2.3. Problem med skrifttypane

Gjennom åra har problem med skrifttypane gått igjen i svært mange av feilrapportane, sjølv om det har minka merkbart etter at GIMP 2.0 og seinare versjonar vart sleppte laus. I dei fleste tilfella har det vore dårleg utforma fontfiler som har skapt problem for Fontconfig. Dersom du får krasj når GIMP laster skrifttypane, er den beste løysinga å oppgradera til ein Fontconfig nyare enn 2.2.0. Du kan også starte GIMP med kommandolinja --no-fonts, men kan då ikkje bruke tekstverktøyet.

Eit anna kjent problem er at Pango 1.2 ikkje kan laste inn skrifttypar som ikkje inneheld Unicode bokstavsett. (Det er Pango som lagar tekstlayouten i GIMP). Mange av symboltypane hamnar i denne kategorien. På nokre system vil bruk av slike typar føre til krasj. Den enklaste løysinga er å oppdatera til Pango 1.4 eller høgare.

Ei velkjent kjelde til forvirring er når GIMP oppdagar ei øydelagt eller feil utforma skrifttypefil i Windows og sender ut ei feilmelding om dette. Det kan sjå ut som GIMP har krasja, men det er ikkje tilfelle. Lukkar du vindauget vert GIMP avslutta. Difor bør du i staden forminska feilmeldinga og ignorere ho. Du kan då arbeide trygt vidare med GIMP. Årsaka til denne situasjonen er ein konflikt mellom Windows og dei biblioteka GIMP nyttar. Dette kan ikkje rettast på i GIMP. Du må leve med det inntil vidare.