3.6. Palettdialogen

Ein palett er i GIMP ei samling fargar i tilfeldig orden. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne palettar, i Del 12, «Palettar».

Palettdialogen vert stort sett brukt for å velje kva for palett som skal vere den aktive, men du kan også bruke han for å lage dine eigne palettar. Noen titals, nokså tilfeldig utvalde, palettar vert leverte saman med GIMP.

[Notat] Notat

Det er lett å forveksla palettdialogen med Fargekart for indekserte fargar som er ein tabell med ei avgrensa mengde fargar brukte i indekserte bilete.

3.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugePalettar.

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til fanePalettar

3.6.2. Å bruke dialogen

Du bestemmer kva for palett som skal vere den aktive ved å klikka på han i dialogvindauget. Samstundes kjem også paletthandteraren opp slik at du mellom anna kan velje forgrunns- og bakgrunnsfarge ved å klikke fargane i paletten. Du kan også bruke piltastane for å velje palett.

Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein palett kan du gi han eit nytt namn dersom dette er ein palett du har laga eller installert sjølv. Det er ikkje råd å gjera forandringar i dei førehandsinstallerte palettane. Dette er vanleg i GIMP. Du får heller ikkje lov til å gjera endringar i penslar, mønsterelement osv. som kjem ferdiginstallerte, berre i dei du lager eller installerer sjølv.

Rutenett/Liste-modus

Figur 15.56. Palettdialogen

Palettdialogen

Tabell-vising

Palettdialogen

Liste-vising


Frå fanemenyen kan du velje om palettane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du Vis som tabell, får du opp ei liste med bilete av alle palettane. Sidan du kan sjå mange palettar samstundes, er det nokså enkelt å velje ut den du ønsjer. Dersom du vel å lista opp på listeform, kjem palettane opp pent og pynteleg under kvarandre med ein miniatyr av paletten og namnet hans.

Du kan tilpassa storleiken på fargecellene med valet Storleik på førehandsvisinga.

Tagging

Du kan bruke taggar for å reorganisere visinga av palettane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

Knappane i palettdialogen

Under palettvisinga, nedst i dialogvindauget, er det fleire knappar:

Edit this palette

Denne knappen opnar Del 3.6.4, «Paletthandteraren».

Create a new palette

Sjå meir om denne knappen på Ny palett.

Duplicate this palette

Sjå meir om denne knappen på Kopier palett.

Delete this palette

Sjå meir om denne knappen på Slett palett.

Refresh palettes

Sjå meir om denne knappen på Oppdater palettane.

3.6.3. The «Palettes» context menu

Figur 15.57. The «Palettes» context menu

The «Palettes» context menu

The «Palettes» context menu can be accessed by right-clicking in the Palettes dialog, or by choosing the top item from the dialog Tab menu ().

[Notat] Notat

Some of the listed menu entries are installation-dependent, which need version 2 of the Python interpreter to be installed for GIMP 2.10. This includes at the time of writing: Offset Palette..., Palette to Gradient, Palette to Repeating Gradient and Sort Palette....

Edit Palette...

Du kan opna Paletthandteraren ved å klikke på «Rediger palett» i menyen, ved å dobbeltklikke på ein palett i palettdialogen eller ved å trykke på knappen Rediger palett () nedst i dialogvindauget.

Ny palett

«Ny palett» oppretter ein ny palett, utan namn og utan fargeinnslag. Samstundes vert paletthandteraren opna slik at du kan legge til fargar. Den nye paletten vert automatisk lagra i den private palettes-mappa di når du avslutter GIMP og vert henta inn i palettsamlinga di neste gong du startar GIMP.

Import Palette...

Figur 15.58. Dialogen for import av palettar

Dialogen for import av palettar

Med kommandoen «Importer palett» kan du lage ein ny palett med fargane frå ein fargeovergang eller eit bilete. Dialogen som kjem fram, har desse oppføringane:

[Notat] Notat

Former versions of GIMP had a «Save palette» command. It no longer exists. To save the palette of an image, indexed or not, you must import it from the image.

Vel kjelde

You can import a palette either from any of GIMP's gradients (choosing one from the adjoining menu), or from any of the currently open images (chosen from the adjoining menu). You can also import a RIFF palette file (with extension .pal), of the type used by several Microsoft Windows applications.

To eigenskapar for bilete som kjelde. Desse er berre tilgjengelege for RGB-bilete:

  • Flett synlege: Dette valet gjer at fargane vert henta frå alle synlege laga i biletet. Elles vert fargane henta frå det aktive laget, sjølv om det ikkje skulle vere synleg.

  • Bare markerte pikslar: Pikslane vert henta frå det valde laget eller alle synlege lag, avhengig av innstillinga i det førre valet.

Namn på paletten

GIMP legg inn namnet på kjelda, men dette kan du berre skrive over. Dersom du vel eit namn som finst frå før, vil det få eit tal, f. eks. «#1» i tillegg.

Talet på fargar

Normalinnstillinga er sett til 256 av fleire grunnar. Først fordi kvar fargeovergang inneheld 256 ulike fargar. Deretter fordi GIF-filer ikkje kan innehalde meir enn 256 fargar, og endeleg fordi indekserte bilete i GIMP ikkje kan innehalde meir enn 256 ulike fargar. (I den digitale verda er 256 eit greitt og rundt tal). Du kan likevel bruke så mange fargar du ønskjer. Når du skriv inn eit tal her, vil GIMP prøve å fordele dei tilgjengelege fargane jamnt utover paletten.

Kolonner

Her bestemmer du kor mange kolonner paletten skal setjast opp med. Dette verkar berre inn på korleis paletten vert vist, og har ingen innverknad på bruken av paletten.

Intervall

Sjølv om talet på fargar er sett til maksimum, kan paletten likevel ikkje ikkje innehalde meir enn 10 000 fargar. Eit RGB-bilete kan innehalde mange fleire fargar enn dette. Valet Intervall er meint å redusere fargane til under 10 000 ved å samle fargar som er nokså like i ein farge. Sidan dette problemet ikkje finst ved 256 fargars indekserte bilete, vil intervall = 1 avgrense paletten til 256 fargar. Inneheld biletet flerie fargar er valet gråa ut.

Den importerte paletten vert automatisk lagra i den personlege palettes-mappa di når du avslutter GIMP og dukkar opp i palettdialogen når du startar opp igjen GIMP.

Kopier palett

Denne kommandoen lagar ein ny palett ved å kopiere den aktive paletten og opnar deretter for paletthandteraren slik at du kan gjere dei nødvendige forandringane. Den redigerte paletten vert automatisk lagra i den personlege palettes-mappa di når du avslutter GIMP og dukkar opp i palettdialogen når du startar opp igjen GIMP.

Merge Palettes...

Currently this operation is not implemented, and the menu entry will always be disabled.

Kopier palettadressa

This command allows you to copy the palette file location to the clipboard. You can then paste it in a text editor.

Show in File Manager

Show in File Manager opens the location of the palette file in the default File Manager on your system.

Slett palett

Denne kommandoen fjernar paletten både frå palettdialogen og frå lageret. Difor vert du alltid spurd om du verkeleg vil dette. Legg merke til at du berre kan fjerne palettar som du har installert sjølv, ikkje dei som følgjer med GIMP.

Oppdater palettane

Denne kommandoen går i gjennom alle mappene dine på jakt etter palettar og legg nye funn til palettdialogen. Dette er som oftast enklare enn å starte GIMP på nytt.

Export as

The Export as submenu gives several choices to export the current palette in external formats. At this time, exporting to the following formats is supported: CSS Stylesheet, Java map, PHP dictionary, Python dictionary, and Text file. Each of these will open a dialog where you can enter a filename and choose a folder where the exported file will be stored.

Forskyv palettfargane

Kommandoen opnar eit dialogvindauge:

Figur 15.59. Dialogen «Forskyv palettfargane»

Dialogen «Forskyv palettfargane»

Denne kommandoen flytter den siste fargen i paletten først og forskyv resten av fargane eitt steg mot høgre. Talet du skriv inn bestemmer kor mange gonger forskyvinga skal utførast.

Dersom forskyvinga er negativ, vert den første fargen flytt til sist i paletten og resten av fargane forkjøve mot venstre.

Figur 15.60. Eksempel på bruk av «Forskyv paletten»

Eksempel på bruk av «Forskyv paletten»

Ovanfrå og nedover: den originale paletten, forskyv = 1, forskyv = 2.


Palette to Gradient

Denne kommandoen lager ein fargeovergang av alle fargane i paletten. Denne fargeovergangen vert den aktive og vert også lagra i overgangsdialogen. Fargeovergangen vil innehalde like mange segment som det er fargar i paletten.

Palett til repeterande fargeovergang

Denne kommandoen lager ein repeterande fargeovergang av alle fargane i paletten. Denne fargeovergangen vert den aktive og vert også lagra i overgangsdialogen og får eitt segment meir enn talet på fargar i paletten. Den venstre fargen i segmentet lengst til venstre får same fargen som den høgre fargen i segmentet lengst til høgre.

Figur 15.61. Eksempel på «Palett til repeterande fargeovergang»

Eksempel på «Palett til repeterande fargeovergang»

Øvst den originale paletten, deretter fargeovergangen laga med denne kommandoen.


Sorter paletten...

This command opens a dialog window which allows you to sort the colors of the palette according to certain criteria. If the palette is read only a new palette will be created that is sorted based on your settings.

Another way of sorting a palette is by using the sorting options of the Rearrange Colormap dialog.

Several settings of this dialog are not well understood. We would welcome contributions from anyone that knows how to improve this documentation.

Figur 15.62. Dialogen «Sorter paletten»

Dialogen «Sorter paletten»

  • Selections: This option determines how the palette is going to be sorted. How to use this has not been well documented by its original author. We advise to leave it at the default All.

  • Slice expression: This option affects how the palette is sorted when Slice/Array was chosen above in Selections. Documentation taken from the code:

    Leaving this empty, or entering : selects all items.

    :4, or :4 makes a 4-row selection out of all colors (length auto-determined).

    :1,4 selects the first 4 colors.

    :,4 selects rows of 4 colors (number of rows auto-determined).

    :4,4 selects 4 rows of 4 colors.

    4: selects a single row of all colors after 4, inclusive.

    4:,4 selects rows of 4 colors, starting at 4 (number of rows auto-determined).

    4:4,4 selects 4 rows of 4 colors (16 colors total), beginning at index 4.

    4 is illegal (ambiguous).

  • Channel to Sort: This option determines based on what type of color channel the sorting will happen.

  • Ascending: This option determines if the sorting needs to be ascending (Yes) or descending (No). Clicking the button changes between yes and no.

  • Secondary Channel to Sort: This option determines the secondary color channel for sorting in case the first channel sort returns equal values.

  • Ascending: This option determines if the sorting needs to be ascending (Yes) or descending (No). Clicking the button changes between yes and no.

  • Quantization: Undocumented for now.

  • Partitioning channel: This option is also used to determine how to sort.

  • Partitioning quantization: This option is used in conjunction with the previous one.

3.6.4. Paletthandteraren

Figur 15.63. Paletthandteraren

Paletthandteraren

Paletthandteraren vert brukt til to ting. Det eine er å velje forgrunns- og bakgrunnsfarge frå ein palett. Det andre er for å redigere ein palett. Du kan aktivere paletthandteraren for alle palettane i dialogen, men du får berre lov til å gjere endringar i dei palettane du har lagt inn sjølv. Vil du gjere endringar i dei som kjem ferdiginstallerte med GIMP, må du først lage ein kopi og deretter arbeide på kopien. Alle endringar vert lagra automatisk når du avslutter GIMP.

3.6.4.1. Aktivering

Paletthandteraren er berre tilgjengeleg frå palettdialogen ved å dobbeltklikke på ein palett, ved å trykke på knappen Rediger palett () nedst i dialogvindauget eller ved å velje Rediger palett frå palettmenyen.

Dette er eit dialogvindauge som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)». Du kan aktivere dialogen på to måtar:

3.6.4.2. Å bruke paletthandteraren

Dersom du klikkar på ein av fargane i paletten, vert denne gjort til forgrunnsfarge, eller til bakgrunnsfarge dersom du samstundes held nede Ctrl-tasten. Det er desse fargane som vert viste i fargeområdet i verktøykassa.

Dobbeltklikkinga opnar også fargehandteraren slik at du eventuelt kan redigere fargen, dersom paletten er slik at du får lov til dette.

Du kan opna menyen for paletthandteraren ved å høgreklikke på visingsområdet for paletten. Funksjonane i denne menyen er stort sett dei same som for knappane nedst i dialogvindauget.

Like under biletet av paletten finn du ein tekstboks der du kan skrive inn namn på den valde fargen, eller «Untitled» dersom han ikkje har noko namn. Dette namnet har ingen annan funksjon enn å gjera det lettare å hugsa fargen.

Til høgre for namneboksen finn du ei rute der du kan bestemme kor mange kolonner paletten skal visast med i dialogvindauget. Også dette valet er utan effekt på bruken av paletten, berre korleis han skal sjå ut. Dersom du set valet til 0, vil GIMP bruke normalinnstillinga.

Nedst i dialogvindauget finn du noen knappar som stort sett gjer det same som vala i menyen for paletthandteraren. Knappene, som berre er aktive dersom du har lov til å gjere endringar i paletten, er:

Lagra

Trykk på denne knappen for å lagra paletten i den private palettes-mappa di. Dersom du ikkje bruker denne knappen, vil GIMP lagra paletten når du sluttar av. Knappen er mest nyttig dersom du er redd for at GIMP skal krasje før du avslutter på normal måte.

Tilbakestill

Denne knappen er førebels ikkje i bruk.

Rediger farge

Opnar for fargehandteraren slik at du kan forandra fargen. Dersom du ikkje har tilgang til paletten, vil knappen ikkje verke. Sjå below

Ny farge frå forgrunnen

Sjå meir om denne knappen på nedanfor.

Slett farge

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

Forminsk

Sjå meirom denne knappen nedanfor.

Forstørr

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

Tilpass

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

3.6.5. Menyen for paletthandteraren

Figur 15.64. Menyen for paletthandteraren

Menyen for paletthandteraren

Menyen for paletthandteraren er tilgjengeleg ved å høgreklikke på visinga av paletten i paletthandteraren eller ved å gå inn via fanemenyen. Du kan gjere dei same operasjonanene ved å bruke knappane nedtst i dialogvindauget for paletthandteraren.

Rediger farge

«Edit Color» brings up a color editor that allows you to modify the color of the selected palette entry. If the palette is one that you are not allowed to edit (that is, one supplied by GIMP when it is installed), then the menu entry will be insensitive.

Ny farge frå forgrunn/bakgrunn

Desse kommandoane lager ein ny palettfarge ved å hente farge frå for- eller bakgrunnen som vist i verktøykassa.

Slett farge

Denne kommandoen fjernar den valde fargen frå paletten. Knappen er berre aktiv dersom du har lov til å gjere endringar i paletten.

Forminsk

«Forminsk» vil redusere høgda i visinga av paletten.

Forstørr

«Forstørr» vil auke høgda i visinga av paletten.

Tilpass

Tilpassar høgda på palettvisinga til høgda på dialogvindauget.

Rediger aktiv palett

Når denne er avmerka, som er normalinnstillinga, kan du redigere ein palett ved å klikka på han i dialogvindauget «palettar».