Kapittel 9. Forbetre foto med GIMP

Innhald

1. Bilete frå digitalkamera
1.1. Innleiing
1.2. Å forbetra komposisjonen
1.3. Å forbetra fargane
1.4. Skarpjustering
1.5. Å fjerne uønska element frå eit bilete
1.6. Å lagre resultatet

1. Bilete frå digitalkamera

1.1. Innleiing

GIMP er svært godt eigna til å rette opp digitalkamerabilete som av ein eller annan grunn ikkje er heilt slik du måtte ønskje. Kanskje er biletet over- eller undereksponert, kanskje litt skeivt eller litt ute av fokus. Dette er vanlege problem som GIMP faktisk ofte har løysingar på. Føremålet med dette kapitlet er å gi deg eit oversyn over desse reiskapa og når dei kan vere til nytte. Du vil ikkje finne detaljerte oppskrifter her, og heller ikkje særleg mykje om ulike spesialeffektar. Det du finn er noen smakebitar frå ulike kategoriar, og kanskje noen idéar. Den beste måten å lære bruken av desse verktøya er å eksperimentera. Har du lyst til å studera verktøya nærare, finn du utførleg omtale i den hjelpseksjonen som høyrer til det aktuelle verktøyet. For å ha full glede av dette kapitlet, bør du ha litt kjennskap til GIMP frå før, men du treng på ingen måte vere ekspert. Ver heller ikkje redd for å prøve deg fram. Angrefunksjonen i GIMP er svært godt utbygd. Du kan sleppe unna nesten alle mistak ved hjelp av tastekombinasjonen Ctrl + Z.

Det folk flest oftast har bruk for er hjelpemiddel for å forbetra komposisjonen, endra fargane, gjere biletet skarpare og å fjerne uønska element i biletet.

1.2. Å forbetra komposisjonen

1.2.1. Rotere biletet

Det hender sikkert også deg ein gong i blant at du held kameraet litt skeivt, og dermed ender opp med eit litt skakt bilete. Dette er det lett å retta opp i GIMP ved hjelp av verktøyet roter. Du aktiverer dette verktøyet anten ved å klikka på ikonet i verktøykassa eller ved å taste stor R når du er innføre biletet. Forsikra deg om at knappen transformer lag i verktøyinnstillingane for roteringsverktøyet er aktivert. (Den venstre knappen av dei tre heilt øvst i dialogvindauget). Dersom du nå klikkar ein stad på biletet og flytter musemarkøren medan du held venstre museknappen inne, vil du sjå at ein del av biletet «vrir» seg. Samstundes dukkar det opp eit vindauge med «rotasjonsinformasjon». Når du meiner rotasjonen er høveleg, klikk knappen Roter i informasjonsvindauget, og biletet vil bli sett til den nye utsjånaden.

Det er ikkje alltid like lett å treffa den rette rotasjonsmengda første gongen, og det er freistande å korrigera litt med nye rotasjonar både ein og fleire gonger. Dette bør du helst unngå. Metoden som blir brukt ved denne forma for rotasjon, gjer at biletet blir litt meir uskarpt for kvar rotasjon, same om du roterer biletet mykje eller lite. Kanskje ikkje merkbart om du roterer biletet éin gong, men før eller seinare vil du tydeleg kunne sjå resultatet. Du omgår problemet enklast ved å nullstilla biletet (Angre) mellom kvar rotering.

I GIMP finst det også ein annan, og enklare, måte å rotera bilete på. I verktøyinnstillingane for rotasjonsverktøyet finn du ein avkryssingsboks merka Bakover (korrigerande). Når du brukar denne metoden, vil biletet bli rotert i samsvar med feilen og ikkje, slik som i den førre metoden, for å kompensera for feilen. Vanskeleg? Prøv metoden, og du vil sjå at det er enklare gjort enn sagt.

[Notat] Notat

I eldre versjonar av GIMP, dvs. før versjon 2.2, blir rotasjonen markert noe annleis enn forklart her. Du får då fram bare ei ramme som markerer rotasjonen, ikkje noe førehandsvising. Ein god grunn til å oppdatera GIMP.

Når du har rotert eit bilete, vil det bli noen trekanta «hol» i kvart hjørne. Ein måte å bli kvitt desse hola på, er å fylla dei med ein eller annan høveleg bakgrunn. Ein betre måte er å «stusse» (beskjera) biletet litt. Altså å skjere ut ein passeleg bit av biletet, utan å ta med hjørnehola. Sjølvsagt er det aller beste å halde kameraet så rett som mogeleg når du tar biletet, men det er ikkje alltid like enkelt det heller.

1.2.2. Beskjering

Når du fotograferer, har du ein viss kontroll med kva som kjem med på biletet. Likevel hender det at du seinare oppdagar at biletet kan forbetrast ved å klippe bort uvedkomande ting. Ofte er det også rom for forbetringar ved å endre utsnittet slik at dei viktigaste elementa kjem i dei såkalla nøkkelpunkta. Ein tommelfingerregel, som ikkje bør følgjast altfor slavisk, er «tredelinga». Denne regelen seier at dersom du deler eit bilete i tre, både horisontalt og vertikalt, skal dei viktigaste elementa i eit bilete plasserast der desse linjene kryssar kvarandre.

For å beskjere eit bilete klikkar du på beskjeringsverktøyet i verktøykassa, eller trykker stor C medan du er innføre biletet. Når du nå klikkar og dreg innføre biletet, vil du sjå eit rektangel som viser kva som blir att og kva som blir skore vekk. Du kan utvida og krympa rektangelet ved å ta tak i firkantane i hjørna. Det vil også dukke opp ein dialog der du kan finjustera området dersom det er nødvendig. Når alt er slik du vil ha det, trykk Beskjer-knappen i dialogvindauget.

1.3. Å forbetra fargane

1.3.1. Automatiserte verktøy

Trass i avanserte system for eksponeringskontroll, blir bilete tatt med digitalkamera ofte over- eller undereksponerte. I tillegg er det nokså vanleg med fargestikk, altså at biletet har for mykje eller for lite av ein farge. I GIMP er det lagt inn mange ulike reiskap for å korrigera fargane i eit bilete, frå automatiske verktøy som blir aktiverte med eit klikk, til avanserte hjelpemiddel der du kan finjustera alle parametra manuelt. Vi byrjar med dei enklaste.

I GIMP finn du fleire automatiske verktøy for korrigering av fargar. Sjølv om dei kanskje ikkje alltid fører fram til dei resultata du er på jakt etter, er dei raske å prøve ut og kan i det minste gi ei rettleiing om kva som bør gjerast med biletet ditt. Med unnatak av autonivå, finn du desse verktøya i biletmenyen under FargarAuto.

Her er ein omtale av dei ulike hjelpemidla:

Normaliser

Dette verktøyet (eigentleg eit programtillegg) kan vere nyttig for å justera undereksponerte bilete. Det justerer heile biletet slik at det lysaste punktet bli heilt på metningsgrensa, og det mørkaste punktet blir svart. Justeringa blir bestemt heilt og fullt ut frå det mørkaste og det lysaste punktet i biletet. Difor vil programmet ikkje ha noen verknad dersom det finst eitt einaste svart og eitt einaste kvitt punkt i biletet frå før.

Jamn ut

Denne funksjonen prøver å fordela fargane i biletet likt utover heile det tilgjengelege området av moglege lysstyrkar. Som oftast blir resultatet nokså merkeleg, men i av og til greier programmet å setje opp kontrastar og fargefordelingar som er nesten uråd å få fram på andre måtar. Sidan det bare tar ein augneblink å prøve ut effekten, er det vel verd eit forsøk.

Fargeforbetring

Denne funksjonen aukar fargemetninga i det aktive laget utan å endra fargetone eller lysverdi. Difor verkar dette verktøyet ikkje på gråtonebilete.

Strekk kontrast

Liknar på «Normaliser», men arbeider på kvar fargekanal for seg, uavhengig av kvarandre. Kan ofte redusera fargeforskyvingar.

Strekk HSV

Kommandoen gjer det same som «Strekk kontrast», men arbeider i fargemodellen HSV i staden for i RGB. Dermed blir kuløren bevart uendra.

Kvitbalanse

Justerer fargane ved å fjerna lite brukte fargar og fordele dei resterande fargane utover i dei ledige områda. Vil ofte forbetra bilete som manglar rein kvit eller rein svart.

Autonivå

Dette verktøyet kan du opna mellom anna frå biletmenyen med FargarNivå. Dersom du har brukt dette verktøyet tidlegare, og ikkje har brukt noen andre automatiske verktøy i mellomtida, vil juster fargenivå også dukka opp om du klikkar ein eller annan stad på biletet. Finn knappen merka auto i dialogvindauget og klikk på denne. Dersom førehandsvisinga ser bra ut, kan du klikka OK for å gjera endringa varig. Dersom du ikkje får noe førehandsvising, sjå etter at det er kryssa av for dette i dialogvindauget. Trykker du avbryt, vil det ikkje bli noen endringar i biletet.

Du kan også bruke dette verktøyet halvautomatisk. Like etter knappen Auto finn du tre knappar merka med ei pipette. Held du musepeikaren over den første av desse, vil det dukka opp ein tekst som fortel at du kan velje svartpunkt. Klikk på denne og finn deretter eit skikkeleg svart punkt i biletet og klikk på dette. Klikk deretter på den tredje knappen og deretter på eit biletpunkt som ser ordentleg kvitt ut. Endeleg bruker du den midtarste knappen for å plukke ut eit grått punkt. For kvar gong du plukkar ein farge, vil du sjå at biletet endrar seg. Dersom du er fornøgd med resultatet, trykker du OK-knappen. Er du ikkje nøgd, prøv igjen, eller avslutt utan å endra biletet ved å trykka Avbryt.

Dette var dei automatiske fargejusteringane. Finn du at ingen av desse gjer nøyaktig det du ønskjer, må du over på dei interaktive fargeverktøya. Alle desse, unntatt ein, kan nåast via VerktøyFargeverktøy eller Fargar i biletmenyen. Etter at du har vald verktøy, kan det hende du må klikka på biletet for å aktivera dialogvindauget for verktøyet.

1.3.2. Korrigering av feileksponeringar

Det enklaste av desse verktøya er lysstyrke/kontrast. Du kan ikkje gjere så svært mykje med dette verktøyet, men kan vere til nytte når du skal korrigera over- eller undereksponerte bilete. (Derimot er det ubrukbart til å korrigera fargefeil med). Verktøyet har to glidebrytarar som du bruker for å stilla inn lysstyrke og kontrast med. Har du merka av for førehandsvising, og det bør du, kan du sjå resultata direkte på biletet. Kjem du fram til ei innstilling du er nøgd med, klikkar du OK og biletet er endra. Kjem du ikkje fram til noe fullgodt resultat, klikkar du Avbryt, og alt er som før.

Eit meir avansert, men bare litt vanskelegare, verktøy er «Tonenivå». Dialogvindauget for dette verktøyet ser noe innvikla ut, men til vanleg bruk greier det seg med det området som er merka som «Inngangsnivå» og dei tre trekanta sleideknottane på skalaen like under histogrammet. Den lettaste måten å lære seg korleis verktøyet verkar, er å prøve seg fram. Forsikra deg om at du har merka av for førehandsvising. Skulle du likevel ha behov for nærare opplysningar, kan du kikke på nivåverktøya. Sjå også under «Automatisk tonenivå» ovanfor.

Eit svært kraftig verktøy for å korrigera eksponeringsfeil, er kurveverktøyet. Med dette verktøyet kan du gjere alt det dei to føregåande verktøya kan gjere bare ved å dra kontrollpunkt rundt på ei kurve i ei grafisk framstilling av fargeverdiane i biletet. Samla for alle fargane, eller kvar farge for seg. Igjen er det vel nok å minna om at den enklaste måten å læra seg bruken av verktøyet er å prøve seg fram, etter at du har forsikra deg om at førehandsvisinga er aktivert. Skulle du likevel ha behov for nærare opplysningar, kan du kikke på kurveverktøyet.

Ein annan måte å kontrollera lysstyrke og kontrast på, er å lage eit nytt lag over det laget du arbeider med. Set modus for det nye laget til multipliser. Nå kan du teikne med ulike gråtoner, frå svart til kvitt, der du ønskjer endringar i biletet. Unngå å teikne med farge, dersom du ikkje ønskjer fargeskift i biletet. Dess lysare grå du brukar, dess mindre endringar. Kvit farge gir ingen forandringar. Du bør bruke diffuse penslar. Harde penslar kan gi uønska effektar ved overgangane. Juster deretter blandingstilhøvet med glidebrytaren som styrer kor gjennomsiktig det nye laget skal vere.

Modus multipliser kan bare gjere deler av biletet mørkare. Har du bruk for å gjere deler av biletet lysare, vel du i staden modus divider. Det finst ein avansert måte å henta fram maksimalt med detaljar i biletet uansett opp- eller nedtoning:

  1. Kopier laget (lagar eit nytt lag oppå det du arbeider med).

  2. Avmett det nye laget. ( FargarMindre metning).

  3. Legg til Gaussisk sløring med stor radius, 100 eller meir. (FilterSløringGaussisk sløring).

  4. Sett modus i lagdialogen til divider.

  5. Kontroller kor sterk korreksjonen skal vere med glidebrytaren for dekkevne i lagdialogen. Du kan også bruke lysstyrke/kontrast, tonenivå eller kurveverktøyet på det nye laget før du justerar dekkevna.

  6. Når du er nøgd med resultatet, bruker du kommandoen Flett saman nedover for å kombinera laga til eitt enkelt lag.

I tillegg til multipliser og divider kan du kanskje oftare få til brukbare effektar med andre modus som t.d. etterbelys (Bm.: Brenn) eller avskygging (Bm.: Blek). Ver likevel litt forsiktig med desse filtra. Dersom du etter ei lita stund med eksperimentering riv deg laus frå datamaskinen, vil du kanskje oppdaga at sola er i ferd med å stå opp. Det er fort gjort å bli riven med. Dessutan er det slik at dess fleire val du har, dess vanskelegare er det å bestemma seg.

1.3.3. Å justere kulør og metning

Dersom biletet ditt har fargestikk, dvs. for mykje raudt, grønt eller blått, kan dette lett korrigerast ved hjelp av verktøyet for justering av fargenivå. Korriger kvart fargenivå for seg. Dersom dette ikkje blir bra nok, kan du forsøka verktøyet for å justera fargebalansen, eller kurveverktøyet. Desse to siste er likevel vanskelegare å bruka til denne oppgåva enn den første. (Dei er derimot ypparlege til andre oppgåver).

Det kan til tider vere svært vanskeleg å sjå om fargane er høveleg justerte. Eit greitt hjelpemiddel er å finne eit punkt i biletet som du veit skal vere kvitt eller grått, og plukke opp denne fargen med fargeplukkaren (pipettesymbolet i verktøykassa). Dersom denne fargen inneheld like mykje raudt, grønt og blått ut frå opplysningane som kjem fram i dialogvindauget som dukkar opp, er fargejusteringa korrekt. Dersom fargefordelinga er skeiv, er det lett å sjå kva fargar som må rettast på. Denne teknikken høver også for fargesvake med behov for hjelpemiddel til denne typen arbeid.

Dersom biletet er blast, noe som lett skjer når du fotograferar i sterkt lys, kan du forsøka verktøyet kulør/metning. Her finn du tre glidebrytarar: kulør, lysstyrke og metning. Som oftast vil denne typen bilete bli sterkt forbetra ved å auke metninga, og eventuelt etterjustere lysstyrken om det er nødvendig. («Lysstyrke» i denne kontrollen er ikkje heilt det same som «lysstyrke» i kontrollen for lysstyrke/kontrast sidan dei reknar ut verdiane frå litt ulike kombinasjonar av fargekanalane). I tillegg kan du med kontrollen kulør/metning også finjustera utvalde fargar med fargeknottane øvst i dialogvindauget. Desse er helst for spesiell effektar, og bør ikkje nyttast dersom du ønskjer naturlege fargar i biletet ditt.

[Tips] Tips

Sjølv om biletet er korrekt eksponert, vil det ofte sjå betre ut dersom du aukar metninga litegrann.

Dersom du fotograferar med for lite lys, får du ofte eit motsett problem. Bileta blir for mykje metta. Du kan då sjølvsagt nytta dei same verktøya som ovanfor, men redusera metninga i staden for å auka ho.

1.4. Skarpjustering

1.4.1. Gjer biletet skarpare

Dersom biletet ikkje er skikkeleg fokusert, eller du har ledd på kameraet under fotograferinga, vil biletet bli uskarpt. Det same kan skje om kamerabatteria er nesten flate. Eit svært uskarpt bilete er det ikkje så mykje å gjere med, men er det bare litt uskarpt kan det kanskje bergast.

Den vanlegaste teknikken for å gjere uklåre bilete skarpare, er å nytte uskarpmaske. Dette tilsynelatande misvisande namnet skriv seg frå ein teknikk som blei brukt under framkallinga av film, men er altså, som ein del andre uttrykk, tatt med over i digitalverda. Føremålet med uskarpmaska er å gjere biletet skarpare, ikkje meir uskarpt. Dette filteret, som eigentleg er eit programtillegg, kjem du til frå biletmenyen via FilterForbetraUskarpmaske. Dette filteret har tre parametrar, «radius», «mengde» og «grenseverdi». Til vanleg vil førehandsinnstillingane gi gode resultat, så du bør prøve desse først. Aukar du radius og/eller mengda, vil effekten bli forsterka, men du risikerer at eventuell støy i biletet blir forsterka. I tillegg kan du få noen merkelege effektar særleg ved skarpe kantar. Du kan til ei viss grad unngå dette ved å heva grenseverdien. Altså stille «grenseverdien» til ein høgare verdi.

[Tips] Tips

Dersom det er store kontrastar i biletet, har uskarpmaska lett for å generera fargefeil. Skulle dette skje, kan du i staden prøve å dele biletet opp i separate lag med BileteModusSeparer og velje «HSV». Bruk uskarpmaske på kvart enkelt av desse laga. Deretter kan du slå laga saman att til eitt lag. Dette kan verke fordi vi oppfattar lysstyrke mykje betre enn farge. Sjå separer og kombiner for meir om dette.

Like over uskarpmaske i filtermenyen finn du filteret gjer skarpare. Detter filteret gjer omlag det same som uskarpmaska og er i tillegg enklare i bruk. Diverre er det ikkje på lange nær så effektivt. Rådet vårt er difor: Bruk uskarpmaska i staden.

Har du bruk for å gjere deler av biletet skarpare, kan du prøve verktøyet slør eller skjerp (Bm.: Konvolver) som du finn i verktøykassa. Med dette verktøyet kan du gjere biletet skarpare, eller mindre skarpt, ved å teikna på det aktuelle området med kva pensel som helst. Det er likevel vanskeleg å få endringane til å sjå naturleg ut med dette verktøyet. Overgangane blir nok skarpare, men samstundes kan du risikera å forsterka eventuell støy som måtte finnast i biletet.

1.4.2. Å fjerne korn

Når du fotograferar i dårleg lys, eller nyttar for rask film (høg ISO-verdi), vil biletet bli kornete. Du kan nok glatta ut korna ved å gjera biletet litt uskarpt, men dermed blir biletet også, ja nettopp, uskarpt. I staden finst det to andre verktøy som truleg vil gi betre resultat. Dersom korna ikkje er for store og tydelege, kan du prøva med å setja filteret selektiv gaussisk sløring til ein radius på 1 eller 2 pikslar. Du finn filteret i biletmenyen under FilterSløringselektiv gaussisk sløring. Den andre måten er ved å nytte støvfilteret. Dette finn du i biletmenyen under FilterForbetraStøvfjernar. Du kan nytte førehandsvising når du prøver ut filteret, noe som gjer det lett å eksperimentera med innstillingane.

1.4.3. Oppmjuking

Dersom biletet ditt er litt hardt, kan det hende du ønskjer å mjuka det opp litt. Dette løyser du ved å gjere biletet litt uskarpt med filteret «Sløring» som du finn i biletmenyen under FilterSløringSløring. Repeter sløringa til resultatet er akseptabelt.

1.5. Å fjerne uønska element frå eit bilete

Uønskte element har i denne samanhengen oftast to ulike opphav. Anten er det flekkar eller støy som kjem frå kameraet eller tilleggsutstyret ditt, eller det er ting som var til stades då du tok biletet, men som du ikkje ønskjer på det ferdige fotografiet, som t.d. ei høgspentlinje i eit elles nydeleg fjellandskap.

1.5.1. Støvfilteret

For å ta bort støv og å retta opp småfeil, er støvfilteret ganske nyttig. Du finn det i biletmenyen under FilterForbetraStøvfjernar. Det er svært viktig at du bruker dette filteret på små område. Bruk eit av utvalsverktøya og marker feilen som skal rettast opp og eit lite område rundt denne, før du aktiverer filteret. Området må vere så lite at du lett kan skilja biletpunkta som høyrer til feilen frå dei «normale» punkta. (Dersom du prøver dette filteret på heile biletet, vil du truleg aldri finna ei innstilling som gir brukbart resultat). I dialogvindauget for «støvfilteret» finn du ei grei førehandsvising. Følg med på denne medan du endrar parametra med glidebrytarane. Dersom du er heldig, kan du finna ei innstilling som fjernar feilen utan å påverka området rundt for mykje. Dess tydelegare feilen er, dess enklare er det å fjerna han. Dersom det er uråd å finne innstillingar som tar bort feilen, avbryt og prøv på nytt med eit noe anna område på biletet.

Har du fleire feil av denne typen på biletet ditt, må du gjenta prosessen for ein feil om gongen.

1.5.2. Fjerning av søppel

Har du behov for å fjerne uønskte element frå biletet ditt, er kanskje kloneverktøyet den greiaste løysinga. Med dette verktøyet kan du teikne på ein del av biletet med utsnitt tatt frå ein annan del av biletet, eller frå eit heilt anna bilete. Løyndommen bak effektiv bruk av kloneverktøyet, er at det finst ein høveleg del av biletet som kan kopierast over den delen du vil ha fjerna. Dersom områda på biletet er svært ulike det som skal erstatta feilen, har du ikkje mykje å fara med. Heldigvis er det som oftast enkelt å finna høvelege område. Har du eit godt bilete av ei nydeleg strand, bare skjemma av ein dårleg plassert person i bakgrunnen, burde det vere lett å finne eit tomt område av stranda som kan nyttast til å klone over den uønskte personen. Det er heilt forbløffande kor naturleg slik kloning kan sjå ut. Ofte heilt umerkande dersom du arbeider litt med teknikken og er heldig med biletet.

Eit anna verktøy, som kan minne om kloninga er helbredingsverktøyet. Dette tar i tillegg også omsyn til omgivnadane ved kloninga og kan difor i mange tilfelle gi betre resultat enn vanleg kloning. Typisk bruksområde er utbetring av rynker og andre småfeil.

Du kan finna meir om kloning i hjelp for kloneverktøyet. Kloning er meir ein kunst enn ein vitskap, og dess meir du øver deg, dess betre resultat kan du oppnå. Ikkje bli skræmd om dei første forsøka blir mislukka. Øving gjer meister.

I noen tilfelle kan du oppnå gode resultat ved å fjerne området med feil i og deretter bruke programtillegget «Resynthesizer» for å fylle inn det som manglar. Dette programtillegget blir ikkje levert saman med GIMP, men kan lastast ned frå utviklaren si nettside [PLUGIN-RESYNTH].

1.5.3. Fjerne raude auge

Dette er eit fenomen som kan oppstå når blitslyset blir reflektert frå netthinna til ein person eller eit dyr og tilbake til kameraet. Mange moderne kamera har blitsfunksjonar som skal hindre denne effekten, men dei verkar bare om du brukar dei, og ikkje alltid då heller. Reflekslyset frå eit menneskeauge er alltid raudt, men frå dyr kan dette lyset ha mange andre fargar.

Frå og med versjon 2.4 har GIMP eit spesielt filter for å fjerna raude auge. Det enklaste er å markere eitt auge med eit av utvalsverktøya og deretter opna filteret. Du kan bestemme grenseverdien for raudfargen som skal omformast.

1.6. Å lagre resultatet

1.6.1. Filer

Det finst ikkje noe eintydig svar på kva filformat du bør lagre bileta dine i. Alt kjem an på kva du har tenkt å bruka bileta til.

  • Dersom meininga er å opna biletet i GIMP igjen for å arbeida vidare på det, må du lagra i GIMP sitt eige XCF-format. Altså som «biletnamn.xcf». Dette er det einaste formatet som garanterar at det meste av informasjonen i biletet verkeleg blir lagra. Ulempen er at det bare kan lesast av GIMP.

  • Er det meininga å skriva biletet ut på papir, må du unngå å redusera formatet på andre måtar enn ved beskjering. Ein skrivar kan ha frå 600 til 1400 fargepunkt per tomme (dpi), alt etter kvaliteten og bruksområdet. Dataskjermen har frå 72 til 100 dpi. Eit bilete på 3000 x 5000 dpi ser svært stort ut på skjermen, men kjem ut som 12,5 x 20 cm på papiret. Altså omlag som eit A5-ark. Skal du forstørre biletet, gjer du dette når du skriv ut, ikkje når du lagrar det. Det er uråd å forbetra oppløysinga når du forstørrer eit bilete, utanom å gå til full retusjering. Til vanleg høver formatet JPEG (ofte oppgitt som JPG) godt til dette føremålet. Sett kvalitetsnivået til 75 - 85. Inneheld biletet store, einsfarga biletflater, kan du setje kvaliteten enda høgare, eller nytte eit anna format som ikkje reduserer biletet, t.d. TIFF-format.

  • Skal biletet bare visast på skjerm, eller med videoprosjektør, er det ingen vits i å lage biletet større enn 1600 x 1200. Vanlege skjermar har ikkje betre oppløysing. Også her vil JPEG-formatet vere eit godt val.

  • For bilete som skal brukast på nettsider eller sendast med e-post, må du nytta alle knep for å laga biletfila så lita som råd er. (Dette er gyldig regel også om alle mottakarane har breiband). Først kan du forminska biletet til det aktuelle formatet. Likevel ikkje meir enn at alle relevante detaljar er synlege. Du bør likevel hugsa på at mottakaren kan nytta ein annan skjermstorleik eller skjermoppløysing enn det du gjer. Neste steg er å lagra biletet i JPEG-format. Bruk «Førehandsvising i biletvindauget» og juster kvaliteten til det lågaste akseptable nivået. Forsikra deg om at biletet blir vist i storleik 1 : 1 slik at du ikkje blir lurt av at biletetstorleiken. Du kan også bruke PNG-formatet, men kan då ikkje førehandsvisa innstillingane, og må såleis prøve deg fram med ulike lagringar. PNG-formatet lagrar fleire opplysningar om biletet enn JPEG gjer. Dessutan har formatet alfakanal, dvs. at du kan ha (deler av) biletet transparent.

Sjå under filformat for nærare om dei andre filformata.

1.6.2. Å skrive ut foto

Som i dei fleste programma, må du også i GIMP gå til hovudmenyen på FilSkriv ut for å aktiver utskrift. Det kan vere nyttig å hugse på noen enkle reglar for å unngå overraskingar når du studerer resultatet. Det viktigaste er:

  • at biletet som blir vist på skjermen er i RGB-format og at utskrifta blir gjort i CMYK-modus. Difor vil fargane i utskrifta aldri bli heilt like dei du ser på skjermen. Dette kjem av at fargekarta dei to fargemodellane bruker ikkje er heilt like. Er du nysgjerrig på dette, kan du finne meir opplysningar på desse lenkene i Wikipedia:

  • at skjermoppløysinga er til vanleg mellom 75 og 100 dpi, medan skrivare bruker ei oppløysing som er mykje høgare. Storleiken på utskrifta er avhengig av kor mange pikslar som er til rådvelde, og oppløysinga, så det utskrivne biletet vil alltid bli mindre enn det du ser på skjermen.

Før du skriv ut noe som helst, bør du kikke på BileteUtskriftformat for å sjå kor stor utskrifta blir. Du kan forandre storleiken anten ved å endre høgde og breidde, eller ved å endre oppløysinga. Symbolet viser at desse er lenka saman. Normalt bør du ikkje oppheve lenkinga mellom x-oppløysing og y-oppløysing. Vanlege skrivarar bruker same oppløysinga i begge retningane. Valet er truleg set inn for å kunne finjustera defekte skrivarar eller eventuelt for å lage spesielle effektar. Å opne lenka kan såleis gi mange overraskingar!

Eit siste råd: Kontroller margane og sentreringa ved hjelp av Biletinnstillingar under FilerSkriv ut. Det ville vere synd om margane er så breie at dei skjer vekk ein del av biletet eller at ei ubrukeleg sentrering øydelegg utskrifta, særleg om du bruker spesielle fotopapir.

1.6.3. EXIF-data

Når du fotograferar med eit digitalkamera, vil dei fleste fotoapparata legge ein del informasjon om dato, kamerainnstillingane og elles kva produsenten har meint kan vere relevant, inn i biletfila. Desse opplysningane blir lagt inn i JPEG- eller TIFF-filer i eit format som blir kalla EXIF. GIMP kan ikkje gjere seg nytte av desse opplysningane, men dersom GIMP er sett opp med denne operasjonen, kan du lasta inn filer med EXIF-data og lagra dei att i JPEG-format utan å mista opplysningane. Dette er ikkje den ideelle måten å behandla EXIF-data på, men det er betre enn i tidlegare versjonar av GIMP, som ignorerte opplysningane utan å lagra dei.

Dersom du har behov for å lesa opplysningane som ligg i EXIF, kan du laste ned og installera tilleggsprogrammet Exif Browser plug-in. Ein grei plass å legga det er i biletmenyen Filter->Forbetre->Exif Browser. Treng du hjelp for dette, sjå installere nye tilleggsprogram.