Tillegg A. Historia til GIMP

Innhald

1. Den spede starten
2. GIMP sine første dagar
3. Det store steget ut i verda
4. Versjon 2.0
5. Kva er nytt i Gimp 2.2?
6. Kva er nytt i GIMP 2.4?
7. Kva er nytt i Gimp 2.6?
8. Kva er nytt i GIMP 2.8?

1. Den spede starten

Då Peter Mattis og Spencer Kimball, opphavsmennene til GIMP, gav ut GIMP 0.54 fortalde dei denne historia:

GIMP steig fram frå oska etter eit forferdeleg dårleg laga cs164 (compiler) prosjekt. Ramme: Tidleg morgon. Vi var begge trøytte av mangel på svevn og stresset med å programmere ein compiler i LISP. Grensene for tålmodet vårt var overskride for lenge sidan, men det heldt likevel.

Då hende det forferdelege. LISP gjekk amok då det ikkje greidde å fordele dei 17 MB det trengde til ein analysemodul for enkel grammatikk i yacc. LISP spytta ut programkjerner. Ein utruleg augneblink. Noen grusamme sekund, og heile prosjektet vårt hadde dampa bort. Vi måtte berre skriva eit eller anna. Same kva det var, berre det var brukbart til eitkvart. Noko i C. Noko som ikkje trengde nøsta lister for å representere eit bitkart. Slik vart GIMP født.

Liksom ein fugl Føniks kom det eit strålande nytt liv ut av dei brende restane av LISP og yacc. Ideane flaug, avgjerder blei tatt. GIMP var i ferd med å ta form.

Målet var å lage eit biletbehandlingsprogram. Eit program som i det minste skulle gjere det mindre nødvendig å bruke kommersielle program under «Windoze» og «Macintoy». Eit program som skulle innehalde dei verktøya andre teikne- og biletbehandlingsprogram mangla. Eit program som skulle hjelpe til å halda oppe den lange tradisjonen med gode og gratis UNIX-appliksjonar.

Seks månadar seinare hadde vi kome fram til ein tidleg betaversjon. Vi ville frigje programmet nå for å kunne byrja å gjere programmet kompatibelt og å tilpassa det ulike plattformar. Vi meinte programmet var absolutt brukbart, og ønskte at andre, interesserte programmerarar kunne lage programtillegg (plug-ins) og støtte for ulike filformat.