2.3. Lagra gjennomsiktige bilete

Gjennomsikt i bilete kan lagrast på to måtar: enkel binær gjennomsikt og alfa-gjennomsikt. Den første forma vert brukt i GIF-formatet (og i ikon). Her kan du velja ein av fargane i det indekserte fargekartet til å vera gjennomsiktig. I PNG-formatet vert alfa-gjennomsikt styrt frå ein eigen alfakanal.

[Notat] Notat

PNG-formatet støtter stort sett dei same eigenskapane som GIF-formatet. I tillegg har PNG støtte for alfakanalar. GIF vert difor i dag sort sett berre brukt til animasjonar.

Prosedyre 6.1. Å laga eit bilete med gjennomsiktige område (alfa-gjennomsikt)

  1. Vi bruker GIMP sin maskot, Wilber, som eksempel.

    Figur 6.11. Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

    Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

  2. For å kunne eksportera eit bilete med alfa-gjennomsikt, må biletet ha ein alfakanal. Dette kan du kontrollera ved å gå inn i kanaldialogvindauget og sjå at det i tillegg til «raud», «grøn» og «blå» også er sett opp «alfa». Dersom det manglar alfa, må du leggja til alfakanal frå lagmenyen via Lag+GjennomsiktLegg til alfakanal.

  3. Den originale XCF-fila inneheld bakgrunnslag som kan fjernast. GIMP har mange standardfilter som brukar fargeovergangar. Sjå under Filter+Lys og skugge. For å visa kva alfa-gjennomsikt kan gjera, har me vald å laga ein mjuk glød i bakgrunnen rundt Wilber, men du har sikkert fantasi nok til å prøva ut mange andre.

  4. Når du er ferdig med biletet, kan du eksportere det i PNG-format.

Figur 6.12. Wilber med gjennomsikt

Wilber med gjennomsikt

Dei grå firkantane i bakgrunnslaget viser det gjennomsiktige området i det eksporterte biletet når arbeider på det i GIMP.