3. Dialogvindauge relaterte til biletinnhaldet

3.1. Dialog for for- og bakgrunnsfarge

Figur 15.26. Dialogvindauget for for- og bakgrunnsfarge

Dialogvindauget for for- og bakgrunnsfarge

Dette dialogvindauget vert brukt for å bestemma forgrunnsfarge (FG) og bakgrunnsfarge (BG) for biletet. Normalinnstillinga er at du brukar GIMP sitt fargesystem, men du kan ved hjelp av knappane øvst i dialogvindauget også velja andre måtar for å bestemme fargen, nemleg CMYK, Triangel, Akvarell, Palett eller Skala. I tillegg har du ein fargeplukkar som kan brukast for å henta farge frå heile skjermen og ei rute som viser fargen i heks-notasjon.

Dialogvindauget som vert opna frå FG/BG-området i verktøykassa er litt annleis enn det som vert opna frå biletmenyen:

  • glidebrytarane er synlege heile tida i staden for å velja dei frå skaleringsmenyen,

  • 12 knappar som viser dei sist brukte fargane. Du kan velja farge ved å trykkja på ein av desse knappane, eller leggja gjeldande for- eller bakgrunnsfarge til lista.

Dette dialogvindauget arbeidar anten på forgrunns- eller bakgrunnsfargen.

3.1.1. Aktivering

Vindauget «Fargar» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

Du har tilgang til det:

  • frå ein biletmeny via VindaugeDokkpanelFargar,

  • frå fanemenyen i kva dokkpanel som helst ved å klikka på fana og velja Legg til faneFargar,

  • eller frå verktøykassa ved å klikka på ruta for forgrunns- eller bakgrunnsfarge.

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finna ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle lyfta banedialogvindauget frå biletmenyen: VindaugeFargar.

3.1.2. Å bruka dialogvindauget «FG/BG-farge»

Fargeveljaren «GIMP»

Med fargeveljaren «GIMP» vel du ein farge ved å klikka på ei eindimensjonal stripe på høgre kant og deretter i eit todimensjonalt område til venstre. Den eindimensjonale stripa kan koda kva som helst av fargeparameterane H, S, V, R, G eller B, som vert bestemt av kva for ein av dei tilstøytande knappane som er trykt. Det todimensjonale området kodar deretter for dei to komplementære fargeparameterane.

CMYK

Figur 15.27. CMYK

CMYK

Dette er eit fargesystem som vert brukt ved utskrifter. Difor finn du det under knappen merkt med ein skrivar. Du kan stills inn verdiane for C, M, Y og K med skyvebrytarar. Sjå meir om dette fargesystemet i ordlista under fargemodellen CMYK.

Hjul

Figur 15.28. Hjulveljaren

Hjulveljaren

Denne fargeveljaren brukar HSV -fargesirkelen. Du vel kulør ved å flytta ein liten fargering rundt på ein fargesirkel. Klikk deretter på triangelet og dra det rundt for å velja metning (loddrett) og lysverdi (vassrett).

Akvarell

Figur 15.29. Fargeveljaren «Akvarell»

Fargeveljaren «Akvarell»

Symbolet for denne er ein liten pensel. Denne fargeveljaren operer litt annleis enn dei andre veljarane. Her gjev du den brukte forgrunnsfargen eller bakgrunnsfargen ei ny fargetone ved å klikka på fargekartet. For eksempel, dersom forgrunnen er sett til kvit, kan du gje denne ei raudtone ved å klikka i det raude området av fargekartet. Gjenteke klikking på same fargen vil forsterka effekten. Glidebrytaren heilt til høgre i vindauget bestemmer kor mykje fargen skal forandrast ved kvart klikk. Dess høgare brytaren er sett, dess større vert forandringane ved kvart klikk.

Palett

Figur 15.30. Fargeveljaren «Palett»

Fargeveljaren «Palett»

Klikkar du på denne knappen, kjem det opp ei liste som viser palettdialogvindauget for den gjeldande paletten. Du vel for- eller bakgrunnsfargen ved å klikka på aktuelt palettvising, eller du kan flytta deg rundt på paletten ved hjelp av piltastane og velja farge med Enter-tasten.

Skalaer

Figur 15.31. Fargeveljaren «Skalaer»

Fargeveljaren «Skalaer»

Denne veljaren viser eit globalt oversyn over R-, G-, B-kanalar og H-, S-, V-verdiar i glidebrytarane.

Fargeplukkaren

Fargeplukkaren opererer ikkje ulikt den vanlege fargeplukkaren, men i staden for å henta farge berre frå det gjeldande biletet, kan denne henta farge frå heile skjermen.

Ulempen er at du får fargar etter at dei vart handsama i fargestabelen for heile systemet, særleg fargestyringa. Dette betyr at dei resulterande fargeverdiane kan enda opp annleis enn dei som vert returnerte av fargeveljarverktøyet når du plukkar farge frå lerretet. Det er opp til deg å ta eit fornuftig val av kva fargeveljar du skal bruka.

HTML-notasjon

Sjå HTML-notasjon. Du kan også bruka CSS-fargenamna. Skriv den første bokstaven i eit fargenamn for å få fram fargelista med kodar:

Figur 15.32. Eksempel på CSS fargenamn

Eksempel på CSS fargenamn

Høgreklikk i HTML-tekstboksen for å opna sprettoppmenyen for å redigera innskrivinga. Hovudsakleg vert denne nytta til å lima inn komplekse innskrivingar du har kopiert frå ein annan stad. Menyen fører også til ulike Innskrivingsmåtar som kan brukast for å skriva inn bokstavar som ikkje finst på tastaturet, og for Sett inn Unicode kontrollteikn. Nærare beskriving er utanom denne handboka, men du kan finna meir om det på nettet under Unicode.

Figur 15.33. Sprettoppmenyen for HTML-notasjon

Sprettoppmenyen for HTML-notasjon

Rett opp finn du eit symbol sett saman av to piler. Klikk på dette for å bytte om for- og bakgrunnsfargane. I nedre, venstre hjørne i vindauget finn du to små firkantar, ein svart og ein kvit. Klikk på desse for å setje forgrunnsfargen til svart og bakgrunnsfargen til kvit.