Dette verktøyet blir først og fremst brukt for å beskjere biletet, dvs. å skjere vekk meir eller mindre av biletkantane for å framheva motivet eller gi betre balanse i biletet. Det kan også vere nyttig når du har behov for å ha biletet i eit bestemt format.
Tilliks med utvalsverktøya, blei også beskjeringsverktøyet forbetra i GIMP versjon 2.4. Handtaka i kvart hjørne av beskjeringsrektangelet blir nå bare brukt til å forandra storleiken på rektangelet, ikkje for å flytte det. Dette for å få verktøyet meir i samsvar med dei andre verktøya i GIMP. For å flytte beskjeringa, klikkar du nå ein stad inne i rektangelet og drar det til ønskt stad. Ved å klikke og dra i eit av handtaka, kan du utvida rektanelet i ei eller to retningar. Det er også tilsvarande handtak for kvar side i rektangelet. Det er råd å gjere alt som kjem utanfor beskjeringsrektangelet mørkare slik at det er lettare å sjå korleis utskjeringa blir. Når alt er slik du vil ha det, klikkar du på innsida av rektangelet, eller trykker Enter-tastene, for å utføre klippinga.
Når musepeikaren viser flyttemerket, kan du bruke piltastane for å flytte beskjeringsrektangelet ein piksel om gongen. Held du nede Shift-tasten vil kvart steg bli på 25 pikslar.
Du kan bruke hjelpelinjer for å plassere beskjeringsområdet. Sjekk eventuelt at valet
→ er aktivert.Notat | |
---|---|
Bildefil |
Du kan hente fram dette verktøyet anten
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen Shift + C.
Når du klikkar inne i beskjeringsrektangelet og held nede museknappen vil handtaka forsvinne.
Trykk på Ctrl-tasten for å slå av og på Ekspander frå sentrum.
Trykker du nå ned på Shift-tasten vil du kunne slå av og på funksjonen Fast.
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Gjer at verktøyet verkar bare på det aktive laget.
Dette valet gjer at beskjeringa eller endringa av storleiken også kan gjerast utanfor biletet eller laget og endatil på lerretet. Du kan såleis velje kva storleik du vil på biletet. Dersom det ikkje finst noe å beskjere, vil dette bli gjennomsiktig.
Denne funksjonen gjer at beskjeringsrektangelet vil utvida seg frå der du først klikka, med klikkpunktet som midtpunkt. Du kan slå denne funksjonen av og på med Ctrl-tasten medan du teiknar rektangelet.
Gjer at beskjeringa held seg til eit fast forhold mellom breidde og høgde. Du kan skrive inn dette forholdet i dialogvindauget.
Sideforhold: Dette er det førehandsinnstilde valet. Forholdet mellom breidde og høgde blir det same som i originalbiletet.
Breidde / Høgde: Breidda eller høgda blir halde på den verdien som er sett i innskrivingsruta nedanfor. Førehandsvalet er sett til 100 pikslar.
Format: Breidda og høgda blir bestemt av tala i innskrivingsruta nedanfor. Formatet kan skrivast inn som to tal med ein bokstav mellom, eksempelvis som «150x100». Beskjeringsrektangelet vil bli sett til desse dimensjonane så snart du klikkar inne i biletet. Heilt til høgre finn du to knappar. Den første knappen gjer at formatet blir i ståande, dvs. i høgdeformat. Den andre at det blir liggande, dvs. i breiddeformat.
Desse to tekstrutene viser koordinata for det øvre, venstre hjørnet for beskjeringsrektangelet. Den venstre ruta viser horisontal og den høgre ruta vertikal posisjon. Du kan også skrive i boksane og såleis frandre posisjonen for rektangelet. Måleeininga er til vanleg pikslar, men du kan få fram ei liste over andre måleeiningar ved å klikke på knappen
. Koordinata har nullpunktet i det øvre, venstre hjørnet av lerretet, ikkje biletet.Den venstre ruta viser breidda og den høgre ruta høgda på beskjeringsrektangelet. Du kan også skrive i desse rutene. Måleeininga er til vanleg pikslar, men du kan få fram ei liste over andre måleeiningar ved å klikke på knappen
.Dersom denne er aktivert, vil området utanfor beskjeringsrektangelet bli gjort mørkare for å utheve rektangelet.
Alle typar hjelpelinjer er omtalte i Del 2.2, «Rektangelutvalet»
Denne knappen vil prøve å finne ein kant i det aktive laget og legge beskjeringsrektangelet mest mogleg inntil denne kanten. Denne funksjonen er nyttig bare dersom det finst område som skil seg tydeleg ut frå bakgrunnen.
Normalt vil autokrymp bruke data frå det aktive laget. Dersom «krymp fletta» er aktivert, vil det i staden bli brukt data frå alle synlege lag.