8. Kva er nytt i GIMP 2.8?

GIMP 2.8 er ein annan viktig milepæl sett frå utviklarane si side, endåtil meir enn 2.6 var. Eit sterkt ønskje om å kunne arbeida i enkeltbile-modus er nå oppfylt. Samordninga med GEGL-biblioteket er også forbetra og dekker nå over 90 % av GIMP-kjernen. Det er lagt til eit nytt, kraftig transformeringsverktøy, laggrupperingar, nye felles val, nye penslar, forbetra tekstverktøy og ein del til.

Brukargrensesnittet

Nytt enkeltvindaugemodus

Med denne nye funksjonen er det no råd å arbeida med alle dialogvindauga i GIMP inne i eit stort vindauge, som oftast med biletet eller bileta midtstilte i vindauget. Ingen flytande panel eller verktøykasser, men dialogvindauga kan verta sette opp inne i det enkle vindauget. Det er råd å slå av eller på denne modusen sjølv under arbeid med bilete. Valet du gjer vert hugsa gjennom heile økta.

Figur A.13. Den nye utsjånaden på enkeltvindauge-modus

Den nye utsjånaden på enkeltvindauge-modus

Nye rutinar for lagring

«Lagra» og «Lagra som» verkar nå berre med xcf-formatet. Vil du lagra bileta i andre format som jpg eller png, må du eksportere dei. Dette forenklar arbeidet med lagringa og gjer det enklare å overskrive originalfila eller å eksportere til mange andre format.

Figur A.14. Ny arbeidsgang ved arbeid med bilete

Ny arbeidsgang ved arbeid med bilete

Den nye biletlinja

I enkeltvindaugemodus finn du nå ei ny biletlinje der du enkelt kan byte mellom opne bilete frå ein fanestolpe med miniatyrar av bileta.

Figur A.15. Den nye biletlinja

Den nye biletlinja

Nye skjermarrangement

GIMP gjer brukarane med to skjermar (éin for dialogvindauge og éin for bilete) lukkelege. Det er nå råd å arrangere vindauga over kvarandre, i faner eller i kolonnar etter eige ønskje.

Figur A.16. Samlevindauge i fleire kolonnar

Samlevindauge i fleire kolonnar

Nye resurstaggar

Penslar, fargeovergangar, mønsterelement og palettar i GIMP kan nå grupperast og leitast opp ved hjelp av taggar. Taggane er tekstmerkelappar som brukaren kan setje på ulike funksjonane slik at det er lett å finne igjen ved hjelp av tekstboksar. Taggane kan tilordnast manuelt i den same tekstboksen som vert brukt for søking, men dei kan også tilordnast automatisk ved å bruka mappenamnet til dei importerte elementa.

Figur A.17. Resurstaggane

Resurstaggane

Enkel matematikk i innskriving av storleikar

Skjermelementet som vert brukt for å skriva inn storleikar som høgd, breidd og x-y koordinata er forbetra. For eksempel kan du nå skriva inn «50%» i skaleringsvindauget for breidda for å skalere breidda 50%. Det er også råd å bruke matematiske uttrykk som «30in + 40px» og «4 * 5.4in».

Figur A.18. Matematikk i innskriving av storleikar

Matematikk i innskriving av storleikar

Mindre endringar
  • Den nye Lås pikslar-funksjonen i lagdialogvindauget kan vere nyttig for å hindra uønskte endringar når du arbeidar med mange lag.

    Figur A.19. Det nye valet Lås pikslar

    Det nye valet Lås pikslar

  • Now you can move between images in single and multi window mode using the shortcuts Ctrl+Page Up/Page Down or Alt+Number.

  • Du kan nå bruka F2 for å gi elementa i ei liste nytt namn.

  • Du kan nå bruke Alt + Click på laga i lagdialogen for opprette eit utval frå laget. Også endringstastane Click, Shift og Ctrl + Shift verkar. Dette gjer det enklare å legge til nytt innhald i eit lag basert på innhaldet i andre lag utan å gå omvegar.

  • Sidan tastesnarvegane Ctrl + E og Ctrl + Shift + E er omdefinerte til bruk ved bileteksport, er det sett opp nye snarvegar for Tilpass vindauget, Ctrl + J, og Tilpass til vindauget, Ctrl + Shift + J.

  • Menyvalet VindaugeGøym samlevindauga som gjer det same som «Tab» gjer men i tillegg viser status som nå held fram gjennom øktene er lagt til.

  • Lagmodus er nå omforma i meire logiske og brukbare grupper basert på effekten dei har på samansetjinga av laga. Såleis vert alle laga som gjer biletet lysare samla i ei gruppe og lagmodus som gjer samansetjinga mørkare i ei anna gruppe osv.

  • I multivindauge-modus kan du nå lukka verktøykassa utan å lukka GIMP.

  • Kan nå knytte vilkårlege hendingar til ekstra museknappar.

  • Det er nå råd å velje språk for programmet direkte frå brukarinnstillingane.

Verktøy, filter og programtillegg

Eit nytt verktøy: bur-transformering

Med dette nye verktøyet er det råd å endra forma på eit utval ved å flytta kontrollpunkta i ei vektorramme. Dette er eit resultat frå ein av våre studentar på «Google Summer of Code 2010».

Figur A.20. Fri formendring ved hjelp av buret

Fri formendring ved hjelp av buret

Forbetra tekstverktøy

Tekstverktøyet er forbetra slik at det nå er råd å skriva teksten direkte inn i biletet der han skal vere og å endra innstillingane for kvar einskild bokstav.

Figur A.21. Forbetra tekstverktøy

Forbetra tekstverktøy

Nye laggrupper

Det er nå råd å gruppera lag og handsama dei som éi eining. Du kan såleis slå visinga av laggruppa av og på eller flytte heile grupper i lagdialogvindauget. Det er enkelt å leggja til eller trekka frå eksisterande lag til eller frå ei laggruppe og å opprette eller slette eit lag i gruppa. Du kan faktisk også oppretta nøsta grupper, altså leggja ei gruppe inn i ei anna gruppe. Endeleg er det også mogleg å leggja lagmodus til ei heil gruppe på same måten som det vert gjort for eit enkelt lag. Alle desse eigenskapane gjer det enklare å handsama bilete med mange lag.

Figur A.22. Nye laggrupper

Nye laggrupper

Roterande penslar

Du kan nå rotera penslane direkte frå innstillinga «Vinkel».

Figur A.23. Roterande penslar

Roterande penslar

Mindre endringar
  • Det er nå råd å endra fargen for snarmaska.

  • HTV-modus (å skrive frå høgre til venstre) er forbetra i tekstverktøyet.

  • Du kan velje språk i tekstverktøyet. Dette kan vere til hjelp når ein skal velje skrifttype eller skriftbilete som passar det valde språket.

  • Beskjeringsverktøyet har fått diagonale hjelpelinjer

  • Lagt til «femdeling» som hjelpelinjer i beskjeringsverktøyet.

  • Det er lagt til Cairo-basert PDF-eksport. Denne er nokså enkel, men lagrar tekst i ei PDF-fil og prøver å konvertere alle bilete til vektorobjekt.

  • Penseldynamikken er forbetra.

  • Lagt til programtillegg for å laste inn JPEG2000-bilete.

  • Lagt til programtillegg med støtte for import og eksport av X11-muesemarkør.

  • Lagt til støtte for import og eksport av OpenRaster (.ora).

  • Lagt til støtte for RGB565 i programtillegget csource.

  • Lagt til ein ny kommando i «Hent inn» for å lasta ei nettside direkte inn i GIMP ved hjelp av «Webkit».

Under lokket

GEGL

Portinga av GIMP-kjernen mot den nye høg-bit-djupna og ikkje-destruktiv GEGL-redigeringsbiblioteket [GEGL] har gjort eit stort hopp, og nå er meir enn 90 % fullført.

I tillegg til å køyre fargeoperasjonar via GEGL, er det lagt inn eit eksperimentelt GEGL-verktøy i verktøymenyen. Dette kan brukast til ulike GEGL-operasjonar der resultatet vert vist direkte på skjermen. Skjermbiletet nedanfor syner dette for gaussisk sløring.

Figur A.24. GEGL-operasjonar

GEGL-operasjonar

Cairo-porting

Prosessen med å porte all verktøyteikninga på lerretet til [CAIRO], som byrja i versjon 2.6, er nå ferdig. Dette forbetrar utglattinga av grafikken og forbetrar utsjånaden GIMP. Nokre programtillegg er også oppdaterte til Cairo. Alle verktøya brukar nå ein framdriftsindikator på lerretet i staden for på statuslinja.

Figur A.25. Framdriftsindikator

Framdriftsindikator

Forskjellig

Endringar i lisensen

GIMP-lisensen er endra til (L)GPLv3+.

Ny skript-API
  • Mange av GIMPs API-ar er ombygde for å gjere det enklare å utvikle nye skript. (API: grensesnitt mellom programma).

  • For å gjere det enklare å laga skript, er det også gjort ein del endringar i API for å kunna bruka laggrupper.

Bakoverkompabilitet

For å omforme dei gamle førehandsinnstillingane for verktøya til det nye formatet, kan du bruka Python-skriptet som kan lastast ned frå GIMP si wiki-side. Det er likevel ikkje råd å få fullt samsvar. Såleis kan penselskaleringa frå 2.6 ikkje konverterast til penselstorleikar i 2.8.

Kjende problem

Arbeid med grafikkbrett kan til tider vere problematisk p.g.a. GTK+2-biblioteket som er brukt. Prøv i tilfelle verson 2.6 eller vent på versjon 3.0 som vil få full støtte for GTK+3.