I tillegg til dei vanlege rasterlaga, finst det fleire spesielle lagtypar tilgjengelege i GIMP..
Tekstlaga vert brukte for å leggja inn tekst i biletet. Eit tekstlag kan nytta ein eller fleire skrifttypar og skriftfargar i tillegg til andre teksteigenskapar. Du legg til eit tekstlag ved å bruka verktøyet Tekst.
Vektorlag er lag baserte på banar med eigne fyll- og strok-innstillingar. Dei kan når som helst endrast. Du kan leggja til eit vektorlag ved å laga ein bane med baneverktøyet og deretter bruka i innstillingane for baneverktøyet.
Lenkjelaga bind saman eit lag i biletet med eit eksternt bilete ein eller annan stad på datamaskinen eller anna tilkopla utstyr. Dette kan vera nyttig når du brukar det same biletet i fleire prosjekt, for eksempel ein logo.
Når eit eksternt bilete vert oppdatert, vil GIMP automatisk oppdaga endringa og oppdaterer også versjonen du brukar som eit lenkjelag. Alle bilete som GIMP kan lasta ned kan brukast som eit lenkjelag.
Ein viktig faktor når du brukar lenkjelag, er at det eksterne biletet må vera tilgjengeleg på same staden, elles kan ikkje GIMP oppdatera biletet ditt som brukar det som lenkjelag.
Som standard vert det eksterne biletet lagra relativt til plasseringa av biletet du inkluderte som lenkjelag. Du kan altså flytta biletet kvar som helst så lenge du også flyttar det eksterne biletet til den same relative possisjonen.
|
Notat |
|---|---|
|
Lenkjelag er det same som «Smart Objects» i andre biletprogram. |