Kapittel 9. Tekststyring

Innhald

1. Tekststyring
1.1. Tekstområde
1.2. Å handterel tekstlag
1.3. Verktøyskrinet for tekst
1.4. Lokalmenyen for tekst
2. Tekst
2.1. Tekstutsmykking
2.2. Å legge til skrifttypar
2.3. Problem med skrifttypane

1. Tekststyring

Tekst vert handtert i tekstverktøyet. Dette verktøyet lager eit nytt lag med teksten over det aktive laget i lagdialogvindauget. Storleiken på tekstlaget vert bestemt av tekstboksen. Namnet på laget vert henta frå byrjinga av teksten.

Figur 9.1. Eksempel på bruk av tekstelement

Eksempel på bruk av tekstelement

Tekst med synlege kantar rundt tekstlaget. (Skrifttype: Utopia Bold)

Eksempel på bruk av tekstelement

Lagdialogen med tekstlaget over det tidlegare aktive laget.


Tekstverktøyet er forbetra litt etter kvart. I GIMP-2.8 kan du nå redigere teksten direkte på lerretet. Ein tekstverktøyboks er nå lagt til lerretet over tekstboksen.

Når du klikkar på biletet med tekstverktøyet, vert det opna ein lukka tekstboks med ein halvgjennomsiktig verktøyboks like over denne.

Innstillingane for tekstverktøyet er omtalt i Del 5.6, “Tekst”.

1.1. Tekstområde

Du kan byrka å skrive inn straks. Tekstboksen vil utvida seg etter behov. Trykk Enter for å leggja til ei ny linje.

Du kan også forstørre tekstboksen ved å klikke og dra slik du gjer med utval. Storleiken på boksen vert vist i statuslinja nedst i biletvindauget.

For å redigere teksten må du først merke den delen av teksten som skal redigerast ved å klikke og dra eller med tstekombinasjonen Shift + piltast

I staden for å redigere direkte på biletet, kan du bruke Del 5.6.3, “Tekstbehandlaren”.

Du kan flytte teksten ved hjelp av flytteverktøyet. Du må klikke på ein bokstav, ikkje på bakgrunnen.

Du kan skriva inn Unicode-teikn med tastekombinasjonen Ctrl + Shift + U pluss koden for det ønskte Unicode-teiknet på hexadesimal form, for eksempel:

Figur 9.2. Skriva inn Unicode-teikn

Skriva inn Unicode-teikn

Ctrl+Shift+U

Skriva inn Unicode-teikn

4 7

Skriva inn Unicode-teikn

Enter


Sjølvsagt er denne metoden mest nyttig for å skriva inn spesielle teikn. Føresetnaden er at dette teiknet finst i den valde skrifttype. Berre nokre få skrifttypar har støtte for Klington ;-)

Unicode 0x47 (G), 0x2665, 0x0271, 0x03C0

Du kan redigere teksten seinare dersom tekstlaget framleis finst og ikkje er endra med andre verktøy. Sjå nedanfor. Dette gjer du ved å gjere tekstlaget til det aktive laget i lagdialogen, velje tekstverktøyet og klikke på teksten i biletvindauget.

1.2. Å handterel tekstlag

Du kan gjere det same med eit tekstlag som du kan gjere med andre lag, men mister i nokre tilfelle høvet til å kunna redigera vidare på teksten.

For å forstå noko av det særeigne med teksthandteringa, kan det vere til litt hjelp å hugsa på at tekstlaget inneheld meir informasjon enn berre det du kan sjå. Laget inneheld også ei utgåve av teksten i eit format som kan høve til redigering. Dette vert synleg i redigeringsvindauget som dukkar opp når du bruker tekstverktøyet. Kvar gong du gjer endringar i teksten, vert tekstlaget teikna om for å vise endringane dine.

Dersom du gjer endringar i tekstlaget med andre verktøy enn tekstbehandlaren, for eksempel at du roterer laget, vil desse endringane forsvinna dersom du redigerer teksten igjen. Difor dukkar det opp ei åtvaring om dette dersom det er aktuelt slik at du kan velja anten å redigere teksten likevel, eller å la det vere. Dessutan får du tilbod om å lage eit nytt tekstlag for den nye teksten.

Sidan denne faren ikkje er opplagt, vil tekstverktøyet verna deg. Dersom du prøver å redigere ein teklst i eit tekstlag som er forandra, vil det kome opp ei melding om at endringane vert tilbakeførte dersom du held fram. Du får tre val:

  • å rediger teksten likevel

  • å avbryte

  • å opprette eit nytt tekstlag med den same teksten som i det eksisterande laget, med det eksisterande laget uendra.

Figur 9.3. Åtvaring om tap av endringar

Åtvaring om tap av endringar

1.3. Verktøyskrinet for tekst

Figur 9.4. Verktøyskrinet for tekst

Verktøyskrinet for tekst

Når du trykker på biletet med tekstverktøyet kjem det opp eit verktøyskrin for bruk på tekst. Dette gjer at du kan redigera teksten direkte i biletet.

I tillegg til vanleg tekstformatering som å velja skrift, stil og storleik, har du her også kontroll med forskyving i høve til grunnlinja, kerning og å setja ulike fargar på merkte delar av teksten.

  • Endra skrifttype for den valde teksten: når du byrjar å redigera i feltet for skrifttype, kjem det opp ei nedtrekksliste som du kan velja skrifttype frå.

  • Endra storleiken på den valde teksten: treng ikkje nærare forklaring.

  • Feit, Kursiv, Understerking, gjennomstreking: treng ikkje nærare forklaring.

  • Endra baselinje for den valde teksten: I europeisk typografi og skriving er baselinja den linja dei fleste teikna «sit» på. Ein del teikn, som for eksempel y og g, går nedføre denne linja. I HTML-kode er det fleire baselinjer (alfabetisk, symbol, botnlinje osv.). Standardbaselinja er «0,0». Du kan bruke forskyvinga av baselinja for å laga større eller mindre avstand mellom to bestemte linjer. Skal du endra linjeavstanden for alle linjene i tekstvindauget, brukar du Juster linjeavstand i innstillingane for tekstverktøyet.

    Figur 9.5. Standard baselinje

    Standard baselinje

    Standard baselinje er merkt med ein raud strek.


  • Endra kerning for den valde teksten: I typografi vert kerning brukt for å justera avstanden mellom teikna i ein proporsjonal skrifttype. Du kan eventuelt bruke denne for å justere avstanden i den merkte teksten.

    Lat oss sjå på ein merkt tekst (forstørra 800 gonger for å sjå pikslane):

    Vi kan sjå at dette er ein Sans skrifttype med proporsjonale teikn ved at teikna har ulike breidder og at «armane» på T-en går inn over e-en. Breidda på teikna er markerte med tynne loddrette strekar. Den venstre kanten av teiknnbreidda dekker teiknet framføre med éin piksel. Nå set vi «Endra kerning for den valde teksten» til 2 pikslar:

    Det er nå lagt inn mellomrom på 2 pikslar mellom alle merkte teikn med uendra teiknbreidde. Dersom ingen tekst er merkt, vert det sett inn eit mellomrom mellom to teikn der musepeikaren er.

    Nå kan vi samanlikne dette med «Juster bokstavavstand» i innstillingane for tekstverktøyet:

    Denne innstillinga vert brukt på heile teksten, ikkje berre den merkte. Det vert sett inn mellomrom inne i teiknbreidda og det vert ikkje tatt omsyn til teiknbreidda.

  • Du kan også bruka tastekobinasjonen Alt + piltast for å endra basislinja, forskyving og kerning.

  • Endra farge for den valde teksten: denne opnar eit dialogvindauge der du kan velja farge for den merkte teksten.

  • Endra stil for den valde teksten: denne kommandoen tilbakestiller alle nye innstillingar gjort på den merkte teksten.

1.4. Lokalmenyen for tekst

Figur 9.6. Lokalmenyen for tekstredigering

Lokalmenyen for tekstredigering

Du får fram denne menyen ved å høgreklikke på teksten. Menyen er litt ulik den du finn i tekstbehandlaren.

  • Klipp ut, Kopier, Lim inn, Slett er berre tilgjengelege når teksten er markert. Er ingen tekst markert, vil dei vere gråa ut. «Lim inn» vert aktivert når det er tekst i utklippstavla.

  • Opna tekstfil opnar ein filutforskar slik at du kan leite etter den ønskte tekstfila.

  • Tøm vil slette all tekst anten han der merka eller ikkje.

  • Bane frå tekst. Dette valet oppretter ein bane frå omrisset av teksten. Tilsynelatande skjer ingen ting. For å gjere opprettinga ferdig, må du opne banedialogen og gjere banen synleg. Deretter må du klikke på teksten med baneverktøyet for å lage omrisset om til ein bane. Nå kan du forandre utsjånaden på bokstavane ved å flytte kontrollpunkta.

    Denne kommandoen tilsvarar LagTekst til bane i menylinja.

    Figur 9.7. Bane frå tekst brukt

    Bane frå tekst brukt

    Ingenting hender


    Figur 9.8. Banen er gjort synleg

    Banen er gjort synleg

    Banen er gjort synleg i fana bane. Banen er nå synleg som ein raud kant rundt teksten.


    Figur 9.9. Baneverktøyet brukt

    Baneverktøyet brukt

    Baneverktøyet er brukt, klikk på banen.


  • Tekst langs bane:

    Dette valet er tilgjengeleg berre dersom det finst ein bane i biletet. Når teksten er ferdigredigert, oppretter eller importerer du ein bane og gjer denne aktiv. Dersom du legg til banen før du legg inn teksten, vil banen vere usynleg og du må bruke banedialogen for å gjere han synleg.

    Denne kommandoen er også tilgjengeleg frå lagmenyen:

    Figur 9.10. Kommandoen «Tekst langs bane» mellom dei andre tekstkommandoane i lagmenyen

    Kommandoen «Tekst langs bane» mellom dei andre tekstkommandoane i lagmenyen

    Denne gruppa er synleg berre dersom det finst eit tekstlag i biletet.


    Klikk på knappen Tekst langs bane for å legge teksten langs banen. Teikna (bokstavane) vert viste berre med omrisset. Kvart teikn vert gjort om til ein del av den nye banen som vert vist i banedialogen. Innstillingane for baneverktøyet vert gjeldande også for denne nye banen.

    Figur 9.11. Eksempel på bruk av «Tekst langs bane»

    Eksempel på bruk av «Tekst langs bane»
    Eksempel på bruk av «Tekst langs bane»

  • VTH / HTV. Dette bestemmer om teksten skal skrivast frå venstre mot høgre eller få høgre mot venstre.

  • Innskrivingsmetode. Dette valet er tilgjengeleg berre for ein del språk. For eksempel dersom du vel «Inuktitut» vert tastaturet temporært omgjort til Inuktitut.