3.3. Fargeovergangsverktøyet

Figur 12.19. Symbolet for “fargeovergang” i verktøyskrinet

Symbolet for fargeovergang i verktøyskrinet

Dette verktøyet fyller i normalinnstillinga eit område med ein gradert fargeovergang mellom forgrunns- og bakgrunnsfargane, men det inneheld fleire andre metodar for fargeovergangar. For å lage ein overgang, drar du markøren i den retninga du ønskjer blandinga skal gå og slepp museknappen når du meiner plasseringa og storleiken er passeleg. Dess kortare distanse for blandinga, dess hardare vil overgangen bli.

Ved første augnekast kan det sjå ut som dette verktøyet er heilt overveldande. Les dette kapitlet og prøv deg fram med resten. Du lærer etter kvart. Dei to viktigaste innstillingane er Fargeovergang og Form. Klikkar du på overgangsvindauget vil det koma fram ei utval av ulike fargeovergangar som du kan velje mellom. Du kan også lage dine eigne overgangar. Du kan finne meir om fargeovergangar i Seksjon 10, “ Fargeovergangar og Seksjon 3.4, “ Dialogen for fargeovergangar.

Du har 11 ulike former å velje mellom: Lineær, bilineær, radial, firkanta, konisk (symmetrisk), konisk (usymmetrisk), formfyll (vinkla), formfyll (sfærisk), formfyll (prikka), spiral (med klokka) og endeleg spiral (mot klokka). Av desse er kanskje formene “formfyll” dei mest interessante. Desse vil følgje kantane til det markerte området, same kor intrikate dei måtte vere. I motsetnad til dei andre formene, der fargeovergangane er avhengige av kvar du klikkar og lengda og kva retning du drar markøren, er formfyll uavhengig av desse. Du kan klikka og dra kvar som helst på markeringa for å starta prosessen.

[Tips] Tips

Prøv valet “differanse” i modusmenyen. Sjølv med full dekkevne vil du kunne oppnå fantastiske resultat, ulike for kvart forsøk.

3.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyFargeovergang,

  • Ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen L.

3.3.2. Tastekombinasjonar (Standardinnstillingar)

Tastesnarveg

Tasten L vil endre det aktive verktøyet til fargeovergangsverktøyet.

Ctrl

Ctrl-tasten blir brukt til å lage rette linjer avgrensa til 15º absolutt vinkel.

3.3.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.20. Innstillingane for verktøyet “fargeovergangar

Innstillingane for verktøyet fargeovergangar

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) symbolet i verktøyskrinet

Dekkevne

Glidebrytaren for dekkevne bestemmer kor gjennomsiktig fyllinga skal vere. Verdien 100 gir ei fullstendig ugjennomsiktig fylling medan 0 gir ei fullstendig gjennomsiktig (transparent) fylling.

Modus

Modus bestemmer korleis fargane i overgangen skal blandast med fargane i laget. Du kan velja modus i nedtrekksmenyen. Sjå meir om ulike modus og elsempel på bruken av dei i Seksjon 2, “ Lagmodus.

Fargeovergang

Du kan her henta fram ei utval av ulike fargeovergangar som du kan velje mellom. Til vanleg skifter fargen frå forgrunn til bakgrunn i den retningen du drar markøren. Markerer du for feltet Revers, vil fargane skifta frå bakgrunn til forgrunn.

Forskyving

Denne skyvebrytaren bestemmer kor “bratt” fargeovergangen mellom to fargar skal vere. Talet på brytaren bestemmer kor langt frå klikkpunktet fargeovergangen skal byrja.

Figur 12.21. Eksempel på forskyving

Eksempel på forskyving

Øvst: forskyving = 0 ; Nedst: forskyving = 50%


Form

I GIMP har du 11 ulike former for fargeovergangar å velje mellom. Desse er nærare omtalte nedanfor.

Lineær

Denne overgangen byrjar med forgrunnsfargen der den teikna linja di byrjar, og går gradvis over til full bakgrunnsfarge der linja sluttar.

Bilineær

Som lineær, men går i begge retningane ut frå startpunktet. Avstanden er bestemt av stoppunktet. Kan vere nyttig når du t.d. skal farge ein sylinder.

Radial

Denne gir ein sirkel med forgrunnsfargen i midten og bakgrunnsfargen utanfor sirkelen. Kan minne om ei kule utan retningslys.

Kvadrat

Dette er fire former som alle er variantar av kvadratet. Det er Kvadrat, Formfyll (vinkla), Formfyll (rund), og Formfyll (prikka). Alle desse formene legg forgrunnsfargen i sentrum av ein firkant som har senteret der du starta teiknelinja. Lengda på teiknelinja blir halve diagonalen i kvadratet. Dei fire vala med dei noe merkelege namna er ulike måtar å rekna ut fargegraderinga på. Den beste måten å lære skilnadane mellom desse, er rett og slett å prøve alle formene etter tur.

Konisk(symmetrisk)

Denne forma gir kjensla av å sjå ned på toppen av ein kon som blir opplyst med bakgrunnsfargen i ei retning bestemt av retninga på teiknelinja.

Konisk(asymmetrisk)

Denne er svært lik Konisk (symmetrisk), men konen får ein rygg der linja blir teikna.

Spiral

Lager ein spiral med ei breidde bestemt av lengda på teiknelinja. Biletet til venstre viser ein spiral med klokka, medan biletet til høgre viser ein spiral dreia mot klokka.

Gjenta

Du har to modus å velje mellom. Sagtannmønsteret byrjar med forgrunnsfargen og går gradvis over til bakgrunnsfargen for så å starte på nytt med forgrunnsfargen igjen. FG >>> BG, FG >>> BG osv. Det triangulære mønsteret gjer nokolunde det same, men har gradvise overgangar heile vegen. FG >>> BG >>> FG osv.

Utjamning

Utjamning er ein måte å forbetra overgangane på. Sjå meir om dette i ordlista

Tilpassa superutjamning

Dette er ein meir avansert måte for å jamne ut “taggane” som kjem langs ei skrå eller kurva linje i eit digitalt bilete.