5.6. Spegelvend og roter (0°)

Du har tilgang til denne undermenyen frå menyen via VisSpegelvend og roter (0°),

Figur 16.52. Undermenyen for «Spegelvend og roter»

Undermenyen for «Spegelvend og roter»

Desse kommandoane verkar på visinga, ikkje på sjølve biletet. For å gjera endringar i biletet, gå til Bilete → Transformer.

5.6.1. Tilbakestill «Spegelvend og roter»

Denne kommandoen set visinga av biletet tilbake til slik ho var opphavleg.

Slå på

  • Frå menyen: VisSpegelvend og roter (0°)Tilbakestill spegelvend og roter.

  • Ved å bruka snarvegen !.

5.6.2. «Spegelvend vassrett» og «Spegelvend loddrett»

Desse kommandoane endrar visinga ved å spegelvenda biletet vassrett eller loddrett. Viss ein av desse er vald, vert det sett eit kontrollmerke framføre kommandoen.

Slå på

  • VisSpegelvend og roter (0°)Spegelvend vassrett.

  • VisSpegelvend og roter (0°)Spegelvend loddrett.

5.6.3. Roter 15° med klokka

Denne kommandoen roterer visinga av biletet 15° med klokka.

Slå på

  • Frå menyen: VisSpegelvend og roter (0°)Roter 15° med klokka.

5.6.4. Roter 15° mot klokka

Denne kommandoen roterer visinga av biletet 15° mot klokka.

Slå på

  • Frå menyen: VisSpegelvend og roter (0°)Roter 15° mot klokka.

5.6.5. Roter 90° med klokka

Denne kommandoen roterer visinga av biletet 90° med klokka.

Slå på

  • Frå menyen: VisSpegelvend og roter (0°)Roter 90° med klokka.

5.6.6. Roter 90° mot klokka

Denne kommandoen roterer visinga av biletet 90° mot klokka.

Slå på

  • Frå menyen: VisSpegelvend og roter (0°)Roter 90° mot klokka.

5.6.7. Roter 180°

Denne kommandoen roterer visinga av biletet 180°

Slå på

  • Frå menyen: VisSpegelvend og roter (0°)Roter 180°.

5.6.8. Anna rotasjonsvinkel…

Kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan setja nøyaktig roteringsvinkel for visinga. Du kan setja vinkelen i innskrivingsfeltet, eller ved å dra peikaren i sirkelen til den ønskte vinkelen.

Slå på

  • Frå menyen: VisSpegelvend og roter (0°)Anna rotasjonsvinkel….

    Figur 16.53. Dialogvindauget for «Vel rotasjonsvinkel»

    Dialogvindauget for «Vel rotasjonsvinkel»