8.27. Separer

8.27.1. Oversyn

Figur 16.197. Separert til bilete (RGB)

Separert til bilete (RGB)

Originalbiletet

Separert til bilete (RGB)

Separert til bilete, dvs. med Separer til lag avslått. (RGB).


Figur 16.198. Separert til lag (RGB)

Separert til lag (RGB)

Originalbiletet

Separert til lag (RGB)

Biletet separert til lag (RGB)


Denne kommandoen separerer fargane i biletet og oppretter eit biletlag av kvar fargekanal i biletet. Kva desse kanalane inneheld, er avhengig av kva fargemodell (RGB, HSV, CMYK osv.) du bruker. Du kan bearbeide kvart lag for seg og deretter eventuelt setje dei saman igjen med kommandoen kombiner.

8.27.2. Aktivering

  • Du har tilgang til menyvalet frå biletmenyen via FargarKomponentarSeparer

8.27.3. Innstillingar

Figur 16.199. Innstillingane for kommandoen «Separer»

Innstillingane for kommandoen «Separer»

Trekk ut kanalane

I beskrivingane under er Del opp i lag markert som aktiv.

Fargemodell
RGB

Dersom det er merka av for RGB, blir det oppretta eit nytt gråtonebilete sett saman av tre lag (raud, grøn og blå) og to kanalar (grå og alfa).

Denne funksjonen kan vere interessant mellom anna saman med terskelverktøyet. Vidare kan du utføre ulike operasjonar som for eksempel å beskjere, lime inn i eller flytte ein av kanalane. Endeleg kan du bruke eit lag som eit utval eller maske ved å lagra det i ein kanal.

RGBA

Dette er det same som RGB, men det blir i tillegg laga eit alfalag med gjennomsiktsverdiar frå kjeldebiletet. Heilt gjennomsiktige pikslar er svarte og heilt ugjennomsiktige pikslar er kvite.

HSV

Denne funksjonen deler biletet i tre gråskalalag, eit lag for kulør, eit for metning og eit for verdi.

Kanskje litt merkeleg å tenke kulør som gråskala, men laget representerer likevel ulike kulørar. I fargesirkelen er kvit og svart start- og sluttpunktet. Desse representerer raudfarge. Mellomliggjande grånivå tilsvarar mellomliggjande fargar på fargesirkelen slik at mørk grå tilsvarar oransje, mellomgrå tilsvarer grønt og lysegrå tilsvarer magentaraud.

Metning og Verdi: Kvit representerer maksimal metning, dvs. rein farge og maksimal verdi, dvs svært lyst. Motsett representerer svart minimum metning, dvs. kvit farge og minimum verdi, dvs svart.

HSL

Dette valet tilsvarer HSV, men i staden for Verdi inneheld det tredje laget L-komponenten for biletet.

CMY

Med dette valet blir biletet delt opp i tre gråskalalag, eit for gult, eit for magentaraud og eit for cyanblå.

This option might be useful to transfer image into printing software with CMY capabilities.

CMYK

Dette valet er det same som CMY-separasjon med eit ekstra lag for svart

This option might be useful to transfer image into printing software with CMYK capabilities.

Alfa

Dette valet lager eit ekstra bilete ut frå data for gjennomsikt lagra i alfakanalen i kanaldialogen. Ein fullt gjennomsiktig piksel blir svart og ein fullstendig ugjennomsiktig piksel blir kvit. Delvis gjennomsikt blir representert med ulike gråtoner.

LAB

Også med dette valet blir det laga tre gråskalalag. Laget «L» ut frå lysstyrke (luminans), laget «A» ut frå fargar mellom raud og grøn og laget «B» ut frå fargane mellom blå og gul.

LAB er ein fargemodell i familien Luminans - farge. To kanalar blir brukte for å styre farge og ein kanal styrer lysstyrken. Dette er ein fargemodell som blir brukt av Photoshop.

YCbCr

I GIMP er det fire versjonar av YCbCr-oppdeling, med ulike, faste verdiar. Kvar versjon deler biletet opp i tre gråskalerte lag der eitt lag er for luminans (lysstyrke), eitt for blått og eitt for raudt.

Fargemodellen YCbCr, også kalla YUV, bli nå brukt i digital video, men blei opphaveleg utvikla for PAL analog video. Modellen byggjer på at det menneskelege auget er meir følsamt for lysstyrke enn for fargar. I YCbCr-oppdelinga blir biletet separert etter ei omformingsmatrise der innstillingane er tilrådd av ITU ((International Telecommunication Union).

Del opp til lag

Dersom det er markert for dette valet, vil det bli laga eit nytt gråskalabilete sett saman av tre lag. Kvart av laga representerer ein av kanalane i vald modus (RGB, HSV osv.). Dersom dette valet ikkje er avmerka, blir det i staden laga tre separate bilete med ulike namn.

Bruk forgrunnsfargen som registreringsfarge

Døme 16.1. Innrettingsmerke

Originalbiletet

cyan-komponenten

svart-komponenten

(Magenta- og gulkomponentane er ikkje tatt med her).


Dette valet kan brukast for å lage innrettings- eller beskjeringsmerke felles for alle laga. Pikslar som har same farge som forgrunnsfargen i verktøykassa blir sett til kvitt i alle komponentane (laga) i det separerte biletet. Når du set inn eit slikt merke, bør det såleis helst vere i ein farge som ikkje finst andre stader i biletet. Eit lite kryss i kvart hjørne kan markere beskjeringa av biletet eller bli brukt for å kontrollere at alle trykkplatene er korrekt innretta.