8.40. Fargelegg frå fargeovergang

8.40.1. Oversyn

Figur 16.225. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av fargeovergangskart. Øvst: originalbiletet. I midten: ein fargeovergang. Nedst: resultatet av å legge fargeovergangen til biletet ved hjelp av filteret «Frå fargeovergang».


Dette filteret brukar den aktive fargeovergangen, den som er vist i verktøykassa, for å fargeleggja det aktive laget eller det aktive utvalet i biletet. Når du vil bruka filteret, hentar du først ein høveleg fargeovergang med dialogvindauget fargeovergangar. Deretter markerer du det området du ønskjer å forandra, og endeleg opnar du filteret. Dette filteret viser ikkje dialogvindauge, men køyrer automatisk. Filteret brukar lysverdiane i målbiletet slik at dei mørkaste områda får farge frå den venstre enden av overgangen, og dei lysaste områda frå den høgre sida. Pikslar med mellomliggande verdiar får dei mellomliggande fargane.

8.40.2. Aktivering

Du finn dette filteret på menyen i biletvindauget under FargarKartFargelegg frå fargeovergang.