8.24. Kombiner

8.24.1. Oversyn

Figur 16.191. Eksempel på bruk av kommandoen

Eksempel på bruk av kommandoen

Originalbiletet (Separert RGB)

Eksempel på bruk av kommandoen

Etter bruk av kommandoen «kombiner»


Denne kommandoen set saman eit bilete frå gråskalabilete som t.d. kan vere dei einskilde komponentane (RGB, HSV osv.) laga ved hjelp av kommandoen Separer.

8.24.2. Aktivering

  • Du har tilgang til menyvalet frå biletmenyen via FargarKomponentarKombiner

8.24.3. Innstillingar

Figur 16.192. Innstillingane for kommandoen «Kombiner»

Innstillingane for kommandoen «Kombiner»

Kombiner kanalane

Her bestemmer du kva fargemodell som skal brukast. Du finn nærare forklaringar på neste side under kommandoen separer.

Kanalrepresentasjon

Her kan du velje kvar dei ulike fargekanalane skal hente informasjonen frå. Normalinnstillinga er at fargeinformasjonen blir henta frå det same laget som fargen blei separert til, men du kan gjerne bytte rundt på dette.

Figur 16.193. Eksempel på kanalrepresentasjon: bytt to kanalar

Eksempel på kanalrepresentasjon: bytt to kanalar

Originalbiletet

Eksempel på kanalrepresentasjon: bytt to kanalar

Separert til lag

Eksempel på kanalrepresentasjon: bytt to kanalar

Lagt til representasjon

Eksempel på kanalrepresentasjon: bytt to kanalar

Samansett bilete


Maskeverdi: I staden for å velje eit lag eller eit bilete som kjelde for kanalen, kan du gi kanalen ein verdi frå 0 til 255. Likevel må minst ein av kanalane bli laga ut frå eit lag eller eit bilete.

[Tips] Tips

Du kan få mange interessante fargar dersom du bruker ulike fargemodellar når du deler opp og set saman igjen eit bilete. For eksempel at biletet blir separert som RGB og sett saman att som LAB. Bare prøv!