Dialogvindauget med fargekart for indekserte fargar (også kalla indeksert palett) vert brukt for å redigera fargane i eit indeksert bilete. Dersom biletet er i RGB- eller gråskalamodus, vil dialogvindauget vise ein palett utan fargar. Dette er eit dialogvindauge som kan limast inn i andre vindauge. Sjå Dialogvindauge og dokkpanel om korleis du kan bruka dette.
Vindauget «Fargekart» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
frå biletmenyen via
→ → ,frå fanemenyen i kva dokkpanel som helst ved å klikka på fana og velja
→ .Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen løyste vindauge. Du kan i tilfelle lyfta banedialogvindauget frå biletmenyen: → .
finna ei liste overI eit indeksert bilete får kvar piksel farge frå ein bestemt stad på fargekartet og ikkje, slik som i gråskalabilete eller RGB-bilete, frå fargen direkte. Når fargen for ein piksel skal visast, finn GIMP verdien av pikselen og hentar den fargen som ligg på tilsvarande stad i fargekartet.
For å finne fargen ein bestemt piksel skal ha, ser GIMP på indeksen til fargekartet for biletet. Kvart indekserte bilete har sitt eige fargekart. I GIMP kan dette kartet innehalde opp til 256 ulike fargar. I eit fullt fargekart har altså kvar indeks frå 0 til 255 sin unike farge. Det er ingen restriksjonar på kva farge som kan brukast og heller ikkje på rekkefølgja av ei.
Det er viktig å vera klar over at fargane i fargekartet er dei einaste tilgjengelege fargane i eit indeksert bilete. Du kan gjera forandringar i fargekartet, men ikkje henta inn fargar til biletet frå andre stader enn frå kartet. Dette kan påverka mange av operasjonane du kan gjera på eit bilete. Brukar du for eksempel mønsterfyll, vil GIMP ikkje alltid finna den eksakte fargen i fargekartet men må slumpe litt og bruka den fargen som ligg nærast den ønskte fargen. Dette vert ofte kalla kvantisering. Dersom fargekartet er lite, altså med få fargar, kan dette resultera i nokså dårleg kvalitet.
Ved hjelp av fargekartdialogvindauget kan du gjera endringar i fargekartet for eit bilete, anten ved å laga nye oppføringar eller ved å endra fargane i oppføringar som finst frå før. Dersom du forandrar fargen for ein indeks, vil du sjå at alle pikslane som refererer til denne indeksen forandrar farge. Elementa er nummerert frå 0 i øvre, venstre hjørne, 1 på den neste osv.
Her er eit oversyn over operasjonar du kan gjera med dette dialogvindauget:
Den fargen du klikkar på vert forgrunnsfargen vist i verktøykassa. Det er denne fargen som vert brukt som strekfarge på teikneoperasjonane.
Den fargen du Ctrl-klikkar på vert bakgrunnsfargen vist i verktøykassa.
Dette gjer fargen til forgrunnsfarge, men opnar også fargehandsamaren slik at du kan velja ein ny farge for denne indeksen.
Du kan markera ei fargeoppføring ved å skriva inn indeksnummeret, eller bruka pilknappane til høgre.
Her vert hekskoden for fargen vist (slik som brukt i HTML) for fargen som er vald i fargekartoppføringa. Du kan redigera fargen, i staden for å bruka fargeredigeringa om ønskjeleg. Sjå html-notasjon.
Du kan også bruka denne knappen nede i venstre hjørne, for å henta fram fargehandsamaren for å redigera den gjeldande fargen i fargekartet. Skilnaden frå dobbeltklikkinga, er at når du brukar denne knappen, vert ikkje fargen sett til forgrunnsfarge.
Denne knappen, som du finn i nede i dialogvindauget, vert brukt når du ønskjer å leggja nye fargar til i fargekartet. Trykkjer du på denne knappen, vert forgrunnsfargen som er vist i verktøykassa flytt til slutten av fargekartet. Dersom du held inne Ctrl-tasten medan du klikkar, vert bakgrunnsfargen brukt.
Notat | |
---|---|
Fargekartet kan ikkje innehalda meir enn 256 oppføringar. Viss det er 256 oppføringar frå før, er det ikkje råd å leggja til fleire. |
Med denne knappen kan du merkja alle pikslane som har denne fargen. For å leggja til i dette utvalet, hald nede Shift-tasten medan du klikkar, for å trekkja frå i utvalet, hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar og for å laga snitt med det gjeldande utvalet, hald nede Shift+Ctrl medan du klikkar.
Tips | |
---|---|
Skulle du gjera ein feil, kan du tilbakestilla fargekartet ved å setja peikaren på biletet med det aktuelle fargekartet og trykka tastekombinasjonen Ctrl + Z eller bruka → i biletmenyen. |
Notat | |
---|---|
Dersom du brukar ein farge som ikkje finst i fargekartet, vil GIMP bruka den fargen i fargekartet som kjem nærast. |
Dersom du høgreklikkar på ein farge i fargekartet, vert denne fargen vald og ein undermeny vert opna:
Denne kommandoen opnar fargeveljaren slik at du eventuelt kan endre fargen.
Denne kommandoen legg forgrunnsfargen i verktøykassa til fargekartet. Dette valet er berre tilgjengeleg dersom den indekserte paletten har mindre enn 256 fargar.
Denne kommandoen legg bakgrunnsfargen i verktøykassa til fargekartet. Dette valet er berre tilgjengeleg dersom den indekserte paletten har mindre enn 256 fargar.
Dette merkjer alle pikslane i biletet som har den valde palettindeksen.
Legg alle pikslane med den same palettindekssen inn i utvalet.
Trekk alle pikslane med den same palettindekssen frå utvalet.
Lag snitt mellom alle pikslane med den same palettindekssen og det gjeldande utvalet.
Denne kommandoen er omtalt i Del 8.35, «Ordna fargekartet på nytt».