3.5. Dialogen for fargeovergangar

Figur 15.45. Dialogen for fargeovergangar

Dialogen for fargeovergangar

The «Gradients» dialog offers a gradient palette which is used to select a gradient — a set of colors arranged in a linear scale — for use with the Gradient tool and numerous other operations. It also gives you access to several functions for manipulating gradients. You can select a gradient by clicking on it in the list: it will then be shown in the Brush/Pattern/Gradient area of the Toolbox. A few dozen nice gradients come pre-installed with GIMP. You can create more using the Gradient Editor. General information about gradients and how they are used in GIMP can be found in the Gradients section.

Dei fire første fem fargeovergangane er litt spesielle i og med at dei lagar ulike overgangar mellom den aktive forgrunnsfargen og den aktive bakgrunnsfarge.

3.5.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeFargeovergangar,

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneFargeovergangar

  • frå verktøykassa ved å klikka på den gjeldande fargeovergangen i området pensel/mønsterelement/fargeovergang (dersom du har merka av for «Vis aktive penslar, mønsterelement og fargeovergangar» i «Brukarinnstillingane».

  • Frå biletet med tastekombinasjonen Ctrl + G.

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: VindaugeFargeovergang.

3.5.2. Å bruke dialogvindauget for fargeovergangar

Den mest nærliggande bruken av dialogen er å klikke på ein overgang for å gjere denne til den aktive fargeovergangen. Kva for ein fargeovergang som er aktiv, vert vist i verktøykassa.

Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein fargeovergang, kan du gi overgangen eit nytt namn dersom dette er ein overgang du har laga eller installert sjølv. Dersom du dobbeltklikkar på miniatyren av overgangen vil dette opna fargeovergangshandteraren som kan brukast til å gjere forandringar i fargeovergangen dersom det ikkje er ein av dei førehandsinstallerte overgangane. Kanskje vert du litt frustrert over at du heile tida vert nekta å gjere forandringar? GIMP er sett opp slik at du ikkje får lov til å forandra det som kjem ferdiginstallert, berre det du lagar eller legg inn sjølv. Utanom fargeovergangane gjeld dette også penslar, mønsterelement osv. som vert lagt inn automatisk.

Rutenett/Liste-modus

Frå fanemenyen kan du velja om fargeovergangane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du Vis som tabell, får du opp ei liste med bilete av alle fargeovergangane. Dette kan sjå greitt ut, men det viser seg i praksis å vere vanskeleg å velja frå tabellen i og med at det er lett å verta forstyrra av dei andre visingane. Difor er visinga normalt sett til listeform, som er lettare å bruke.

Du kan bestemma storleiken på miniatyrane ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen.

Nedst i dialogvindauget finn du ein del knappar som kan brukast på ulike måtar:

Rediger fargeovergang

Trykk på denne knappen for å opna Fargeovergangshandteraren.

Ny fargeovergang

Knappen opnar fargeovergangshandteraren og oppretter ein ny enkel gråskala fargeovergang som du kan forandra etter behov. Sjølvlaga fargeovergangar vert automatisk lagra i den personleg mappa gradients i den personlege GIMP-katalogen. Overgangane i denne mappa vert lasta inn når du starter opp GIMP. Du kan velje å bruke andre mapper for denne lagringa ved å gå inn på Del 1.7, «Verktøyinnstillingane».

Kopier fargeovergangen

Lager ein kopi av den gjeldande fargeovergangen. Du kan redigere kopien, sjølv om du ikkje får lov å redigere originalen.

Slett fargeovergangen

Dersom du får lov til det, vil eit trykk på denne knappen fjerne alle spor etter den aktive fargeovergangen. Du vert bede om å bekrefta slettinga.

Oppdater fargeovergangane

Dersom du har lagt til fargeovergangar i den private mappa gradients på andre måtar enn med denne dialogen, vil eit trykk på denne knappen laste desse inn i dialogvindauget.

Alle funksjonane som vert utførte ved hjelp av desse knappane, kan også utførast frå lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar ein eller annan stad på lista over fargeovergangar eller via Meny for fargeovergangar i fanemenyen:

Figur 15.46. Menyen for fargeovergangar

Menyen for fargeovergangar

Denne menyen inneheld noen ekstra funksjonar:

Lagra som POV-Ray...

Dette betyr at fargeovergangen vert lagra i eit format som vert brukt av POV-Ray 3D-ray-tracing program.

Kopier adressa for overgangen

Denne kommandoen vil kopiere den fullstendige adressa for overgangsfila over på utklippstavla. Du kan deretter lime inn adressa t.d. i ein tekstbehandlar.

Show in File Manager

Show in File Manager opens the location of the gradient in the default File Manager on your system.

Eigendefinert fargeovergang

Denne kommandoen oppretter eit bilete fyllt med den gjeldande fargeovergangen. Du kan deretter bestemme høgde, breidde for biletet og retninga for fargeovergangen.

Lagra som CSS

Det vert brukt CSS (Cascading Style Sheets) for å formatere visinga av HTML- og XML-filer. Dette kan vera styring av bakgrunnsfarge, skrifttypar, fargeovergang i bakgrunnen osv. Programtillegget «CSS Save» er ein lineær CSS3-generator som gjev deg høve til å lagra ein CSS3-kodesnutt med data for ein bestemt GIMP-fargeovergang. Kodesnutten vert lagra som ei tekstfil som kan kopierast og limast inn i stilarket som vert brukt av HTML-fila og såleis få ein fargeovergangsbakgrunn når fila vert opna i ein nettlesar. Denne CSS3-kodesnutten kan også brukast som ein fargeovergang i SVG-filer.

Her er eit eksempel på ein kodesnutt som bruker fargeovergangen blå - grøn:

Ein CSS-kodesnutt laga med «Save as CSS». 


background-image: linear-gradient(top, rgb(0,123,255) 0%, rgb(72,226,255) 56%,
     rgb(0,255,161) 100%);
background-image: -moz-linear-gradient(center top, rgb(0,123,255) 0%,rgb(72,
    226,255) 56%,rgb(0,255,
    161) 100%);
background-image: -webkit-gradient(linear, left top, left bottom,
     color-stop(0.000, rgb(0,123,255)),color-stop(0.566, rgb(72,226,255)),
    color-stop(1.000, rgb(0,255,161)));
              

3.5.2.1. Tagging

Du kan bruke taggar for å reorganisere visinga av fargeovergangane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

3.5.3. Fargeovergangshandteraren

Figur 15.47. Rediger fargeovergangen

Rediger fargeovergangen

Fargeovergangshandteraren vert brukt for å redigere fargane i fargeovergangar du har laga sjølv eller kopiert frå dei som følgjer med GIMP. Dei som høyrer til systemet, kan du ikkje gjere forandringar på.

3.5.3.1. Aktivering

Overgangshandteraren er ein sjølvstendig dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)». Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • ved å dobbeltklikke på fargeovergangen i dialogvindauget for fargeovergangar,

  • frå lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar på eit namn i dialogen «fargeovergangar»,

  • ved å klikke på knappen Rediger fargeovergang i dialogvindauget for fargeovergangar,

  • eller frå ein annan dialogmeny ved å klikke på symbolet i dialogvindauget.

3.5.3.2. Skjermvising
Namn

This is where you can change under what name the gradient shows up in the list of gradients.

Arbeidsområdet

Below the name, you see the current result of your work. If you move the mouse pointer on this display, it works somewhat like a color-picker. Information about the pixel under the mouse is shown below the preview and slider area.

Position is a number between 0.000 on the left and 1.000 on the right side of the gradient. Below that the color values in RGB and HSV mode are shown, followed by the Luminance and Opacity values.

Dersom du klikker og drar på visinga, vert berre posisjonen og RGB-data vist. Fargen vert likevel overført til forgrunnsfargen i verktøykassa og til dei fire første fargeovergangane i lista. Held du nede tasten Ctrl-tasten vert fargen send til bakgrunnsfargen i verktøykassa.

Områdeveljarane og glidebrytarane

Under biletet av fargeovergangen finn du ein del svarte og kvite trekantar. Dei svarte trekantane viser skiljet mellom to segment, medan dei kvite trekantane vert brukte til å bestemma korleis fargane skal fordelast i segmentet. Dette er nokså likt slik den midtre glidebrytaren verkar i nivåverktøyet. Du vel eit bestemt segment ved å klikka ein eller annan staden på linja mellom dei svarte trekantane som definerer det. Du vil sjå at linja skifter farge. Du kan også velja fleire segment ved samstundes å halde nede Shift-tasten. Sidan dei markerte områda må vera samanhengande, vert også mellomliggjande område markerte dersom du hoppar over nokre. Også her er det slik at dersom det er kryssa av for «Oppdatering etter kvart» vert endringane synlege medan du utfører dei, elles må du venta til du slepp opp museknappen for å sjå resultatet.

Du kan altså dra dei svarte trekantane langs linja for å flytte skiljet mellom to segment, eller dei kvite trekantane, for å forandra forma på segmentet. Du kan også klikka på og dra markeringa for segmentet for å gjera segmentet større eller mindre. Det kan ikkje vere område utan segment i overgangen, så dersom du komprimerer eitt element, vert det elementet som ligg inntil utvida, og omvendt. Endeleg kan du halde nede Shift-tasten for å komprimere eller utvide fleire segment samstundes.

Glidebrytaren

Glidebrytaren under trekantane vert brukt for å flytta fargeovergangen i vindauget. Brytaren er berre aktiv dersom du forstørrar visinga med knappane nedanfor.

Info-området

Below, a color swatch shows the color pointed by the mouse cursor. Information about this color and helpful hints or feedback messages may appear here.

Knappar

There are three buttons at the bottom of the dialog:

Forminsk

Klikk på denne knappen for å krympe visinga horisontalt.

Forstørr

Klikk på denne knappen for å utvida visinga vassrett. Bruk glidebrytaren for å vise utvalde område av overgangen.

Tilpass

Tilpassar visinga vassrett slik at ho passar akkurat i vindauget.

3.5.3.3. Menyen for fargeovergangshandteraren

Figur 15.48. Menyen for fargeovergangshandteraren

Menyen for fargeovergangshandteraren

Du kan opna denne menyen anten ved å høgreklikka på fargeovergangshandteraren eller ved å klikke på den øverste posten i fanemenyen. (Fanemenyen kjem fram når du klikkar på trekanten oppe i høgre hjørnet). Denne menyen vert brukt for å bestemme kantfargane for kvart element og korleies overgangen mellom desse fargane skal vere. (Legg merke til at utsjånaden til lokalmenyen er avhengig av om du har aktivert eit segment eller heile fargeovergangen).

Menyen inneheld desse postane:

Rediger fargen for sluttpunktet

Venstre/høgre farge

Denne kommandoen opnar ein undermeny:

Figur 15.49. Undermenyen Venstre/Høgre farge

Undermenyen Venstre/Høgre farge

Ved hjelp av denne undermenyen kan du setje farge for endepunkta frå bakgrunn- og forgrunnsfargane i verktøykassa. Kvar gong du forandrar desse, vert også fargane for endepunkta endra. Dersom dette ikkje er ømskjeleg, kan du velje ein fast farge for endepunkta.

Farge for venstre/høgre endepunkt

Her vel du farge for endepunkta ved hjelp av fargehandteraren.

[Notat] Notat

Denne kommandoen er relatert til den føregåande, og er ikkje aktiv dersom du har vald andre verdiar enn Låst for den tilhøyrande venstre eller høgre fargetype.

Hent venstre/høgre farge frå

Figur 15.50. Undermenyen «Hent farge frå»

Undermenyen «Hent farge frå»

Denne menyen opnar for fleire alternativ for å fargelegga endepunkta. Dersom vi går ut frå at du skal hente farge til det venstre endepunktet (som synt på figuren), kan du velje mellom:

Høgre endepunkt for venstre nabo

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same fargen som det høgre endepunktet i segmentet like til venstre for det valde.

Høgre endepunkt

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same farge som det høgre endepunktet i same segmentet.

Forgrunnsfarge/Bakgrunnsfarge

Dette valet gjer at den gjeldande forgrunns- og bakgrunnsfargen vist i verktøykassa vert tilordna endepunktet. Seinare endringar i desse fargane vil ikkje forandre fargane for endepunkta.

RGBA-postane

Nedst i menyen er det 10 «minnemerke». Du kan leggja til farge i desse ved å bruka vala i «lagremenyen» omtalt nedanfor. Dersom du vel eitt av punkta, vert fargen i punktet lagt inn i endepunktet.

Lagra Venstre/Høgre farge til

Desse vala vil legge fargen i det aktuelle endepunktet til det «minnemerket» som er merka i undermenyen.

Klikk og dra fargar

Du kan også klikke og dra ein farge frå for- og bakgrunnsfargane i verktøykassa eller frå ein palett

  • til eit sluttpunkt (ein svart trekant) for å setje venstre/høgre fargar,

  • til visingsområdet for fargeovergangane for å legge til eit nytt sluttpunkt med denne fargen på begge sidene.

Fargeovergangar mellom segmenta

Blandemåte for segment

Figur 15.51. Undermenyen for blandefunksjonen

Undermenyen for blandefunksjonen

Med desse menyvala bestemmer du forma på overgangen. Forma vert bestemt med ein matematisk funksjon:

Lineær

Dette er normalfunksjonen. Fargen skifter lineært frå det eine endepunktet til det andre.

Bøygd

Fargen skifter raskare ved begge endepunkta enn ved midten.

Sinusforma

Omvendt av bøygd. Fargen skifter raskare ved midten enn ved endepunkta.

Sfærisk (aukande)

Fargeskiftinga er større på venstre side enn ved høgre side.

Sfærisk (minkande)

Fargeskiftinga er større på høgre side enn ved venstre side.

Step

Gradient changes from left value to right value in one step without intermediate colors.

Fargemodus for segment/område

Figur 15.52. Undermenyen for fargemodus

Undermenyen for fargemodus

Her kan du velje mellom kva for fargemodell som skal brukast for blandinga, RGB eller HSV.

Endre segmenta

Spegelvend segment/område

Denne kommandoen spegelvender det markerte området frå høgre til venstre.

Kopier segment

Denne kommandoen deler det markerte området i to like store delar. Kvar del er ein perfekt, samantrykt kopi av originalen.

Del segmenta ved midtpunkta

Denne kommandoen deler kvart segment i det markerte området ved den kvite trekanten.

Del segmenta likt

Dette er nokså likt den føregåande kommandoen, men deler kvart segment i to like store delar i staden for ved dei kvite trekantane.

Slett segment

Vel du denne, forsvinn alle segmenta i det markerte området. Det vert sett inn ein svart trekant i midtpunktet for det området som vart sletta. Segmenta på kvar side vert utvida til trekanten for å fylle den ledige plassen.

Sentrer midtpunkta for segmentet igjen

Dette valet flyttar den kvite trekanten til halvvegs mellom dei to tilhøyrande svarte trekantane.

Omfordel handtaka i segmentet

Dette valet fordeler dei svarte og kvite trekantane slik at det vert same avstand mellom dei.

Bland fargane

Dette valet er tilgjengeleg berre dersom meir enn eitt segment er markert.

Bland fargane for endepunkta

Dette valet er slått på berre dersom du har markert for meir enn eitt segment og lagar mjuke fargeovergangar mellom segmenta.

Bland dekkevne for endepunkta

Dette valet er slått på berre dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke overgangar for dekkevne mellom segmenta.

Edit Active Gradient

When enabled, the gradient editor will automatically load the currently active gradient. If it is disabled, the gradient editor will not change when the active gradient changes.

[Obs] Obs

Du kan ikkje angra det du gjer her, så ver forsiktig. Det beste er å arbeide på ein kopi.

3.5.3.4. Brukseksempel for fargeovergangshandteraren

Alle vala kan kanskje sjå litt overveldande ut. Her er eit eksempel som vonleg vil vise at det ikkje er så vanskeleg:

  1. Opna fargeovergangsdialogen og klikk på knappen Ny fargeovergang () for å opna redigeringsvindauget. Fargeovergangen vert vist frå svart til kvit.

    Figur 15.53. Ny fargeovergang

    Ny fargeovergang

  2. Høgreklikk i den nye fargeovergangen og klikk deretter på Del segmentet i like delar i menyen som kjem fram. I den nye lokalmenyen som dukkar opp, bestemmer du kor mange segment du vil ha.

    Figur 15.54. Fargeovergang med tre segment

    Fargeovergang med tre segment

    Kvart segment er avgrensa med to svarte trekantar som også er glidebrytarar du kan ta tak i og flytte på. Du aktiverer eit segment ved å klikke på det. Held du samstundes nede Shift-tasten, kan du aktivere fleire segment etter kvarandre.


  3. I lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i fargeovergangen vel du Farge for venstre endepunkt og Farge for høgre endepunkt for det valde segmentet eller dei valde segmenta.

    Figur 15.55. Det første segmentet er farga

    Det første segmentet er farga

    Red has been chosen for left endpoint and yellow for the right endpoint.


  4. Fortsett på same måten for dei andre segmenta. Opna deretter Blandefunksjon for segmenta i lokalmenyen og vel ein høveleg blandingsmåte.