5.2. Ny visning

Kommandoen Ny visning opprettar eit nytt biletvindauge med det aktive biletet i. Du kan laga fleire visningar av eit bilete. Kvar visning vert nummerert automatisk med .1, .2 osv. i tillegg til biletnamnet. Desse bileta representerer ikkje nye biletfiler, men ulike visingar av den same fila. Alle endringar du gjer i eitt av bileta, vert også viste i dei andre vindauga. Det einaste som kan vera forskjellig i dei ulike vindauga, er korleis dei vert viste på skjermen. Denne kommandoen kan vera nyttig når du arbeidar på pikselnivå og gjerne vil ha eit auge med korleis biletet ser ut i normal storleik.

5.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via VisNy vising.