5.7. Eksportere fil

GIMP brukar Lagra-kommandoen berre for å lagre bileta i XCF-format. For å lagre i andre format, må du bruka eksporter-kommandoen.

Du har tilgang til denne kommandoen frå menyen via FilEksporter som … eller frå tastaturet med snartastane Ctrl+Shift+E.

Figur 15.92. Dialogvindauge for eksport

Dialogvindauge for eksport

5.7.1. Dialogvindauget for eksport

Med denne filutforskaren kan du redigera filnamn og filutvidingar direkte i namneboksen (førehandsinnstillinga er «Utan namn.png»), eller ved å velja eit filnamn frå namnelista. Du må også bestemma i Lagra i mappe kva mappe biletet skal lagrast i eller oppretta ei ny mappe.

Vel filtype. Dersom du utviklar dette alternativet, kan du velja ei filutviding for fila i nedtrekkslista:

Dialogvindauget for filformat er omtalt i Del 1, «Filer».

5.7.2. Eksporterer

Når finamnet og lagringsplassen er vald, klikk på knappen Eksporter for å få opp dialogvindauget for det spesifiserte filformatet.

[Notat] Notat

Viss namnet du skreiv inn finst frå før, vil du få spørsmål om fila skal overskrivast eller ikkje. Viss ei lagmaske eller ein kanal er vald i staden for eit lag og eksportformatet ikkje har støtte for dette, må du stadfesta dette.

Dersom du har lasta inn ei fil som ikkje er i XCF-format, kjem det opp ei ny oppføring i filmenyen slik at du får høve til eksportera fila i det same formatet. Dette vil overskriva den gamle fila.

Dersom du gjer endringar i eit bilete som alt er eksportert, vert kommandoen Eksporter i filmenyen endra slik at du kan eksportera fila igjen i det same formatet.