4.9. Støvfjernar

4.9.1. Oversyn

Dette filteret vert helst brukt for å fjerna støvflekkar og riper på eit skanna foto, men kan også fjerna moiré-mønster på bilete skanna frå t.d. eit blad. For å unngå uventa effektar på resten av biletet, må du isolera defektane før du brukar filteret. Filteret bytar ut kvar piksel med gjennomsnittsverdien for pikslane innføre den spesifiserte radiusen.

4.9.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterForbetraStøvfjernar ….

4.9.3. Innstillingar

Figur 17.46. Innstillingane for filteret «Støvfjernar»

Innstillingane for filteret «Støvfjernar»

Førehandsvising

Når denne er avkryssa, vert innstillingane viste i førehandsvisinga.

Filter Type
Median

The median value of the pixels within the set Radius around the target pixel is used to replace the target pixel value.

Tilpassande

Tilpassar radius til innhaldet i biletet eller utvalet ved å analysera histogrammet i området rundt målpikselen. Denne radiusen vil alltid verta lik eller mindre enn den spesifiserte radiusen.

Recursive-Median

Repeats the Median filter action to get a stronger effect.

Recursive-Adaptive

Repeats the Adaptive filter action to get a stronger effect.

Radius

Her bestemmer du kor stort område filteret skal verka på. Skalaen går frå 1 (3 × 3 pikslar) til 20 (41 × 41 pikslar). Etter som vindauget flyttar seg over biletet, vert fargane i det glatta ut. Dette kan føra til at småfeil forsvinn.

Svartnivå

Ta berre med pikslar som er lysare enn den verdien sett i histogrammet (-1 – 255).

Kvitnivå

Ta berre med pikslar som er mørkare enn den verdien sett i histogrammet (0 – 255).