5.5. Forstørr

Figur 16.51. Innhaldet i menyen

Innhaldet i menyen

Undermenyen Forstørr inneheld ein del kommandoar som påverkar kor stort eller lite biletet skal visast på skjermen («zooming»). Det kan verre nyttig å forstørra biletet når du treng å arbeide nøyaktig, anten det nå er for å forandra enkelte pikslar, eller det er å gjera eit nøyaktig utval. På den andre sida kan det vera nyttig å forminska biletet for å få oversyn over korleis det eigentleg ser ut. Sidan visinga ikkje påverkar biletdataa, kan denne funksjonen ikkje angrast.

[Tips] Tips

I tillegg til denne undermenyen, kan du også finna ein liknande meny nedst i biletvindauget, dersom du ikkje har slått av statuslinja. Her er fleire førehandsvalde innstillingar tilgjengelege.

Ein annan forstørringsmeny finn du i navigeringsdialogvindauget. Endeleg kan du også bruka verktøyet Forstørr og forminsk i verkøykassa. Med dette kan du forstørra eller forminska bestemte område av biletet.

5.5.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen frå menyen via VisForstørr. Merk at «Forstørr» i menyen «Vis» viser den gjeldande forstørringsfaktoren, for eksempel Forstørr (100 %).

5.5.2. Innhaldet i undermenyen «Forstørr»

Dei ulike kommandoane i denne undermenyen er omtalte nedanfor, eventuelt med tastesnarvegar dersom slike finst.

Tilbakestill forstørringa

(Snarveg: ` [gravisteiknet]). Dette menyvalet tilbakestiller forstørringa til sist brukte verdi. Denne verdien vert også vist i menyvalet som t.d. Tilbakestill forstørringa (100%). Dette menyvalet er aktivt berre dersom du ein eller annan gongen har endra forstørringa.

Forminsk

(Snarveg: - [minusteiknet]) Kvar gong du brukar denne vert biletet forminska ca. 30 %. Nedre grense er 0,39 %.

Forstørr

(Snarveg: + [plussteiknet]) Kvar gong du brukar denne vert biletet forstørra ca. 30 %. Øvre grense er 25 600 %.

[Notat] Notat

Tastesnarvegen for «forstørr» har vore litt kontroversiell fordi det er ein mykje brukt kommando og på dei engelske tastatura må du halde nede Shift-tasten for å bruka han. Dette er ikkje nødvendig på europeiske tastatur. Skulle du av ein eller annan grunn ha behov for å laga ein ny snarveg, kan du gå inn på brukargrensesnitt i menyen innstillingar.

Tilpass biletet i vindauget

(Snarveg: Shift+Ctrl+J. Denne kommandoen gjer biletet så stort som mogleg, men likevel slik at heile biletet har plass i vindauget. Dette kan av og til føra til at det vert ledig plass på ei eller to av sidene, men aldri på alle fire sidene.

Fyll vindauget

Denne kommandoen gjer biletet så stort som mogleg, men utan ledig plass på nokre av sidene. Dette fører til at biletet passar perfekt til biletvindauget i ei retning, men at delar av biletet kan vera utanfor biletvindauget i ei anna retning.

Forstørr til utvalet

Denne kommandoen forstørrar eller forminskar visinga av utvalet slik at det passar inn i den minste kanten i biletvindauget.

A : B (X%)

Her kan du velja eit av dei førevalde forstørringsnivåa. Kvart av menyvala har eit sideforhold og ein prosentverdi. Legg merke til at kvart føreval har sin eigen tastesnarveg. Det forstørringsnivået som er i bruk er merkt med eit punkt.

Andre

Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan skriva inn kva forstørringsgrad du ønskjer innføre området 1 : 256 (0,39 %) og 256 : 1 (25 600 %).

[Tips] Tips

Når du arbeidar på pikselformat, kan det vera fornuftig å bruka kommandoen Ny vising slik at du kan sjå kva som hender med biletet.