I denne bolken kan du finna hjelp om postane i menyen .
                 
               | 
              Notat | 
|---|---|
| 
                 Kan hend du finn andre punkt på denne menyen enn dei som vert omtalte her. Desse er ikkje ein del av GIMP, men er lagt inn av programtillegg ("plug-ins") du, eller andre, har installert. Du kan finna nærare informasjonar om desse funksjonane i dokumentasjonen til programtillegget.  | 
            
Dei GEGL-baserte filtera i -menyen har fleire innstillingar felles. Nokre av desse instillingane vert viste berre i spesielle samanhengar.
                Forvala er ein rask måte å velja tidlegare lagra innstillingar for filteret du brukar. Viss du har lagra forval tidlegare, kan du velja dei frå lista eller du kan du lagra dei gjeldande innstillingane ved å trykkja knappen «+».
Knappen 
 opnar ein fanemeny:
som let deg Importera innstillingar frå fil eller Eksporter innstillingar til fil og gje deg tilgang til dialogvindauget for å handsama innstillingane for lagring:
                         
                       | 
                      Notat | 
|---|---|
| 
                         Nedtrekkslista for inngangstypar er synleg berre når eit utval er aktivt og filteret tillét at du vel inngang.  | 
                    
Bruk utvalet som inngang: Viss dette valet er merkt, vil filteret bruka berre pikslar inne i utvalet som inngang for filteret.
                      Bruk heile laget som inngang: Viss denne er merkt, vert heile laget brukt som inngang for filteret. Utgangen vil påverka berre utvalet. Laget utføre utvalet vert uendra.
                      
                         
                       | 
                      Notat | 
|---|---|
| 
                         Nedtrekkslista for klipping er synleg berre når det gjeldande laget har ein alfakanal, ingen utval er aktive og filteroperasjonen kan endra lagstorleiken.  | 
                    
Denne innstillinga bestemmer kva som skal gjerast når resultatet av filteret vert større enn det opphavlege laget.
Juster: Storleiken på laget vert endra automatisk når det er nødvendig. Dette er standard.
Klipp: Resultatet vert klipt til laggrensene.
Når du utvidar dette valet ved å klikka plussen (+) kan du velja kva blandemodus og gjennomsikt som skal brukast når du tek i bruk filteret. Desse arbeider på same måten som innstillingane for lagblanding.
                Førehandsvis: dette valet er som standard merkt av og viser endringane direkte på lerretet..
Delt vising: viss det er merkt av for denne, vert biletvindauget delt i to. Den venstre sida viser filtereffekten medan den høgre delen viser originalbiletet utan filteret.
                               
                             | 
                            Notat | 
|---|---|
| 
                               Du kan klikka og dra delelinja for å flytta ho. Trykk Ctrl-tasten medan du dreg for å gjera linja vassrett eller for å setja ho tilbake til loddrett.  |