar mellom segmenta.
Dette valet er slått på berre dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke overgangar for dekkevne mellom segmenta.
Når slått på, vil redigeraren for fargeovergangar automatisk lasta inn den gjeldande fargeovergangen. Når slått av, vil han ikkje endra fargeovergang om den gjeldande fargeovergangen vert endra.
Obs | |
---|---|
Du kan ikkje angra det du gjer i fargeovergangsredigeringa, så ver forsiktig! |
Alle vala kan kanskje sjå litt overveldande ut. Her er eit eksempel som vonleg vil vise at det ikkje er så vanskeleg:
Opna fargeovergangsdialogvindauget og klikk på knappen
() for å opna redigeringsvindauget. Fargeovergangen vert vist frå svart til kvit.Høgreklikk i den nye fargeovergangen og klikk deretter på Del segmentet i like delar i menyen som kjem fram. I den nye sprettoppmenyen som dukkar opp, bestemmer du kor mange segment du vil ha.
I sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i fargeovergangen vel du Farge for venstre endepunkt og Farge for høgre endepunkt for det valde segmentet eller dei valde segmenta.
Hald fram på same måten for dei andre segmenta. Opna deretter Blandefunksjon for segmenta i sprettoppmenyen og vel ein høveleg blandingsmåte.