10. Fargeovergangar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1945 $ 2006-09-17 KoSt

Figur 7.17. Eksempel på fargeovergangar

Eksempel på fargeovergangar

Ovanfrå og ned: Forgrunn til bakgrunn (RGB); Full saturation spectrum CCW; Nauseating headache; Browns; Four bars


Ein fargeovergang, også kalla “gradient”, er i denne samanhengen eit fargesett arrangert i lineær rekkefølgje. Det enklaste eksemplet på denne bruken finn vi i fargeovergangsverktøyet. Dette verktøyet fyller ei markering med fargar frå ein fargeovergang på ein av dei mange måtane du har valet mellom. Dessutan finst det mange andre bruksområde for fargeovergangane, inkludert:

Å teikne med fargeovergang

Alle dei vanlege teiknereiskapa i GIMP kan også nyttast med fargar frå ein fargeovergang, for eksempel å lage penselstrok som endrar farge undervegs.

Fargeovergangsfilter

Med dette filteret kan du “fargelegga” eit gråskalabilete ved å bytta ut kvar gråtone med ein korresponderande farge. Sjå Fargeovergangsfilter for nærare opplysningar.

GIMP blir levert med mange ferdigdefinerte fargeovergangar. Du kan også lage nye, eller laste inn frå andre kjelder. (Søk på Internett etter “gradient”). Du har full tilgang til alle fargeovergangane frå Fargeovergangsdialogen, som er ein dialog du kan kalla fram når du treng han, eller du kan legge han inn som ei fane i ein annan dialog. Den “aktive fargeovergangen”, brukt i dei fleste fargeovergangsoperasjonane, blir vist i indikatorområdet i verktøyskrinet. Klikkar du på fargeovergangsbiletet, dukkar dialogen for fargeovergangane opp.

Figur 7.18. Å bruke fargeovergangane

Å bruke fargeovergangane

Fire måtar å bruka fargeovergangen “Tropical Colors” på: lineær fyll, forma fyll, eit penselstrok med farge frå ein fargeovergang og eit strøk teikna med diffus pensel og deretter fargelagt med farge frå fargeovergangsfilteret.


Noen nyttige opplysningar om GIMP sine fargeovergangar:

Fargeovergangane som følgjer med GIMP er lagra i systemmappa gradients. Dei fargeovergangane du lagar sjølv, blir automatisk lagra i mappa gradients i den personlege GIMP-katalogen din. Når du startar GIMP, vil alle fargeovergangsfilene, dvs. filer med filutvidinga .ggr), bli lasta inn automatisk. Du kan legge inn fleire katalogar eller mapper i søkevegen GIMP nyttar ved å gå inn på fanen for fargeovergangar på sidene for Datamapper i menyen Innstillingar.

Frå og med GIMP 2.2 kan du også laste inn fargeovergangsfiler i SVG-format. Dette formatet blir brukt av mange program for vektorgrafikk. Alt du treng å gjere er å legge fila i ei av gradients-mappene eller i ein av søkebanene for fargeovergangar.

[Tips] Tips

Du kan finne mange interessante SVG-fargeovergangar på Internett (søk på “gradient”), spesielt i OpenClipArt Gradients [OPENCLIPART-GRADIENT]. Du kan ikkje sjå korleis desse filene ser ut med mindre du har ein nettlesar som støtter SVG-formatet, men du kan i alle tilfelle lasta dei ned.