7. Kva er nytt i Gimp 2.6?

GIMP 2.6 er ein milepel sett frå utviklarane si side. Ein del av endringane i utsjånaden er gjort ut frå brukarane sine ønskje. Det er også lagt inn nokre forsøk på å integrere GEGL, ei grafisk basert bilethandtering, som eventuelt kan føra til at GIMP kan brukast for å redigere høgoppløyselege bilete på ein ikkje-destruktiv måte.

Brukargrensesnittet

Menylinja i verktøykassa er fjerna

Menylinja i verktøykassa er fjerna. Menyoppføringane som var der er sett inn i menyane i biletvindauget. For å kunnae visa menyane og for å halda GIMP aktiv sjølv om det ikkje er nokre opne bilete i programmet, vart det oppretta eit såkalla tomt bilete. Dette tomme biletet kan også brukast til å klikke og dra bilete inn i GIMP. Når det vert opna eit bilete, vert det tomme vindauget endra til eit vanleg biletvindauge. Det tomme biletvindauget dukkar fram igjen når du lukker det siste vindauget.

Figur A.5. Ny utsjånad på biletvindauget i GIMP 2.6

Ny utsjånad på biletvindauget i GIMP 2.6

Verktøykassa og samlevindauga er bruksvindauge

Sidan det tomme biletvindauget er vald som det naturlege hovudvindauget, er verktøyvindauget og samlevindauga endra til normalt ikkje å ha menyar og andre ekstra eigenskapar. Dette gjer at vindaugehandteraren får ein enklare jobb, og difor kan handtere vindauga i GIMP på ein betre måte. Verktøyvindauget og samlevindauga er fjerna frå oppgåvelinja nedst på skjermen, og vil alltid ligge over biletvindauga.

Høve til å rulle forbi biletgrensene

Du kan nå navigera utanfor biletkantane. Nå er det problemfritt å bruke penslar langs biletkanten sjølv om biletet fyller heile vindauget. Dersom biletet er dekka av eit anna vindauge, kan du flytta biletet slik at den gøymde delen vert synleg og du kan arbeida vidare på han.

Figur A.6. Kan rulle forbi grensene

Kan rulle forbi grensene

Mindre endringar
  • Namnet på menyen «Dialogar» er endra til «Vindauge».

  • Lagar ei liste over tidlegare lukka samlevindauge slik at du kan opna desse på nytt.

  • Å opna bilete i ei opna økt av GIMP er nå forbetra i Windows.

  • Du kan skrive inn forstørringsgraden direkte i statuslinja.

  • Du kan nå bruke hjelp frå nettet i staden for frå den lokale hjelppakka.

  • Høve til å låse faner i samlevindauga slik at dei ikkje vert flytt ved eit uhell.

Verktøy, filter og programtillegg

Forbetra frihandsutval

Frihandsutvalet (lassoen) er forbetra ved at det nå også kan lage polygonutval. Polygonsegmenta kan blandast med frihandssegmenta. Du kan redigere eksisterande element, legge til vinkelavgrensingar og sjølvsagt utføre dei vanlege operasjonane for utvalsverktøya som å legge til eller trekke frå område. Dette gjer frihandsverktøyet til eit allsidig og nyttig verktøy som ikkje minst er enkelt å bruke.

Figur A.7. Polygonutval

Polygonutval

Penseldynamikk

Ved hjelp av innstillingane for penseldynamikk kan du bestemme fleire ulike penselparametrar, i det minste storleik og dekkevne. Du kan som regel bruke eit eller fleire av parametra trykk, fart og tilfeldig. Dei to siste også med datamusa. Blekkverktøyet (pennen) har nå fått forbetra dei fartsavhengige teiknemåtane.

Figur A.8. Penseldynamikk

Penseldynamikk

Avkryssingsboksen for penseldynamikk i innstillingane for teikneverktøya har ein del nye val for å emulere penseldynamikken for desse verktøya. Dette betyr at når du strekar opp med ein pensel, vil både penseltrykket og penselfarten variere. Trykket vil til å byrje med vere svært lett og vil auke til full trykk for deretter å gå ned til null trykk igjen. Penselfarten vil starte frå null og auke til full fart ved slutten av strøket.

Mindre endringar
  • Det er lagt til ein avgrensingsboks for tekstverktøyet med automatisk linjebryting.

    Figur A.9. Innrammingsboks for tekstverktøyet

    Innrammingsboks for tekstverktøyet

  • Flyttehandtaka for rektangulære verktøy vert nå flytt til utsida av rektangelet når dette er lite.

    Figur A.10. Rektangelhandtak

    Rektangelhandtak

  • Flytteverktøyet har nå fått nokre rørslegrenser.

  • Forbetra utglatting for teikneverktøya.

  • Midten av rektangelet vert nå markert under flytting og kan festast til hjelpelinjer og linjalar.

  • Gjort varierande penselbreidde tilgjengeleg for utgnidingsverktøyet.

  • Nå kan du lagra innstillingar du ofte brukar for alle fargeverktøya.

  • Høve til å overføra innstillingane for «Lysstyrke - Kontrast» til «Nivå» og frå «Nivå» til «Kurver»

  • Høve til å endre dekkevne i førehandsvisingane av transformeringsverktøya.

  • Det er nå råd å ta med musepeikaren på skjermbilete ved (hjelp av «Xfixes»).

  • Sideforholdet for beskjeringsverktøyet og rektangelutvalet vert viste i statuslinja.

  • Avmetting vert førehandsvist direkte.

  • Filteret «Flamme» er utvida med 22 nye variasjonar.

  • Datamappene vert nå gjennomsøkt rekursivt t.d. etter nye penslar.

  • Programtillegget for å importere PSD er nyskrive og utvida. Programmet kan m.a. nå lese ICC fargeprofilar.

  • Fleire av skjermbileta bruke «cairo» visingar.

    Figur A.11. Samanlikning mellom 2.6 og 2.4

    Samanlikning mellom 2.6 og 2.4

Under lokket

GEGL

Det er gjort viktige framsteg for å kunna redigere bilete med stor biletdjupn på ein ikkje-destruktiv måte i GIMP. Dei fleste fargeoperasjonane i GIMP vert nå køyrde via det kraftige biletbehandlingssystemet GEGL [GEGL]. Dette betyr at dei interne prosessane vert utført i 32-bits fluttal i lineær RGBA. Normalinnstillinga er likevel at bileta vert handsama i 8-bits kode, men den nysgjerrige brukaren kan kopla inn GEGL med «Fargar / Bruk GEGL

I tillegg til å køyre fargeoperasjonar via GEGL, er det lagt inn nokre eksperimentelle GEGL-verktøy i verktøymenyen. Desse kan brukast til ulike GEGL-operasjonar der resultatet vert vist direkte på skjermen. Skjermbiletet nedanfor syner dette for gaussisk sløring.

Figur A.12. GEGL-operasjon

GEGL-operasjon

Mindre endringar

Mange skjermelement brukar nå 2D-grafikken «cairo» ([CAIRO]) for å forbetra utsjånaden. Sjå denne samanlikninga som viser forbetringa.

Forskjellig

Utvikling av programtillegg

Programutviklarane vil finna nye ting å gleda seg over. Nå kan det t.d. leggjast inn detaljerte feilbeskrivingar slik at dersom det oppstår feil kan desse vistast for brukaren.

Skripthandteringa er forbetra i GIMP 2.6.

Bakoverkompabilitet

Ein del eldre skript kunne ikkje køyrast på GIMP 2.4. Desse er nå forbetra slik at skript frå 2.0 og 2.2 skal kunne brukast på 2.6.

Kjende problem
  • Hinta i bruksvindauge verkar frå og med GIMP 2.6.1 berre tilfredsstillande på skrivebordet for Linux GNOME og Windows.

  • Framleis er ikkje tekstverktøyet så godt som det burde. Dette vert ei oppgåve for GIMP 2.8.

  • Dersom du bygger GIMP sjølv utan å ha støtte for GVfs, må du leggja inn «--without-gvfs» under oppsettinga for å kunne opna eksterne filer. Utan denne kommandoen kan det verta problem med å opna eksterne filer.