Menyvalet «Biletinformasjon» opnar eit vindauge med ein god del informasjon om det gjeldande biletet.
Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via
→ ,eller med tastatursnarvegen Alt + Return.
Dialogvindauget inneheld tre ulike faner.
Viser kor mange pikslar høgt og breidt biletet er.
Viser kor stort biletet vert som papirbilete i den gjeldande eininga. Dette er den logiske storleiken til biletet. Denne er avhengig av den fysiske storleiken på biletet og skjermoppløysinga.
Viser utskriftoppløysinga for biletet.
Notat | |
---|---|
Kva oppløysingseining som er bruk kan vera avhengig av kva type bilete du har importert. PNG-bilete som har sett oppløysinga, er kjende for å bruka metriske einingar, noko som betyr at du vil sjå pikslar/mm i dette høvet. |
Fargemodellen for biletet.
Viser filnamn og lagringsplass for biletfila.
Storleiken på biletfila.
Viser filformatet på biletfila.
Viser kor mykje plass biletet og biletjournalen tar opp i minnet (RAM).
Viser kor mange gonger du har angra, og kor mykje plass dei tar i minnet. Du kan finna nærare informasjon om dette i dialogvindauugetangrelogg.
Viser kor mange gjentakingar du har gjort og kor mykje plass dei tar i minnet.
Bra tald!
Denne fana viser kva fargeprofil biletet er lasta inn i GIMP med.