6. Kva er nytt i GIMP 2.4?

Forbetra utsjånad

Det er utvikla eit heilt nytt sett med ikon-tema for 2.4. Desse følgjer designretningslinjene for «Tango». Dermed vil GIMP ha nokolunde same, velpolerte utsjånad anten du brukar Windows, Mac OS X eller Linux (GNOME, KDE eller Xfce).

Figur A.1. Ny utsjånad på verktøykassa i GIMP 2.4

Ny utsjånad på verktøykassa i GIMP 2.4

Dei nye symbola er tilpassa til å brukast også på mørke bakgrunnar, noko som er mykje brukt av digitalkunstnarar.

Ønskjer du eit meir avmetta fargetema, kan du prøve ikontemaet frå [JIMMAC01].

Skalerbare penslar

Verktøyinnstillingane inneheld nå ein glidebrytar der du kan bestemme storleiken på verktøyspissane, både parametriske penslar og biletpunktpenslar. Dermed er eit sterkt ønskje frå mange brukarar av GIMP oppfylt.

Figur A.2. Skalerbare penslar i GIMP 2.4

Skalerbare penslar i GIMP 2.4

Om du brukar ein pikselbasert pensel, ein parametrisk pensel eller ein biletpensel, kan du nå bestemma penselstorleiken anten med glidebrytaren i verktøyinnstillingane eller frå eksternt utstyr som for eksempel ein MIDI-glidebrytar eller med USB-utstyr som t.d. Griffin Powermate.

Utvalsverktøya

Utvalsverktøya er heilt nyskrivne. Nå kan du forandra storleik på eksisterande utval. Rektangelutvalet kan nå setjast til å ha avrunda hjørne, noko som er mykje brukt på nettsider.

Figur A.3. Utvalsverktøya i GIMP 2.4

Utvalsverktøya i GIMP 2.4

Læringskurva er gjort midre bratt ved at alle nøkkelfunksjonane er tilgjengelege utan obskure tastesnarvegar som forvirra nybyrjaren. Dei fleste snarvegane er framleis tilgjengelege, men funksjonane er også anten tilgjengeleg frå verktøyinnstillingane, eller er unødvendige på grunn av dei nye interaktive kontrollane for flytting og storleiksendringar.

Sjølv om verktøya er nyskrivne for å gjere dei lettare å bruke, er alle dei gamle funksjonane til stades. Du kan framleis velje om du vil låse sideforholdet eller bestemme faste storleikar.

Forgrunnsutval

Det nye verktøyet forgrunnutval gjer det enklare å velje ut individuelle objekt. Utveljinga skjer i to steg. Først markerer du eit område som inneheld heile objektet. Deretter teiknar du over det valde området med ein pensel, utan å krysse omrisset for objektet. Slepp opp museknappen og studer resultatet. Dersom du finn mørkeblå flekkar på objektet, teiknar du over desse med penselen for å finjustera utvalet. Når alle blå flekkar er borte, trykker du Enter-tasten og du har eit perfekt utvald objekt.

Innrettingsverktøyet

Sjølv om GIMP har brukt rutenett og hjelpelinjer for å stilla opp komponentar, har innrettinga likevel vorte utført manuelt. Redninga her er det nye verktøyet innrett.

Endringar i menyane

Den mest synlege endringa er at menyen fargar, som gjeld for dei fleste verktøya, er komen til i menylinja. Denne menyen inneheld det meste av verktøy, programtillegg og skript som vert brukte for å justere fargar i RGB- og gråskalabilete og fargepalettar i indekserte bilete. Du kan dermed få tak i funksjonar som nivå og kurver mykje raskare enn før. (Dersom du ikkje definerer eigne tastesnarvegar for desse ved hjelp av snarvegsbehandlaren).

I den nye versjonen av GIMP har nokre menyinngangar og andre funksjonar endra namn og plassering. Også dette for å gjere læringskurva mindre bratt. «RGB-støy» lyder truleg meir forståeleg enn «strø RGB», eller gjer det ikkje? I tillegg er tipsa i statuslinja for programtillegga og skripta til god hjelp. Den norske utgåva av GIMP er nå meir i samsvar med dei språklege retninglinjene for fri programvare.

Støtte for filformat
  • Støtte for Photoshop ABR penselformat.

  • Forbetra lesing og skriving av EXIF-data i JPEG.

  • Import av beskjeringsbanar frå TIFF.

  • Lagmasker kan lagrast til PSD.

  • Støtte for 16/32 bit punktbilete og alfakanal i BMP.

  • Kan opna og lagra 24 bit og Vistaikon.

Redigering i fullskjerm

Nå kan du i tillegg til å førehandsvise bileta i fullskjermmodus, også arbeide på dei i denne visinga. Du har altså størst mogleg bilete til rådvelde samstundes som du kan styre visinga av ulike funksjonar ved å trykke på Tab-tasten.

Når du teiknar eit bilete eller retusjerer eit foto, vil alle distraherande element vere ute av syne når du arbeider i fullskjerm. Det er som å opservere stjerner frå ute i marka i staden for frå ein lysforurensa by.

Fargehandtering og førehandsvising av utskrift

GIMP har nå full støtte for fargeprofilar, noko som gjer det mogleg å modifisere fargane i heile det «digitale mørkerommet».

Figur A.4. Fargebehandling i GIMP 2.4

Fargebehandling i GIMP 2.4

Nytt beskjeringsverktøy

På same måten som utvalsverktøya, er også beskjeringsverktøyet forbetra. Handtaka i kvart hjørne vert nå berre brukte til å endra storleik på beskjeringsområdet i staden for som tidlegare, også å flytte sidene. Verktøyet arbeider nå meir på same måten som dei andre verktøya i GIMP. Du kan finna meir om dette i Del 4.4, “Beskjering”.

Du flytter handtaka ved å klikke i rutene og dra dei dit du ønskjer, oppover, nedover eller på skrå. Det området som vert skore bort er markert passapartoutliknande med ein mørkare farge slik at det vert enklare å sjå verknaden av verktøyet.

Fjern raude auge

Sjølv om det finst ein heil del oppskrifter for å fjerne raude auge, har GIMP nå innført eit automagisk filter for å fjerne raude auge frå bileta dine.

Helbredingspensel

Dette er eit nytt verktøy, noko liknande kloneverktøyet, og vert brukt til å fjerna småfeil som riper og støv på ein rask og enkel måte. Verktøyet finn ofte ut sjølv ut frå samanhengen i biletfargane kvar feila er og korleis dei kan reparerast.

Perspektivkloning

Dette kloneliknande verktøyet er i stand til å finne geometriske retningar, i motsetnad til helbredverktøyet som finn fargar, og tilpasse seg desse ved hjelp av førehandssette innstillingar for forvrengningar. Som namnet seier, er dette verktøyet perfekt for å klone blokker med ei eller anna form for perspektivendring.

Linsefeil

Ein nokså vanleg feil på fotografi, spesielt ved billege objektiv, er er puteforvrenging (også kalla tønneforvrenging) og vignettering (at midten av biletet er for lyst i høve til hjørna, eller at hjørna er for mørke i høve til resten av biletet). Heldigvis stiller GIMP her opp med eit heilt nytt filter for å kompensere for begge desse. Det er vår oppgåve å berge fotografens lommebok! Du finn filteret på FilterForvrengningarObjektivfeil.

Fleire andre forbetringar

I tillegg til dei forbetringane nemnde ovanfor, er det gjort ein del andre forbetringar i GIMP, som for eksempel:

  • Betre statusinformasjon for verktøya i statuslinja i biletvindauget.

  • Ulike optimeringar i figurfunksjonar og ved bruk av fargeovergangar.

  • Førejandsvisingane for filter og andre programtillegg kan forstørrast.